4. Historia til dei nasjonale minoritetane i Noreg

4.1 Samandrag

4.1.1 Hovudtrekk i minoritetspolitikken

Alle dei fem minoritetsgruppene meldinga handlar om, kan vise til ei over hundre år lang historie i Noreg. Kvener, skogfinnar og romanifolket kjem til syne i Noregs-historia ved overgangen frå mellomalderen til ny tid, på 1500- og 1600-talet. I alle fall var det på denne tida styresmaktene i riket blei merksame på dei.

Sjølv om alle dei fem gruppene har ei langvarig tilknyting til Noreg, representerer dei òg ulike internasjonale fellesskap. Før gruppene kom til Noreg, hadde dei tilhald i andre område i verda, og dei har såleis historiske røter også utanfor Noreg.

I politisk samanheng har denne tilknytinga til eit fellesskap utanfor Noreg hatt stor verknad som eit negativt stempel knytt til gruppene: Dei var "eigentleg innvandrarar" som på eit vis hadde ein andrerangs rett til å bu i landet. Samstundes må det slåast fast at det store fleirtalet var norske statsborgarar, både før og etter den første statsborgarskapslova av 1888. Før denne lova kom til, blei alle med fast tilhald i riket i over tre år rekna som norske statsborgarar.

Eit spesielt trekk ved kvenene og skogfinnane var at desse to gruppene i tillegg var grenseminoritetar, med dei utanriks- og tryggingspolitiske implikasjonane som låg i dette. Det er ein lagnad som kvenene og skogfinnane har delt med mange nasjonale minoritetar, både i Europa og i verda elles.

På 1600- og 1700-talet gjorde den økonomiske tenkinga sitt til at i alle fall nokre minoritetar var velkomne. Kvenene blei på 1700-talet rekna som viktige i nordområda, for dei representerte ein jordbrukskultur som kunne medverke til å styrkje økonomien og samstundes sikre norsk territorium. Ein opna òg opp for jødiske handelsmenn i tider da landet trong kapital utanfrå.

Når synet både på skogfinnar og kvener skiftar utover på 1800-talet, har det nok delvis samanheng med økonomiske endringar, men kanskje særleg med nye nasjonalistiske ideologiar. Saman med trusselbiletet i utanrikspolitikken ("den russiske faren" og etter kvart "den finske faren") skapte dette legitimering for ein ny minoritetspolitikk - ein fornorskingspolitikk.

Assimilasjonspolitikken var den rådande politikken i store deler av Europa og i Nord-Amerika frå midten av 1800-talet. I Noreg varte denne politikken i alle fall fram til andre verdskrigen. Nasjonsbygginga hadde som føresetnad ein kultur, eitt språk og eitt folk. Nasjonalismen og nasjonalstatsideologien gav såleis ikkje rom for minoritetar. Alle grupper utanom "det nasjonsberande folket" blei "framande".

Sjølv om assimilasjonspolitikken overfor alle gruppene må kunne karakteriserast som streng, var politikken ikkje lik. Overfor kvenene og skogfinnane var midla som blei tekne i bruk, først og fremst av kulturpolitisk art. Fornorskingsarbeidet i skolen var heile tida kjerneaktiviteten. "Høgdepunktet" i politikken var likevel jordsalslova og jordsalsreglementet av 1902 for Finnmark, som sa at sal av jord berre måtte skje til norske statsborgarar som kunne snakke, lese og skrive det norske språket, og som brukte dette til dagleg. Ein har ikkje sikker kunnskap om korleis forbodet blei praktisert, men det er klare teikn på at regelen blei brukt, i alle fall i ein del tilfelle. Dette kan vere noko av bakgrunnen for at samiske og kvenske familiar tok norske slektsnamn. Verknaden av politikken var i alle høve at holdninga til kvenene som ein mindreverdig minoritet festa seg i det norske samfunnet og etter kvart også blant kvenene sjølve. Politikken medverka såleis til den tilbakegangen som kvensk kultur har opplevd i dei siste par generasjonane.

Dei andre gruppene - jødane, rom og romanifolket (taterane/dei reisande) - blei i periodar av norsk historie utsette for ein hardare politikk. Mellom tiltaka var utestenging frå riket, regulær forfølging og jamvel forsøk på utrydding. Steriliseringa av personar frå romanifolket (taterane/dei reisande) og den stramme innvandringspolitikken Noreg førte overfor rom og jødar i mellomkrigstida, kan sjåast som uttrykk for dette.

Når pendelen i etterkrigstida har svinga i meir liberal retning i den minoritetspolitiske utviklinga, kjem det truleg av at dei internasjonale ideologiske straumdraga har snudd. Ein har i aukande grad framheva verdiar som kulturelt og etnisk mangfald og menneskerettar. Engasjement og synleggjering av gruppene innanfor kulturlivet kan òg ha medverka til denne endringa.

Det synest klart at etnopolitikken, altså at minoritetane sjølve set sin eigen situasjon på den politiske dagsordenen, har vore med på å påverke dei minoritetspolitiske vala hos styresmaktene. Skipinga av minoritetsorganisasjonar og minoritetane si deltaking i det politiske feltet er ein viktig del av dette biletet.

I meldinga er det gjeve ein meir detaljert omtale av historia til dei einskilde minoritetane i Noreg.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at det under høringen kom fram at det på noen punkter ikke var samsvar mellom noen av meldingens opplysninger og organisasjonens syn på hvor mange personer som tilhørte de ulike minoritetene, og enkelte kritiske bemerkninger til noen av de historiske opplysninger gitt i meldingen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at historien til de nasjonale minoritetene er for lite kjent. De siste års fokus på urett og overgrep mot disse minoritetene har brakt fram både ny kunnskap og en nødvendig erkjennelse fra myndighetene om å ta ansvar for de handlingene som ble begått. Men også holdningene i samfunnet har rammet de nasjonale minoritetene hardt og bidratt til at både minoritetenes historie og kultur har vært lite kjent og i mange tilfeller nesten skjult.

Flertallet viser til at flere av de tiltakene som nå er foreslått er økt kultur- og kunnskapssatsing. Tiltakene har både de nasjonale minoritetene selv og storsamfunnet som målgruppe og skal øke kunnskapen om og forståelsen av historien til disse minoritetene og deres rike kultur. Dette vil styrke faktagrunnlaget. Hovedformålet må være å gi de nasjonale minoritetene mulighet til å bli bedre kjent med sin egen bakgrunn og identitet, og gi allmennheten innsikt den nå mangler. Det vil også bidra til at myndighetene får et bedre grunnlag for å utvikle sin minoritetspolitikk.

Flertallet understreker i denne sammenheng behovet for økt forskningsinnsats i dette arbeidet.

Flertallet viser for øvrig til innholdet i meldingen og slutter seg til denne.