Søk

Innhold

5. Verdsettelsesrabatt i formuesskatten

5.1 Sammendrag

Som ein del av forliket om skattereform bad eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å innføre ein verdsetjingsrabatt i formuesskatten på 20 pst. for aksjar og driftsmiddel og tilhøyrande gjeld innan 2018. Det er i den samanhengen innført ein verdsetjingsrabatt på 10 pst. for aksjar og driftsmiddel m.m. og ein tilsvarande reduksjon av frådraget for gjeld for 2017, sjå Prop. 1 LS (2016–2017). Rabatten skal etter planen aukast til 20 pst. i 2018. Vidare var det under budsjettforhandlingane semje om at verdsetjingsrabatten for sekundærbustader skulle reduserast frå 20 pst. til 10 pst.

Nokre av reglane som har samanheng med ovannemnde har ikkje vorte vedtekne i tråd med intensjonen. Departementet foreslår at desse reglane vert endra i tråd med intensjonane i Prop. 1 LS (2016–2017) og Innst. 4 L (2016–2017). Departementet viser til framlegg til endring av skatteloven § 4-10 andre ledd, nytt sjuande ledd i skatteloven § 4-12, og endring av skatteloven § 4-19 tredje ledd.

Endringane vil sikre det provenyet som vart lagt til grunn i statsbudsjettet for 2017. Det er difor ikkje grunnlag for å budsjettere med provenyverknader av framlegget.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner at regjeringa har vore for treg med innføringa av verdsettingsrabatten og peiker på at denne ordninga, dersom ho hadde vorte fasa inn raskare, kunne hatt ein positiv verknad for mange føretak som har opplevd vanskar i kjølvatnet på oljepriskrisa.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti gikk i mot auka verdsettingsrabatt for aksjar og driftsmiddel både i partiets alternative statsbudsjett for 2017 og i skatteforliket frå 2016, og vil presisere at støtte til oppretting av reglane i denne innstillinga ikkje skal tolkast som ei støtte til verdsettingsrabatten.