2.1 Sammendrag

2.1.1 Innleiing

I tillegg til å gjennomføre direktiv 2004/38/EF i norsk rett, skal lovforslaget gi eit heilskapleg regelverk for utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Ved utforminga av lovforslaget på dette området, har departementet lagt til grunn dei same overordna vurderingane som i dei andre kapitla i 2008-lova, jf. Ot.prp. nr. 75 (2006–2007). Det inneber at lovføresegnene i større grad enn i 1988-lova uttrykkjer prinsippa direkte i lova.

2.1.2 Det saklege verkeområdet

Departementet foreslår ei eiga føresegn i kapittel 13 om det saklege verkeområdet for dei særlege reglane i kapitlet. Departementet viser til lovforslaget § 109 tredje ledd og meiner føresegna gjennomførar direktivet sin artikkel 37 om ikkje-diskriminering. Opphaldsrett etter kapittel 13 skal altså ikkje hindre løyve etter dei allmenne føresegnene.

Som ei klargjering og i samsvar med gjeldande reglar foreslår departementet eit andre ledd i § 109 som uttrykkjer at opphaldsrett gir tilgang til arbeid og sjølvstendig næringsverksemd, jf. artikkel 23.

Departementet meiner artikkel 1 i direktivet blir gjennomført i 2008-lova § 1 utan at det er nødvendig med ein særleg føremålsparagraf i kapittel 13.

2.1.3 Kven er omfatta

Direktivet gjeld kvar EØS-borgar som reiser til eller tek opphald i ein annan medlemsstat enn den staten vedkommande er borgar av, og overfor familiemedlemmer som følgjer eller seinare blir førte saman med EØS-borgaren, jf. artikkel 3.

I framlegget § 110 er det nærare definert kven som har rettar etter kapittel 13. Framlegget til definisjon følgjer stort sett den same oppbygginga og ordlyden som i direktivet. Berre når det gjeld sambuarar, som er foreslått tatt inn som ein del av den ordinære definisjonen, er det skilnad frå direktivet. Dette er ført vidare i 2008-lova. Føresegnene i lovframlegget for familiemedlemmer vil gjelde direkte også for sambuarar.

Når det gjeld EFTA-borgarar, meiner departementet at desse førebels ikkje kan få tilsvarande rettar som EØS-borgarar etter direktivet. Denne avgrensinga gjeld berre for sveitsiske borgarar. Departementet vil gjennom forskrift leggje til rette for at sveitsiske borgarar opprettheld same rettar som dei har i dag etter 1988-lova og forskrifta kapittel 8, og det som følgjer av at også sveitsiske borgarar kan hevde rettar som tredjelandsborgarar, jf. lovforslaget § 110 første ledd.

For andre tredjelandsborgarar er det til ein viss grad mogleg å hevde same rettar som EØS-borgarar og deira familiemedlemmar der opphald skjer som ledd i tenesteyting på vegner av ein EØS-tenesteytar.

EØS-avtalen artikkel 31 gir borgarar av eit medlemsland rett til å etablere seg i eit anna medlemsland. Det er uklart i kor stor grad EØS/EFTA-regelverket gir tredjelandsborgarar i nøkkelstillingar rett til innreise og opphald på lik linje med EØS/EFTA-borgarar. Departementet meiner at det er grunn til å innføre tilsvarande føresegner for denne gruppa som for tenesteytarar nemnt i førre avsnitt. Det er naturleg å fastsetje ytterlegare presiseringar i forskrift.

Departementet viser til lovforslaget §§ 110 og 111.

2.1.4 Opphaldsrett i inntil tre månader

Artikkel 6 i direktivet regulerer opphaldsretten i inntil tre månader for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira. Opphaldsretten for ein EØS-borgar er berre avhengig av at vedkommande har eit gyldig identitetskort eller pass. Familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, og som følgjer eller blir førte saman med ein EØS-borgar, må ha eit gyldig pass.

