Søk

Innhold

6. Statens pensjonsfond utland – skattefritak

6.1 Sammendrag

Noregs Bank vurderer å flytte holdingstruktur for delar av investeringane i unotert eigedom i Statens pensjonsfond utland (SPU) heim til Noreg. Framtidige holdingstrukturar blir tilsvarande vurdert lagde til Noreg. Noregs Bank er friteken for skatt, men dotterselskap av Noregs Bank som høyrer heime i Noreg blir i utgangspunktet skattepliktige hit.

Det er viktig at det er enkelt å samanlikne den gevinsten ein reknar med å få frå investeringar i unotert eigedom med den gevinsten ein alternativt kan skaffe seg ved investering i noterte aksjar og obligasjonar. Det er også viktig å unngå administrasjon med å føre skatt attende til SPU. Difor foreslår departementet at norske selskap som er direkte eller indirekte eigde fullt ut av Noregs Bank, skal vere fritekne for skatt på passive inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond. Framlegget vil ikkje ha verknader for investeringane i noterte aksjar og obligasjonar.

Framlegget vil ikkje ha provenyverknader. Det vert vist til framlegg om ny § 2-40 i skatteloven. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Departementet viser dessutan til omtalar i fondsmeldingane for 2015 og 2016 (Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og Meld. St. 26 (2016–2017) Forvaltningen av Statens pensjonsfond 2016) av Noregs Bank sine vurderingar av ei eventuell flytting av holdingstrukturen for investeringar i unotert eigedom til Noreg.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.