1.1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov
Samanlikna med rekneskapen
for 2016 har finansieringsbehovet minka med knapt 13,4 mrd. kroner,
frå 48,2 mrd. kroner i 2016 til 34,9 mrd. kroner i 2017. Utlån og
aksjeteikning m.m. minka med 38,8 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane
auka med 6,3 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar betra
seg med 4,4 mrd. kroner, slik at det netto finansieringsbehovet
vart 49,5 mrd. kroner mindre enn i 2016. Det var ein auke i betalt avdrag
på statsgjelda på 36,2 mrd. kroner i 2017 samanlikna med 2016. Endringane
i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.
Utgiftene til utlån
vart 4,0 mrd. kroner høgare enn venta ved nysalderinga. Meirutgiftene
under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 7,2 pst.
av løyvinga, medan meirutgiftene under Statens lånekasse og Husbanken
svarar til høvesvis 0,4 og 4,2 pst. Mindreutgiftene på lån frå Eksportkredittordninga
svarar til 9,9 pst. av løyvinga, medan mindreutgiftene på lån frå Innovasjon
Noreg svarar til 1,9 pst. av løyvinga. Føretakskapitalen i Bane
NOR SF vart fastsett til 7,7 mrd. kroner, som er 4,2 mrd. kroner
meir enn i budsjettet, jf. fullmakt frå Stortinget til å utgiftsføre
og inntektsføre på kap. 1356 og 4356 endelege beløp knytte til overføring av
Rom Eiendom AS frå NSB AS til Bane NOR SF.
Tilbakebetalingane
vart 4,3 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga.
Netto utlån vart
dermed 0,3 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen
syner eit overskot på 8,6 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 8,9
mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.
Avdrag på innanlandsk
statsgjeld i 2017 vart 51,0 mrd. kroner som i budsjettet, og brutto
finansieringsbehov er dermed òg 8,9 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.
Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med
overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart rekneskapsført
lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2017 for utbyteaksjar
i Statoil ASA. Verknaden på nettofinanstransaksjonar knytte til
petroleumsverksemda overført til Statens pensjonsfond utland var
null.
Statens lånebehov
og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet.
Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til
einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje
har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital
til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget
om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2017 ingen store overføringar
av kapital til eller frå tilskotsfond.