Opphaldsretten i inntil tre månader utan andre vilkår enn legitimasjonskrav følgjer av gjeldande rett. Departementet har ønskt at det går uttrykkeleg fram av 2008-lova at både EØS-borgarar og familiemedlemmene deira har rett til opphald i inntil tre månader utan andre vilkår enn eit legitimasjonskrav, jf. lovforslaget § 111 første og andre ledd.

Bortfall av opphaldsretten etter artikkel 6 kan aktualiserast, men først når det er tale om ein meir aktiv, systematisk og hyppig bruk av sosialhjelpsordningane i vertslandet. Departementet foreslår ein heimel som gjer det mogleg å definere dette nærmare i forskrift, og ein heimel som opnar for nærmare regulering av utrekning av opphaldstida, jf. lovforslaget § 111 fjerde ledd.

Det følgjer alt av norsk rett at arbeidssøkjarar har rett til utvida opphald utan krav om løyve, jf. 1988-lova § 50, der det er sett ei grense på inntil seks månader. Departementet foreslår å føre vidare denne tidsperioden i ei ny lovføresegn. Samstundes vert det foreslått ei formulering som opnar for ein lengre tidsperiode i særlege tilfelle. Ei slik formulering vil gi eit betre samsvar mellom norsk rett og praksisen til EF-domstolen, og ho vil vere i tråd med føresegnene i direktivet. Departementet foreslår å forskriftsfeste kva som ligg i omgrepet "særlege tilfelle". Sjå lovforslaget § 111 tredje og fjerde ledd.

2.1.5 Opphaldsrett i meir enn tre månader

Innleiing

Opphaldsretten etter direktivet tek utan vidare til å gjelde idet ein fyller vilkåra. Opphaldsretten er som i dag ikkje avhengig av at han er formalisert i ei eller anna form. Ordninga med opphaldsløyve fell bort. Det er opp til kvart enkelt medlemsland om dei ønskjer å innføre ei ordning med registrering for EØS-borgarar. For familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, vil det gjelde ei ordning med opphaldskort.

Ei følgje av dette er at det i utgangspunktet ikkje blir gjort noko enkeltvedtak for å tilkjenne kvar enkelt ein opphaldsrett. Å innføre ei registreringsordning vil ikkje endre dette utgangspunktet. Avgjerda om å skrive ut (eventuelt nekte å skrive ut) registreringsbevis eller opphaldskort vil derfor ikkje vere eit enkeltvedtak. Den praktiske konsekvensen av dette er at forvaltninga må gjere eit bortvisingsvedtak før EØS-borgarar og familiemedlemmene deira eventuelt kan sendast ut av landet på grunn av manglande opphaldsrett. Bortvisingsvedtaket vil vere eit enkeltvedtak som ein på vanleg måte kan klage på. Hovudregelen på EØS-området blir dermed motsett av det som elles følgjer av 2008-lova – der ein i utgangspunktet må ha eit løyve før ein har rett til opphald. Ei anna sak er at det vil vere ein nær samanheng mellom å nekte å skrive ut registreringsbevis eller opphaldskort og å gjere vedtak om bortvising.

Arbeidstakarar og sjølvstendige næringsdrivande

Ein EØS-borgar som er arbeidstakar i vertslandet, har opphaldsrett der. Som i dag gir direktivet opphaldsrett i vertslandet utover tre månader også til EØS-borgarar som er sjølvstendig næringsdrivande.

I nærmare bestemte tilfelle fell ikkje statusen som arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande bort sjølv om EØS-borgaren ikkje lenger er arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande, til dømes når borgaren er mellombels arbeidsufør som følgje av sjukdom eller ulykke eller er ufrivillig arbeidslaus etter å ha hatt lønt arbeid i meir enn eitt år og har registrert seg som arbeidssøkjande.

Statusen som arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande varer også der EØS-borgaren startar ei yrkesutdanning.

Føresegner om dette går fram av lovforslaget § 112 første ledd.

Tenesteytarar o.a.

