7.1 Samandrag

7.1.1 Innrapportering frå fiskesalslaga

7.1.1.1 Vurderingar frå departementet

Auka innsats for fastsetjing av riktig skattegrunnlag hos næringsdrivande er ei prioritert oppgåve i skatteetaten. Eit viktig verkemiddel i samband med dette er tiltak for meir effektivt kontrollarbeid. Likningslova er basert på at den einskilde skattytar uoppmoda skal gi nærare angitte opplysningar til likningsstyresmaktene (sjølvmeldingsprinsippet). Erfaringane viser at opplysningane som skattytar gir i sjølvmeldinga, ikkje alltid gir eit tilstrekkeleg grunnlag for rett fastsetjing av formue og inntekt. Dette er bakgrunnen for at likningslova i atskilleg utstrekning pålegg ulike tredjemenn å gi opplysningar om andre sine formues- og inntektstilhøve.

Kontrolloppgåver frå fiskesalslaga vil kunne bidra til å avdekkje inntekt som ikkje er oppgitt. Tilhøva i fiskerinæringa ligg til rette for ei slik oppgåveplikt. All fisk som vert omfatta av råfisklova skal omsetjast gjennom eller med godkjenning av godkjent salsorganisasjon (fiskesalslag). Kontrolloppgåvene skal gis i samband med omsetning i første ledd av råstoff (landa fisk), som deretter vert selt vidare og vert foredla i mange ledd fram til forbrukar. Rapportering av omsetning til skattestyresmaktene vil kunne ha stor preventiv effekt og leie til rett skatt og avgift i fiskerinæringa, etter mønster av den innrapporteringsordninga som har eksistert i landbruksnæringa i mange år. Dette kan bli ein ny giv for å få oversikt over marknaden og kontroll på førstehandsomsetninga i fisket. Dette vil igjen gjere det vanskelegare å drive med svart omsetning utanfor skatte- og avgiftsstyresmaktene sin kontroll. Kontrolloppgåver frå fiskesalslaga vil m.a. kunne brukast til skjønnsfastsetjing av omsetning og avdekking av avvik mellom påstanden til skattytaren og reell omsetning via fiskesalslaga. Kontrolloppgåvene vil også kunne avdekke einingar som omset gjennom fiskesalslag, men som ikkje er registrerte i meirverdeavgiftsregisteret. Opplysningane i kontrolloppgåvene vil òg kunne vere formålstenelege for å vurdere om skattytar har tilstrekkeleg aktivitet for å oppnå særskilt frådrag for fiskarar etter skattelova § 6-60.

Ein stor del av tredjemannsopplysningane som vert levert ukravd etter likningslova kapittel 6, har dei siste åra gått frå å vere kontrolloppgåver til å danne grunnlag for skatteetaten si førehandsutfylte sjølvmelding. Når det gjeld innrapporteringane frå fiskesalslaga, ønskjer skatteetaten å vurdere preutfylling av sjølvmeldinga for næringsdrivande når kvaliteten på kontrolloppgåvene er god nok. Sjølve innrapporteringa vil i hovudsak vere knytt til organisasjonsnummer, og vil som for andre næringar følgje skatteetatens krav til personvern og tryggleik.

Forslaget går ut på at godkjent salsorganisasjon ukravd skal gi opplysningar om all omsetning av råfisk som i førstehand er omsett eller godkjent omsett gjennom salsorganisasjon. Så lenge omsetninga skjer gjennom salslaga, er det ikkje noko skilje mellom norske og utanlandske næringsdrivande. Det vil seie at også omsetning av fisk frå utanlandske fartøy i utgangspunktet skal innrapporterast.

7.1.1.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

I pkt. 7.2.5 i proposisjonen er det gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget. Det vert vist til proposisjonen.

7.1.1.3 Forslag frå departementet

Departementet foreslår ein heimel for å påleggje fiskesalslaga ukravd opplysningsplikt om verdien av all omsetning av råfisk som i første hand er omsett eller godkjent omsett gjennom salsorganisasjon. Ettersom fiskerinæringa må betraktast som ei eiga næring, foreslår ein at føresegna om opplysningsplikt for fiskesalslaga vert teke inn som nr. 7 i likningslova § 6-3. Noverande nr. 7 og 8 vert endra til nr. 8 og 9. Det vert vist til forslag til endringar i likningslova § 6-3. Den nærare reguleringa av oppgåveplikta for fiskesalslaga vert fastsett i forskrift med heimel i likningslova § 6-16. Departementet foreslår at likningslova § 6-16 c vert endra slik at likningsstyresmaktene får heimel til å krevje opplysningane i maskinleseleg form. Ein viser til forslag til endringar i likningslova § 6-16 c. Det vert lagd opp til at fristen for innrapportering vert sett til 31. januar året etter inntektsåret.

Endringane vert foreslått å tre i kraft straks, men med verknad først for innrapportering av omsetning i 2009. Dei første innrapporteringane frå salslaga skal då sendast inn innan 31. januar 2010. Dette gir salslaga og skatteetaten god tid til å planleggje og iverksetje den nye innrapporteringsordninga.

7.1.2 Gebyr ved for seint eller ikkje innlevert lønns- og trekkoppgåve innan fiske- og fangstverksemd

Formålet med å påleggje gebyr er å ha eit effektivt sanksjonsmiddel for å få inn oppgåver i tide og med korrekte opplysningar. Dette må gjelde uavhengig av kven som er oppgåvegivar. Som vist til i høyringsnotat er det ikkje tilsikta at fiske- og fangstnæringa skal ha særlege reglar på dette området. Sjølve oppgåveplikta er gamal også i denne næringa. Levering til rett tid er viktig mellom anna for at opplysningane skal kome med i førehandsutfylt sjølvmelding til dei lønstakarane som oppgåvene gjeld. Departementet foreslår difor at likningslova § 10-8 endrast slik at likningsstyresmaktene kan påleggje gebyr også ved for seint eller ikkje levert oppgåve frå arbeidsgivarar i fiske- og fangstverksemd. Fiske- og fangstnæringa vil dermed bli omfatta av den eksisterande gebyrordninga som gjeld for andre næringar.

Finansdepartementet er klar over at omgrepet "gebyr" ikkje er heilt treffande i denne samanheng. Departementet tek sikte på å gå gjennom skatte- og avgiftslovgivinga for å sjå på moglegheita til å utarbeide ein meir einsarta og hensiktsmessig omgrepsbruk når det gjeld reaksjonar for mellom anna for seint eller ikkje leverte oppgåver.

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha monalege økonomiske og administrative konsekvensar.

7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sine forslag til endringar i likningslova §§ 6-3 nr. 7, 6-16 c og 10-8 nr. 1 første punktum.