Søk

Innhold

1. Innledning

1.1 Sammendrag

I revidert nasjonalbudsjett 2017 foreslår regjeringa fylgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2017:

  • Det vert innført ei skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap som i gjennomsnitt over året har færre enn 25 årsverk og årlege driftsinntekter og/eller balansesum som ikkje overstig 40 mill. kroner. I ordninga vert det gjeve frådrag i alminneleg inntekt for personlege skattytarar for aksjeinnskot i kvalifiserte aksjeselskap for opptil 500 000 kroner årleg. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 330 mill. kroner påløpt i 2017. Provenytapet vert i sin heilskap bokført i 2018. Ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

  • Det vert innført ei ny ordning med skattefavorisert individuell sparing til pensjon. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 430 mill. kroner påløpt og 45 mill. kroner bokført i 2017. Detaljane i den nye ordninga skal regulerast i forskrift. Departementet tek sikte på å sende framlegg til forskrift på høyring i laupet av våren 2017, slik at ordninga kan tre i kraft i laupet av hausten 2017.

  • Maksimalt frådrag for innskot til skattefavorisert pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande vert auka frå 4 pst. til 6 pst. av berekna personinntekt frå næring. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 150 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2017. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Det vert gjeve ei skattelette til pensjonistar gjennom auka minstefrådrag i pensjonsinntekt. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 840 mill. kroner påløpt og 170 mill. kroner bokført i 2017. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Framlegga om endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 1 750 mill. kroner påløpt og 295 mill. kroner bokført i 2017 samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Det vert gjorde tre endringar i reglane om verdsetjingsrabatt i formuesskatten. Endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Det vert innført eit skattefritak for passiv avkasting i Statens pensjonsfond utland som vert opptent i selskap som er heileigd direkte eller indirekte av Noregs Bank. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Produktavgifta i fiskeri-, kval- og selfangstnæringa vert redusert frå 2,3 pst. til 2,2 pst. Endringa tek til å gjelde frå og med 1. juli 2017.

  • Eingongsavgifta for motorsyklar vert lagd om i miljøvenleg retning ved å innføre ei progressiv avgift på CO2-utslepp, som erstattar avgifta på motoreffekt og stykkavgifta. Endringa gjeld motorsyklar med registrerte CO2-utslepp. Endringa er om lag provenynøytral. Endringa skal gjelde for eingongsavgift for motorsyklar som vert registrerte frå og med 1. juli 2017.

  • Konsernbidragsreglane vert endra for å motverke tilpassingsmoglegheiter som gjer det mogleg å unngå finansskatt på overskot i finansføretak. Endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Unntaksregelen frå finansskatteplikt vert justert for verksemder som i høg grad driv meirverdiavgiftspliktig, finansiell verksemd. Endringa tek til å gjelde straks med verknad for inntektsåret 2017.

  • Det vert gjorde endringar i merverdiavgiftskompensasjonsloven for overdragingar av fast eigedom m.m. som ledd i kommunesamanslåingar og -delingar med verknad frå og med 1. januar 2017.

  • Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga vert utvida for friskular med vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring med verknad frå og med 1. januar 2017.

Det vert gjorde enkelte presiseringar og opprettingar i lovtekst.

I tillegg er fylgjande saker omtala:

  • Behandlinga i skattesamanheng av erstatning ved frivillig vern av skog for skogsameige.

  • Differensiering av eingongsavgift for ladbare hybridbilar etter elektrisk rekkevidde.

  • Konsekvensane for eingongsavgifta av nye reglar for måling av utslepp frå køyretøy (ny køyresyklus).

  • Status for notifikasjon av fritak for vegbruksavgift på naturgass.

  • Departementet vil fram mot statsbudsjettet for 2018 vurdere regelendringar i finansskatten for å motverke moglege tilpassingar gjennom reglane for fellesregistrering av konsernføretak etter merverdiavgiftsloven.

Det vert også viste til fylgjande saker som er omtala i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2016–2017) revidert nasjonalbudsjett 2017:

  • Endringar i skattlegginga av opsjonar for små, nyetablerte selskap frå 2018.

  • Prosess, innretting og mogleg tidsløp for etablering av eit CO2-fond.

  • Oppmodingsvedtak om materialavgift for drikkevareemballasje.

  • Oppmodingsvedtak om fritak for meirverdiavgift for digital journalistikk.

  • Oppmodingsvedtak om støtte til bustader for vanskelegstilte.

I proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)

  • lov om endringar i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. (merverdiavgiftskompensasjonsloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endring i lov 27. juni 2008 nr. 62 om individuell pensjonsordning

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

  • lov om endring i lov 18. desember 2015 nr. 110 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

  • lov om endringar i lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2017 (Stortingets skattevedtak)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2017

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa for budsjetterminen 2017

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om særavgifter til statskassen for budsjettåret 2017

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er nærmere omtalt i Prop. 130 LS (2016–2017). I innstillingen er saksomtalene i det følgende begrenset til kortere oppsummerende sammendrag. For nærmere omtaler og utfyllende vurderinger knyttet til de enkelte forslagene, vises det til proposisjonen. Kapittelinndelingen i innstillingen er den samme som i proposisjonen.

Komiteen presiserer at proposisjonens kapittel 4 om skattelette til pensjonister og kapittel 13 om oppfølging av finansskatten blir behandlet delvis i denne innstillingen med lovvedtak og delvis i Innst. 401 S (2016–2017) med skattevedtak. Kapitlene 8–12 i proposisjonen, som omhandler produktavgift, engangsavgift og veibruksavgift, behandles i Innst. 401 S (2016–2017) med tilhørende avgiftsvedtak. For de andre sakene i proposisjonen vises det til merknader under hvert kapittel nedenfor i denne innstillingen.

Komiteen viser for øvrig til at skatte- og avgiftssaker (opsjonsbeskatning, CO2-fond, materialavgift, fritak for merverdiavgift for digital journalistikk i tillegg til merverdiavgiftskompensasjon og tilskuddsordninger) omtalt i Meld. St. 2 (2016–2017) kapittel 4, behandles i Innst. 401 S (2016–2017) kapittel 2 og 3.