For å tydeleggjere at også tenesteytarar har rett til opphald utover tre månader, foreslår departementet at dette går uttrykkeleg fram av ordlyden i 2008-lova slik det gjer i dag. Departementet gjev framlegg om dette i lovforslaget § 112 første ledd.

Tilstrekkelege eigne midlar

Direktivet gir som i gjeldande rett ein opphaldsrett utover tre månader til EØS-borgarar som har tilstrekkelege midlar til å forsørgje seg sjølve, og opphaldsrett for familiemedlemmene dersom EØS-borgaren kan forsørgje dei, jf. artikkel 7 nr. 1 bokstav b.

Departementet legg til grunn at grupper, som turistar og personar som tek i mot medisinsk behandling (tenestemottakarar), stort sett ikkje vil opphalde seg i landet i meir enn tre månader. For dei som likevel har eit behov for opphald utover tre månader, meiner departementet det er rimeleg at dei må oppfylle vilkåra i artikkel 7 nr. 1 bokstav b for å ha rett til opphald utover tre månader. I tillegg til å ha eigne midlar må vedkommande også ha ei sjukeforsikring. Sjå lovforslaget § 112 første ledd bokstav c og heimel for nærmare regulering i forskrift i § 112 fjerde ledd.

Studentar

EØS-borgarar som studerer i vertslandet, har som i dag opphaldsrett utover tre månader, jf. artikkel 7 nr. 1 bokstav c. Opphaldsretten har som vilkår at studenten erklærer at underhald er sikra, at vedkommande er teken opp ved ein privat eller offentleg godkjend studiestad, og at det viktigaste formålet med opphaldet er studiar. Gjennomføringa av direktivet vil likevel føre til ei endring fordi direktivet ikkje set opp krav om fagutdanning, mens ein i dag krev yrkesretta utdanning.

Av lovforslaget § 112 første ledd bokstav d går det fram at det er et krav at utdanninga skal vere ved ein godkjent utdanningsinstitusjon. I § 112 fjerde ledd er det ein heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift om kven som er godkjent utdanningsinstitusjon.

2.1.6 Rett til vidare opphald for familiemedlemmer som er EØS-borgarar

Der opphaldet til familiemedlemmen er avleidd, fell opphaldsretten i utgangspunktet bort dersom opphaldsretten til EØS-borgaren (hovudpersonen) fell bort. Dette kan verke urimeleg i ein del situasjonar. Fortalen i direktivet peiker på at det av omsyn til familielivet og den menneskelege verdigheita er nødvendig å sikre høvet til vidare opphald for familiemedlemmer på visse vilkår dersom EØS-borgaren døyr eller reiser ut frå vertslandet, når ekteskap blir oppløyst eller partnarskap avslutta. Slikt vidare opphald kan ein på nærmare bestemte vilkår gi både til familiemedlemmer som sjølve er EØS-borgarar, og til tredjelandsborgarar.

Departementet gjer i lovforslaget § 113 framlegg om opphald i meir enn 3 månader for familiemedlemmer som er EØS-borgarar.

2.1.7 Rett til vidare opphald for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar

Direktivet gir familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, rett til vidare opphald når EØS-borgaren døyr, men ikkje når EØS-borgaren reiser frå vertslandet, jf. artikkel 12 nr. 2. I tillegg er vilkåra for vidare opphald strengare enn der familiemedlemmen sjølv er EØS-borgar.

Departementets lovforslag er i samsvar med dette og går fram av § 114 tredje ledd.

Familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, får også rett til vidare opphald ved skilsmisse eller avslutning av partnarskap, men må oppfylle fleire vilkår enn familiemedlemmer som sjølve er EØS-borgarar for framleis å ha opphaldsrett. Retten til vidare opphald for desse familiemedlemmene er ein ny rett.

Departementets lovforslag er utforma i samsvar med dette. Sjå § 114 fjerde ledd.

