3. Det internasjonale grunnlaget

3.1 Samandrag

Det internasjonale minoritetsvernet byggjer på ikkje-diskrimineringsprinsippet og prinsippet om likebehandling. Statane er forplikta til å arbeide for å sikre at minoritetane blir likestilte med majoritetsbefolkninga, både formelt og i praksis. Prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering er nedfelte både i dei generelle menneskerettskonvensjonane og i særkonvensjonar som FNs rasediskrimineringskonvensjon og FNs barnekonvensjon.

Minoritetsrettane er i utgangspunktet formulert som rettar som individa har, saman med andre i si gruppe. Samtidig er det klart at minoritetsrettar ofte berre kan oppfyllast gjennom tiltak overfor heile gruppa, for eksempel når det gjeld massemedium, utdanning og vern av språk og kultur.

Den mest grunnleggjande føresegna i det internasjonale minoritetsvernet er artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Ho slår fast at personar som høyrer til etniske, religiøse eller språklege minoritetar har rett til, saman med andre medlemmer av si gruppe, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg til og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.

Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar inneheld dels minimumsnormer for statane sin politikk overfor nasjonale minoritetar, dels mål som statane forpliktar seg til å arbeide for å nå. Statane skal leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar skal kunne gi uttrykk for, halde oppe og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur, samtidig som minoritetane skal ha rett til full og effektiv deltaking i storsamfunnet. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1999.

Europarådet har også vedteke Den europeiske pakta for vern av regions- eller minoritetsspråk. Dei statane som har ratifisert pakta, deriblant Noreg, har teke på seg ei plikt til å setje i verk særskilde tiltak for å verne og styrkje minoritetsspråk.

Arbeidet med å konvensjonsfeste rettane til nasjonale minoritetar har gått føre seg i Europarådet, men også OSSE og EU har tilhøva for nasjonale minoritetar i Europa som ein del av sitt arbeidsfelt. Situasjonen til nasjonale minoritetar, særleg i Baltikum og på Balkan, har òg vore eit tema som er blitt teke opp i fleire regionale organisasjonar/samanslutningar, som i Austersjørådet, i Stabilitetspakta og på nordisk nivå. To hovudtema går att internasjonalt, situasjonen for rom og tilhøva mellom nabostatar der ei folkegruppe som utgjer majoriteten i eit land, er ein nasjonal minoritet i nabolandet.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til definisjonen av begrepet nasjonal minoritet slik det er brukt i meldingen og slutter seg til denne.

Flertallet viser også til de ulike internasjonale avtalene og konvensjonene Norge har sluttet seg til og til de beskrivelsene av innhold, avgrensinger, status og omfang som er gitt i meldingen.

Flertallet vil vise til at FN-konvensjonen mot rasediskriminering er den mest sentrale konvensjonen når det gjelder diskriminering. Norge ble part av konvensjonen 5. september 1970. Ved behandlingen av rapportene fra Norge har Rasediskrimineringskomiteen gjennom mange år pekt på behovet for å styrke det rettslige vernet mot diskriminering.

ECRI, Europarådet sin komité mot rasisme og intoleranse, gir ut rapporter om forholdene i medlemsstatene og i den andre rapporten de har laget om Norge blir Norges assimileringstiltak og systematiske og alvorlige brudd på menneskerettighetene til romanifolket påpekt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.