3.1 Sammendrag

Samstundes med at den noverande ordninga med opphaldsløyve for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira fell bort, opnar direktivet for andre ordningar, til dømes registrering av EØS-borgarar for opphald utover tre månader og utskriving av opphaldskort for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar. Ordninga med opphaldskort for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, er obligatorisk. Registreringsordninga er valfri for myndigheitene.

Departementet foreslår å innføre ei registreringsordning. Ei slik ordning vil vere med på å gi eit grunnlag for å dokumentere opphaldsretten, leggje til rette for kontroll av opphaldsretten, gi grunnlag for innmelding i Det sentrale folkeregisteret (folkeregisteret) og eventuelt å skrive ut fødselsnummer og leggje til rette for uttak av statistikk. Ei registrering vil gi ei betre oversikt over kven som oppheld seg i landet. Innføringa av ei slik ordning vil også vere til nytte for å gi styresmaktene kunnskap om arbeidsinnvandringa.

Ved den nærmare utforminga av ordninga er det viktig å leggje opp til praktiske løysingar for EØS-borgarane og familiemedlemmene deira.

Det er eit krav om å sette i verk direktivet raskt. Politiet er på kort sikt den mest aktuelle instansen til å stå for registreringsordninga, med Utlendingsdirektoratet som fagleg ansvarleg. Samstundes vil ein greie ut korleis ein kan overføre opplysningar til skattekontoret, mellom anna for utsteding av d-nummer/fødselsnummer, så ordninga kan bli enklast mogleg for brukarane. Det bør finne stad ei kartlegging av ressursbruken på registreringsordninga innan om lag eit år etter innføringa av ho. Forankringa av registreringsordninga vil bli tatt opp til vurdering i samband med gjennomgangen av folkeregisterordninga og gjennomgangen av førstelinetenesta i utlendingsforvaltninga.

Departementet foreslår ei registreringsordning og heimel til å gi nærmare føresegn i forskrift mellom anna om ansvarleg myndigheit i lovforslaget § 117.

3.1.1 Søknad om opphaldskort

For familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, krev direktivet ei obligatorisk ordning med søknad og utskriving av opphaldskort, jf. artiklane 9, 10 og 11.

Eit opphaldskort blir skrive ut når ein reknar med at opphaldet vil vare meir enn tre månader. Søknadsfristen skal også i dette tilfellet vere minst tre månader frå innreisedatoen.

Departementet foreslår ein regel i § 118 om plikta familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar har til å skaffe seg opphaldskort. På same måte som for registreringsordninga har det den fordelen at det gir ei oversikt over kven som oppheld seg i landet i tillegg til fordelen for innehavarane. Utskriving av opphaldskort vil ikkje vere enkeltvedtak som ein kan klage på. Eit eventuelt vedtak om bortvising som følgje av at opphaldskort ikkje blir skrive ut, vil ein kunne klage på vanleg måte.

Spørsmål som er knytte til gyldigheitsperioden for opphaldskortet, og enkelte forhold knytte til dokumentasjonsplikt, bør gå fram av forskrift. Departementet foreslår at reglar om innhenting av informasjon frå styresmaktene i andre land og nærmare reglar om gebyr blir fastsette i forskrift.

3.1.2 Varig opphaldsbevis for EØS-borgarar

For EØS-borgarar og familiemedlemmene deira som sjølve er EØS-borgarar, og som har rett til varig opphald, innfører direktivet ei frivillig ordning med varig opphaldsbevis, jf. artikkel 19.

Departementets lovforslag går fram av § 119. Føresegna er ny og handlar om utskriving av opphaldsbevis og opphaldskort for utlendingar med varig opphaldsrett etter §§ 115 og 116.

Tenesteytarar og nøkkelpersonar som etablerer seg, får ikkje varig opphaldsrett, men vil ha opphaldsrett etter § 114 og vil eventuelt få fornya opphaldskortet ved lengre opphald.

Det vert gitt heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift om kva for myndigheit som skal ha ansvaret for å ta imot søknad og skrive ut varig opphaldsbevis og varig opphaldskort og om å fastsette gebyr for utstedelsen. Det kan og fastsetjast krav til dokumentasjon og om at politiet kan gis høve til å innvilge slike søknader. Saksbehandlingsreglar kan fastsetjast.

3.1.3 Varig opphaldskort for tredjelandsborgarar

For familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar og får varig opphaldsrett, gir direktivet reglar om varig opphaldskort som stadfester den varige opphaldsretten, jf. artikkel 20. I motsetnad til for EØS-borgarar der det ikkje gjeld noka tidsavgrensing på opphaldskortet, skal dette opphaldskortet automatisk fornyast kvart tiande år. Ved fornyinga skal ein ikkje prøve opphaldsretten, men ein kan sørgje for ei oppdatering av opphaldskortet (bilete o.l.). Sjå lovforslaget § 119.

3.1.4 Meldeplikt

Artikkel 5 nr. 5 opnar for at medlemslanda kan påleggje personar som er omfatta av direktivet, ei plikt til å melde nærværet sitt i landet innan rimeleg tid.

Ei meldeplikt for arbeidssøkjande vil gi betre kunnskap om arbeidsinnvandringa til Noreg og om kven som oppheld seg her. Meldeplikta vil berre innebere at arbeidssøkjaren dokumenterer sin identitet for styresmaktene.

Departementet viser til lovforslaget i § 111 fjerde ledd.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, ønsker et enklere system for EØS-borgere, og støtter derfor forslagene knyttet til registreringsbevis og varig oppholdsbevis. Flertallet ønsker en rask og effektiv saksbehandling overfor EØS-borgere, slik at samfunnets ressurser kan brukes på en best mulig måte. Flertallet vil samtidig påpeke at Norge ikke er omfattet av direktiv 2003/86/EF om familiegjenforening.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, mener det ikke er noen selvfølge at den kompetente arbeidskraften søker seg til Norge. Her i landet betales relativt lave lønninger for akademikere, spesialister og forskere. Disse medlemmer frykter at Norge er i ferd med å tape den internasjonale konkurransen om kvalifisert arbeidskraft.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, støtter Regjeringens forslag knyttet til oppholdskort etter § 118 og varig oppholdskort etter § 119 overfor tredjelandsborgere.

Flertallet mener samtidig at det i slike saker bør rettes mer fokus mot kontroll av tredjelands borgere enn EØS-borgere.

Flertallet mener at det er svært viktig at norske myndigheter får økt kunnskap om migrasjonsstrømmene til og fra Norge, og støtter forslaget om obligatorisk meldeplikt for arbeidssøkere som omfattes av direktivet. Flertallet mener hovedpoenget må være å dokumentere identitet slik Regjeringen foreslår.