2.1.8 Rett til vidare opphald for barn og omsorgspersonar

Direktivet artikkel 12 nr. 3 inneheld ein særregel når EØS-borgaren har barn i vertslandet. Dersom EØS-borgaren er død eller reiser ut, vil både barnet og den personen som utøver faktisk foreldremyndigheit overfor barnet, ha rett til vidare opphald dersom barnet går på skole i vertslandet. Det er ikkje eit krav at personane som har faktisk foreldreansvar, er EØS-borgarar.

Denne regelen skal hindre at barnet skal måtte avbryte ein skolegang i eit kjent skolesystem som vedkommande har tilpassa seg.

Om barnet er EØS-borgar og oppheld seg fem år i landet vil barnet ha oppnådd varig opphaldsrett. Det kan vere aktuelt å gi nærmare føresegner i forskrift om vidare opphaldsrett for omsorgspersonar som mister opphaldsgrunnlaget når barnet blir myndig.

Om barnet er tredjelandsborgar, omsorgspersonen er EØS-borgar og barnet oppheld seg i landet i fem år, vil barnet ha oppnådd varig opphaldsrett dersom det har budd saman med omsorgspersonen.

Lovforslaget gjennomfører dette i § 113 tredje ledd andre punktum og siste ledd og § 114 tredje ledd andre punktum og siste ledd.

2.1.9 Varig opphaldsrett for EØS-borgarar

Ein viktig ny rett i direktivet er den varige opphaldsretten for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira etter fem års samanhengande lovleg opphald i vertslandet, jf. artikkel 16.

Tenesteytarar kan i prinsippet vere omfatta av reglane i direktivet om varig opphald i motsetnad til gjeldande reglar som berre omfattar arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande.

Når ein person har fått varig opphaldsrett, er det ikkje lenger nødvendig å oppfylle vilkåra for opphaldsrett. Dette inneber til dømes at den varige opphaldsretten står ved lag sjølv om EØS-borgaren skulle miste arbeidet sitt. Den varige opphaldsretten for familiemedlemmer som har avleidd opphaldsrett, vil også gjelde sjølv om statusen som familiemedlem ikkje lenger er der.

Den varige opphaldsretten for familiemedlemmer er personleg, dvs. at kravet om familietilhøyrsle fell bort så snart det ligg føre varig opphaldsrett.

EØS-kapitlet i 1988-lova gir ikkje heimel for å gi EØS-borgarar og familiemedlemmene deira ein varig opphaldsrett. Ein ny lovheimel vil vere ei styrking av rettsstillinga deira og ein større grad av harmonisering mellom dei allmenne reglane og dei særskilde EØS-reglane i 2008-lova. Føresegner om varig opphaldsrett for EØS-borgarar går fram av lovforslaget § 115.

2.1.10 Varig opphaldsrett for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar

Familiemedlemmer til EØS-borgarar som sjølve er tredjelandsborgarar oppnår etter lovforslaget § 116 rett til varig opphald når dei har hatt fem års samanhengande lovleg opphald i vertslandet. Det er ikkje noko krav at opphaldsretten til familiemedlemmen må ha vart i fem år.

Departementet har merka seg den skepsisen høringsinstansane har uttrykt når det gjeld kontroll og fare for auke av proforma ekteskap med EØS-borgarar ved innføring av ei varig opphaldsrett for familiemedlemmer av EØS-borgarar som ikkje sjølv er borgar av eit EØS-land.

Departementet ser at det kan bli meir attraktivt å inngå ekteskap med ein EØS-borgar. Med utgangspunkt i direktivets artikkel 35 har departementet klargjort desse problemstillingane ved forslag til ein ny paragraf i lovforslaget, jf. § 120. Departementet understrekar her at det er eit vilkår for rett til opphald at det ikkje ligg føre omstende som vil gi grunn til å nekte utlendingen tilgang til eller opphald i landet etter andre føresegner i 2008-lova, eller når utlendingen mot betre vitende har gitt uriktige opplysningar.

