Søk

Innhold

13. Oppfølging av finansskatten

13.1 Sammendrag

Frå og med inntektsåret 2017 vart det innført ein finansskatt på løn og overskot i finansiell sektor. Den viktigaste grunnen for innføringa av ein finansskatt er at finansielle tenester er unnateke frå meirverdiavgift, sjå grundigare omtale i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 kapittel 6.

Eitt av elementa i finansskatten er at skatten på alminneleg inntekt vert halden fast på 2016-nivå. Det vil seie at skattesatsen på overskot i finansføretak i 2017 er 25 pst., medan satsen for andre føretak er 24 pst. Som varsla i Prop. 1 LS (2016–2017) foreslår departementet ei endring av konsernbidragsreglane for å motverke tilpassingar i form av flytting av overskot frå finansføretak til andre konsernselskap.

Som utgangspunkt er alle føretak som har tilsette og som utfører finansielle aktivitetar, finansskattepliktige. Føretak med høg grad av meirverdiavgiftspliktig, finansiell aktivitet er unnateke frå finansskatteplikta. Departementet foreslår ei mindre justering av dette unntaket, som inneber at det vert betre samsvar mellom finansskatteplikta og meirverdiavgiftsunntaket for finansielle tenester.

Departementet legg til grunn at framlegga ikkje får provenyverknader i 2017.

I tillegg til desse regelendringane vil departementet fram mot budsjettet for 2018 vurdere moglege endringar i regelverket for å motverke verknadene av uheldige tilpassingar til finansskatten ved bruk av reglane om fellesregistrering i merverdiavgiftsloven.

Departementet viser til framlegg om endring i skatteloven § 10-2 fyrste ledd fyrste punktum og nytt andre punktum og § 10-3 fyrste ledd nytt andre punktum. Departementet viser vidare til framlegg om endring i Stortingets vedtak om finansskatt på løn for 2017 § 2 tredje ledd. Departementet foreslår at endringane i skatteloven tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017, og at endringa i Stortingets vedtak om finansskatt på løn for 2017 tek til å gjelde straks med verknad for inntektsåret 2017.

13.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at forslag om endring i Stortingets vedtak om finansskatt og omtale av tiltak mot tilpasning ved fellesregistrering av konsernforetak behandles i Innst. 401 S (2016–2017) punkt 3.2.8 og 3.2.9.

Komiteen slutter seg her til regjeringens forslag om endringer i skatteloven § 10-2 og § 10-3.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet ynskjer å presisere at Senterpartiet, m.a. i partiet sitt alternative statsbudsjett for 2017, har føreslått å endre innretninga av finansskatten slik at arbeidsgjevaravgiftselementet vert avvikla. Denne medlemen viser til eigne merknader i Innst. 3 S (2016–2017) og at finansskatten slik han i dag er innretta, reduserer sysselsetting og finansieringsmoglegheiter for folk og bedrifter i distrikta.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti gjekk inn for ein heilt annan modell for finansskatt enn den som til slutt blei vedtatt i Stortinget. Denne medlemen vil difor presisere at støtte til oppretting av reglane ikkje kan tolkast som ei støtte til den modellen for finansskatt som regjeringa Solberg valde.