Søk

Innhold

2. Skatteinsentivordning for langsiktige investeringer i oppstartsselskap

2.1 Sammendrag

For å kunne finansiere eit høgt velferdsnivå i åra framover er det heilt naudsynt å gjere det lønsamt å starte og utvikle nye verksemder. Det er menneske som torer å ta sjansar og satse på eigne evner, idear og ressursar som vil skape arbeidsplassar i framtida. Difor trengst det fleire gründerar som startar nye og lønsame verksemder. Regjeringa er positiv til tiltak som fremjar etablering og utvikling av nye verksemder.

Målet med ei skatteinsentivordning med frådrag for langsiktige investeringar er å auke tilgangen på privat risikofinansiering for selskap i startfasen ved å gjere det meir attraktivt å investere i oppstartsselskap.

I si behandling av budsjettet for 2017 vedtok Stortinget samrøystes å be regjeringa om å utgreie modellar for skatteinsentiv for langsiktige investeringar i oppstartsselskap, og å leggje det fram i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 3 S (2016–2017). Eit liknande oppmodingsvedtak (nr. 88 (2015–2016)) vart fatta på grunnlag av Innst. 2 S (2015–2016).

Departementet foreslår ei skatteinsentivordning som inneber at personlege skattytarar som investerer direkte eller indirekte i aksjeselskap som er seks år eller yngre og under ein viss storleik, får rett til frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar.

Det er eit vilkår at investor held aksjane i minst tre år for å få rett til frådraget. Minste investeringsbeløp er 30 000 kroner. Selskap må ha færre enn 25 tilsette, berekna ut frå årsverk, og verken driftsinntekter eller balansesum kan overstige 40 mill. kroner. For å motverke skattetilpassing vert det stilt krav om eit årleg lønsgrunnlag på minst 400 000 kroner i selskapet, og selskap må dessutan hovudsakleg drive aktivitet som ikkje er passiv kapitalforvalting. Eit selskap kan ta imot inntil 1,5 mill. kroner i investeringar årleg gjennom ordninga.

Ordninga er utforma innanfor rammene av det alminnelege gruppeunntaket i EØS-avtalen sitt regelverk om statsstøtte. Dette inneber at det ikkje er naudsynt å notifisere EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før ordninga tek til å gjelde.

Departementet anslår på svært usikkert grunnlag at frådraget vil gje eit påløpt provenytap på om lag 330 mill. kroner i 2017. Departementet legg til grunn at heile provenytapet vert bokført i 2018.

Departementet viser til framlegg om ny § 6-53 i skatteloven.

Departementet foreslår at ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

2.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til regjeringens forslag.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner det er positivt at regjeringa tek grep for å sikre finansieringa til oppstartsselskap og støttar difor ordninga som vert føreslått. Denne medlemen vil likevel peike på at ein så langt som råd bør unngå å innføre kompliserte byråkratiske ordningar som inneber ekstra arbeid og kostnader både for staten og bedriftene, og som kan gje uheldige insentiv, ulikeverdige konkurransevilkår og er sårbare for å verte misbrukte av useriøse aktørar. Denne medlemen ser einskilde slike problem med dette framlegget og legg til grunn at regjeringa og departementet vil gjere seg stor møde med å sikre ei fornuftig innretning og utvikling av ordninga som tek mål av seg til å minimere slike negative bieffektar.

Denne medlemen vil elles peike på at Senterpartiet har ein offensiv gründer- og SMB-politikk og at partiet både i sitt alternative statsbudsjett for 2017 og i det nyleg vedtekne partiprogrammet for perioden 2017–2021 legg opp til ei rekke tiltak som vil styrke sektoren monaleg. Denne medlemen hadde gjerne sett at regjeringa også hadde vurdert nokre av desse tiltaka.

Denne medlemen vil elles peike på at regjeringa har gløymd distrikta i gründerpolitikken sin. Eit eklatant døme på dette er at innretninga av den nye finansskatten med eit betydeleg arbeidsgjevaravgiftselement trugar banktenestene i distrikta, noko som kan få svært dramatiske konsekvensar for høvet til å finansiere gründerverksemd utanfor sentrale område. Bankfinansiering er den desidert viktigaste finansieringskjelda for næringslivet. Menon-rapporten «Lokale sparebankers betydning for norsk næringsliv» frå 2013 viser at det at det finst ein lokal sparebank i eit område aukar sannsynet monaleg for at bedrifter får lån, og at låna som vert ytte, også er større. Det kan på ein slik bakgrunn ikkje vere kontroversielt å hevde at regjeringa gjennom innretninga på finansskatten reduserer finansieringsmoglegheitene til gründerar i distrikta. Det er ingen grunn til å tru at grepet regjeringa no gjer, vil vere i nærleiken av å kunne vege opp for denne store ulempa regjeringa har påført gründerar i distrikta. Denne medlemen oppmodar regjeringa om å ta grep for å sikre betre vilkår for gründerar også i distrikta.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti merker seg at regjeringa enno ein gong kommer med store skattekutt til dei rikaste, utan at dei kan sannsynleggjere at skattekutta vil få nokon effekt. Før valet i 2013 var kutt i formuesskatten ein hovudsak for regjeringspartia, som argumenterte med at kutt i formuesskatten ville auke investeringane i norsk næringsliv. Denne medlemen konstaterer at resultatet så langt er magert. Etter å ha brukt 5,5 mrd. kroner på å redusere formuesskatten, er investeringsnivået i norsk næringsliv på ei rekordlågt nivå. Det kan vanskeleg kallast noko anna enn ein total fiasko for høgresidas viktigaste skattepolitiske satsing.

Denne medlemen viser til at regjeringa sitt forslag har eit påløpt provenytap på 330 mill. kroner i halvårseffekt i 2017. Dette er eit betydelig beløp. Likevel kan ikkje regjeringa svare på kor mange ekstra nye bedrifter ordninga vil bidra til, eller korleis ein skal sikre at denne ordninga ikkje berre først og fremst bidrar til store skattefrådrag for investeringar i allereie ganske etablerte selskap. Denne medlemen viser til at regjeringa har uttala at om lag 40 pst. av alle norske bedrifter faller inn under denne ordninga, noko som betyr at denne ordninga er lite målretta. Denne medlemen peiker vidare på at forslaget vil bety store skattekutt til dei som har råd til å investere store summar, og samtidig har nok inntekt til å få fullt ut nytte av så store frådrag. Dermed blir dette enno eit skattekutt til dei aller rikaste i landet. Denne medlemen viser til at regjeringa sitt forslag vil bli dyrt, lite treffsikkert og ha dårlige fordelingseffektar, og går difor mot forslaget.