2.1.11 Tap av varig opphaldsrett

Ein taper den varige opphaldsretten i medhald av direktivet ved opphald utanfor vertslandet i to samanhengande år, jf. artikkel 16 nr. 4.

Departementet meiner at både utflytting i formell forstand, men også faktisk opphald utanfor landet kan føre til tap av den varige opphaldsretten. Det kan vere naturleg å gi nærmare reglar om tap av opphaldsretten i forskrift. Det er mellom anna aktuelt å fastsetje reglar for når fråvær frå landet ikkje fører til tap av opphaldsretten, jf. framlegget til § 115 første og siste ledd og § 116 første og siste ledd.

2.1.12 Utvising og bortvising

Innleiing

Retten til å kunne ferdast fritt gjeld ikkje utan vilkår i medhald av direktivet. Avgrensingar i retten til fri personmobilitet er eit unntak frå eit av grunnprinsippa i EØS-retten. Terskelen for avgrensingar i rørslefridommen er derfor høg.

Grunnvilkåra for utvising går fram av artikkel 27 nr. 1 i direktivet. Utvising kan skje av omsyn til offentleg orden og tryggleik eller folkehelsa. Tilsvarande reglar gjeld også i dag.

Departementet foreslår å føre vidare det nasjonale skiljet mellom utvising og bortvising. Eit slikt system følgjer av den allmenne delen av 1988-lova og er ført vidare i 2008-lova.

Utvising og bortvising – val av regelverk

For EØS-borgarar som har eller ikkje har hatt opphaldsrett, vil det vere EØS-regelverket, som gjeld. Det same gjeld for tredjelandsborgarar med ein "gyldig" familierelasjon til ein EØS-borgar. EØS-regelverket vil her gjelde uavsett formalisering av relasjonen. For tredjelandsborgarar med ein "ugyldig" familierelasjon til ein EØS-borgar, vil det vere det allmenne regelverket som gjeld. For ein tredjelandsborgar med opphaldsrett med grunnlag i EØS-regelverket som tenesteytar eller sjølvstendig etablerar, vil det vere EØS-regelverket som gjeld. For tredjelandsborgarar som anten har hatt eller ikkje har hatt opphaldsrett i det heile, vil det vere det allmenne regelverket som gjeld.

Departementet viser til lovframlegget § 109 siste ledd, kor det er heimel for å gi forskrift om lovvalsreglar. Departementet viser vidare til artikkel 35 i direktivet om misbruk av rettar. Medlemslanda kan etter artikkelen treffe nødvendige tiltak for å nekte, oppheve eller tilbakekalle rettar ved misbruk av rettar eller bedrageri, til dømes proformaekteskap. Departementet har foreslått ein heimel for å regulere slike tilfelle og viser til lovforslaget § 120.

Utvising av omsyn til offentleg orden og tryggleik

Det går fram av artikkel 27 nr. 1 i direktivet at utvising kan skje av omsyn til offentleg orden og tryggleik. Ein må sjå føresegna i samanheng med artikkel 27 nr. 2 og artikkel 28 som set opp grenser for når utvising kan skje, og reknar opp moment ein skal ta omsyn til i vurderinga.

Etter lovforslaget § 122 kan ein utlending med opphaldsrett etter §§ 111, 112, 113 eller 114 utvisast av omsyn til offentleg orden eller tryggleik. Som i dag inneber omgrepet "offentleg orden" meir alvorlege forstyrringar av samfunnsordenen, også kriminelle handlingar, til dømes narkotikabrotsverk, vinningsbrotsverk, valdsbrotsverk og utvising må ha sin grunn i den personlege åtferda til utlendingen, åtferda må vere eit reelt, umiddelbart og tilstrekkeleg alvorleg trugsmål mot grunnleggjande samfunnsinteresser. Det er og heimel til å presisere nærmare i forskrift kva som ligg i omgrepa offentleg orden og tryggleik.

Føresegna innheld også skrankar for høvet til utvising. Mellom anna er det eit utvida vern mot utvising av EØS-borgarar og familiemedlemmene deira som har varig opphaldsrett. Desse personane kan ikkje utvisast, med mindre tungtvegande omsyn til offentleg orden eller tryggleik gjer seg gjeldande. Dette utvida vernet er nytt. Ei ytterlegare avgrensing gjeld EØS-borgarar som har hatt opphald i vertslandet i ti år, og EØS-borgarar som er mindreårige. Dei førstnemnde kan berre utvisast dersom utvising er tvingande nødvendig av omsyn til den offentlege tryggleiken. I saker som gjeld barn, skal det takast grunnleggjande omsyn til barnets beste. Mindreårige kan av den grunn utvisast dersom utvisinga er nødvendig av omsyn til barnets beste. Dette er eit nytt vurderingstema samanlikna med både gjeldande EØS-rett og nasjonal rett, men vil gjelde etter 2008-lova § 70.

Føresegna i 1988-lova § 58 tredje ledd om utvising av personar som er involverte i terrorverksemd vert vidareført.

Utvising av omsyn til folkehelsa

I lovforslaget § 123 vert det foreslått at ein utlending med rett til opphald i inntil tre månader kan utvisast når det er nødvendig av omsyn til folkehelsa. Det er eit vilkår for utvising at vertslandet har sett i verk vernetiltak overfor eigne borgarar. Det er også eit vilkår at sjukdommen oppstår innan tre månader frå datoen for innreise.

Det er heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift.

Utvising av omsyn til folkehelsa er i dag svært upraktisk. Skulle spørsmålet bli aktuelt, vil helsefaglege vurderingar vere heilt sentrale for spørsmålet om nokon skal utvisast. Det skal svært mykje til før utvising er aktuelt på dette grunnlaget. Departementet strekar under at det ikkje ligg føre noka plikt til å utvise utlendingar av omsyn til folkehelsa sjølv om vilkåra for utvising skulle vere oppfylte.

Innreiseforbod o.a.

Vedtak om utvising inneber eit innreiseforbod. Artikkel 32 nr. 1 opnar for å søkje om å få innreiseforbodet oppheva etter eit rimeleg tidsrom som ikkje kan vere lenger enn tre år etter gjennomføringa av forbodet.

Departementet viser til at reglane for utvising etter dei særlege reglane for EØS-borgarar og det alminnelige regelverket bør vera mest mogleg like i innhald og utforming. Departementet har derfor komme til at regelen i 1988-lova og § 71 til 2008-lova om at innreiseforbod som skal vere tidsavgrensa, bør ha same minimumsregel, altså ikkje gjelde i mindre enn to år, jf. lovforslaget § 124.

Bortvising

Departementet foreslår i § 121 å heimle uttrykkeleg eit høve til bortvising der vedkommande ikkje har opphaldsrett etter EØS-avtalen, det vil seie der ein person oppheld seg ulovleg i landet.

Departementet foreslår å føre vidare dei noverande føresegnene om bortvising innan sju dagar dersom utlendingen ikkje kan vise gyldig pass eller anna godkjent reisedokument og eventuelt nødvendig visum. Tilsvarande reglar følgjer av det allmenne regelverket og er ført vidare i 2008-lova.

Vedtaksmyndigheit og saksbehandlingsreglar i utvisings- og bortvisingssaker og i sak om tilbakekall av dokumentasjon på opphaldsrett

Departementet foreslår i § 121 tredje og fjerde ledd at Utlendingsdirektoratet skal vere vedtaksmyndigheit i bortvisningssaker, men med høve til å delegere vedtakskompetansen til politiet.

I utvisningssaker og i saker som gjeld tilbakekall av dokumentasjon på opphaldsrett foreslår departementet at vedtaksmyndigheta skal ligge til Utlendingsdirektoratet utan høve til delegering til politiet. Sjå lovforslaget § 124 tredje ledd og § 120 tredje ledd.

Med omsyn til saksbehandlingsregler, foreslår departementet heimel for nærare føresegner i forskrifter. Sjå lovforslaget § 120 fjerde ledd om tilbakekall, § 121 fjerde ledd om bortvising og § 122 siste ledd, § 123 siste ledd og § 124 siste ledd om saker om utvising.

2.1.13 Overgangsreglar

Departementet viste til at Lovutvalet (NOU 2004: 20) foreslo å opprette ein eigen lovheimel for at det ved utviding av EØS-avtalen til nye avtalepartar kan fastsetjast overgangsreglar i forskrift som avvik frå EØS-reglane.

Departementet meiner at det er tenleg at kapittel 13 inneheld ein slik lovheimel og fører vidare dette framlegget, sjå lovforslaget § 125.

Føresegna i § 125 i 2008-lova, som etter lovforslaget blir § 127, opnar for overgangsreglar i forskrift, for iverksetjing av lova heilt eller delvis til forskjellig tidspunkt, og truleg også oppheving av dei ulike delane i 1988-lova til ulike tidspunkt.

Plikta til å gjennomføre direktivet ligg føre frå 7. juni 2008, mens iverksetjinga av 2008-lova etter planen vil skje 1. januar 2010.

Departementet har komme til at det bør gjennomførast ei mellombels iverksetjing av direktivet med heimel i 1988-lova. Det er særleg to element som bør takast hand om allereie no. Det gjeld ordninga med registrering i staden for opphaldsløyve for EØS-borgarar og høve til varig opphaldsrett for EØS-borgarane og familiemedlemmene deira.

Departementet legg fram forslag til ei ny føresegn i 1988-lova som grunnlag for ei slik ordning, sjå forslaget til ny § 58 b som gir heimel til å gjennomføre delar av direktivet ved å gi forskrift.

Departementet vil utan opphald starte arbeid med gjennomføringa i samarbeid med Utlendingsdirektoratet og politiet.

2.1.14 Forholdet mellom dei særlege reglane i kapittel 13 og dei andre reglane i 2008-lova

Departementet peikar på problemstillingar knytte til at dei særlege reglane for EØS-borgarar er i eit eige kapittel i ein større lov som inneheld allmenne føresegnar og særlege reglar for andre grupper av utlendingar.

Lovforslaget § 109 fjerde ledd gir ein generell heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift om gjennomføringa av føresegnene i kapittel 13, og om forholdet til dei allmenne føresegnene i 2008-lova. Det kan til dømes vere naturleg at det går fram av forskrifta at retten til innreise og utreise o.a., skal følgje av dei allmenne reglane i kapittel 2. Eit anna døme vil vere klargjering av kva for allmenne reglar som gjeld saman med dei særlege reglane.

2.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at EU er inne i en prosess der man ser på grensegangen mellom oppholdsrett etter direktiv 2004/38/FF og nasjonale familiegjenforeningsregler, og at det har vært flere saker i EU-domstolen om dette. Flertallet viser til at EU i desember la fram en rapport som viser at implementeringen er gjennomført i ulik grad i EU-landene. Flertallet viser til at dette er en pågående prosess i retning av innvandringspolitisk harmonisering, og at dette vil ha konsekvenser for fortolkningen av de konkrete paragrafene som fremmes i proposisjonen. Flertallet har i den forbindelse merket seg Regjeringen i Ot.prp. nr. 72 (2007–2008) benytter en formulering om at tredjelandsborgere som er familiemedlemmer til EØS-borgere – "omfattes av bestemmelsene (…) så lenge de følger eller gjenforenes med en EØS-borger" – og at ektefelle i den forbindelse regnes som familiemedlem. Flertallet viser til at EUs grensedragning vil få konsekvenser for hvordan dette skal fortolkes.

Flertallet viser til merknad og forslag under pkt. 1.2 i innstillingen og til sine merknader om overgangsregler for nye EU-land i Innst. S. nr. 130 (2005–2006) og Innst. O. nr. 31 (2006–2007).