Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Prop. 27 S (2018–2019) om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Utanriksdepartementet, og Prop. 28 S (2018–2019), kap. 480, om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

Samandrag – Prop. 27 S (2018–2019)

Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å redusere løyvingane med 517 mill. kroner. Av dette gjeld 62 mill. kroner lågare kontingentutgifter til internasjonale organisasjonar (kap. 116) og 455 mill. kroner gjeld mindreutgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117).

Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om å auke enkelte postar med til saman 232,2 mill. kroner og redusere andre postar tilsvarande. Nye overslag viser at ODA-godkjende flyktningutgifter i Noreg blir 200,2 mill. kroner lågare enn budsjettert for 2018. Mindreutgiftene blir i denne proposisjonen foreslått omdisponerte til m.a. næringslivstiltak, humanitær hjelp, hjelp til sårbare statar og regionar, og tiltak for fred, helse og klima.

I tillegg blir det gjort framlegg om at Noreg deltek i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken.

Programområde 2 Utanriksforvaltning

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 62 mill. kroner. Den delen av kontingentane som er klassifisert som utviklingshjelp (ODA) etter OECD sine retningslinjer blir løyvd under kap. 170 post 78.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast og Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 med 225 mill. kroner og post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 med 230 mill. kroner.

Programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp

Kap.161 Næringsutvikling

Post 70 Næringsutvikling, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 100 mill. kroner.

Kap. 162 post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar

Post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner, fordelt som følgjer:

  • Sahel-regionen gjennom FNs fredsbyggingsfond – 20 mill. kroner

  • International Organization for Migration (IOM) – 5 mill. kroner

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner slik at kjernebidraget til IOM i 2018 blir totalt 15 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 34,1 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati

Post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast og Post 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land med 12 mill. kroner og redusere løyvinga på 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar med 12 mill. kroner.

Kap.166 Klima, miljø og fornybar energi

Post 72 Klima og miljø, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner, fordelt som følgjer:

  • FNs organ for katastrofeførebygging (UNISDR) – 10 mill. kroner

  • Verdsbankens globale fasilitet for katastrofeførebygging og gjenreising (GFDRR) – 10 mill. kroner

Løyvinga til GFDRR for 2018 er på 13 mill. kroner. Det blir foreslått å auke bidraget med 10 mill. kroner som vil inngå i årets addendum til den eksisterande avtalen.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 200,2 mill. kroner.

Kap. 169 Global helse og utdanning

Post 70 Global helse, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 14 mill. kroner.

Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.

Post 76 FN og globale utfordringar, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner.

Post 78 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 20 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner.

Andre saker

Afrikabanken – reallokering av aksjar og forslag om norsk deltaking

Som følgje av at enkelte ikkje-regionale medlemsland ikkje har oppretthalde krava til betaling av årlege kapitalinnskot, gjer Afrikabanken (AfDB) ei reallokering av tildelte aksjar.

Forslag til romartalsvedtak:

Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken mellom ikkje-regionale medlemer, basert på ein pro-rata fordeling. Det inneber forplikting til å innbetale UA 90 000 i 2019 og ein auke i den norske garantiramma til AfDB med UA 1 400 000. UA tilsvarer kursen for SDR (Special Drawing Rights). 1 SDR = 11,71 kroner per 20. november 2018.

Samandrag – Prop. 28 S (2018–2019), kap. 480

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskot

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot auka med 53 mill. kroner. Løyvinga vart ved ein inkurie ikkje fordelt internt på Svalbardbudsjettet.

Departementet foreslår derfor desse endringane på Svalbardbudsjettet:

Kap. 3, post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre blir foreslått auka med 27 mill. kroner. Kap. 7 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak blir foreslått auka med 26 mill. kroner. Det blir foreslått at kap. 7 post 30 blir påført stikkordet «kan overførast», sidan dei planlagde tiltaka vil bli sluttførte i 2019.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, lederen Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet, Steinar Ness, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Venstre, Solveig Schytz, og fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet 2018 for Utenriksdepartementet, jf. Prop. 27 S (2018–2019).

Komiteen viser videre til endringene foreslått under kap. 480 Svalbardbudsjettet i Prop. 28 S (2018–2019).

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonene og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

116

Deltaking i internasjonale organisasjonar

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar, vert redusert med

62 000 000

frå kr 1 349 500 000 til kr 1 287 500 000

117

EØS-finansieringsordningane

77

EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast, vert redusert med

225 000 000

frå kr 787 554 000 til kr 562 554 000

78

Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast, vert redusert med

230 000 000

frå kr 659 155 000 000 til kr 429 155 000

161

Næringsutvikling

70

Næringsutvikling, kan overførast, vert auka med

100 000 000

frå kr 385 300 000 til kr 485 300 000

162

Overgangshjelp/sårbare statar og regionar

70

Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast, vert auka med

25 000 000

frå kr 350 000 000 til kr 375 000 000

163

Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

70

Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast, vert auka med

34 078 000

frå kr 4 677 202 000 til kr 4 711 280 000

164

Fred, forsoning og demokrati

73

Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast, vert auka med

12 000 000

frå kr 405 500 000 til kr 417 500 000

74

Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar, kan overførast, vert redusert med

12 000 000

frå kr 87 700 000 til kr 75 700 000

166

Klima, miljø og fornybar energi

72

Klima og miljø, kan overførast, vert auka med

20 000 000

frå kr 1 050 200 000 til kr 1 070 200 000.

167

Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

200 244 000

frå kr 1 027 675 000 til kr 827 431 000

169

Global helse og utdanning

70

Global helse, kan overførast, vert auka med

14 002 000

frå kr 3 233 916 000 til kr 3 247 918 000

170

FN-organisasjonar m.m.

76

FN og globale utfordringar, kan overførast, vert auka med

25 000 000

frå kr 222 300 000 til kr 247 300 000

78

Pliktige bidrag til FN-organisasjonar mv., kan overførast, vert redusert med

20 000 000

frå kr 235 000 000 til kr 215 000 000

171

Multilaterale finansinstitusjonar

71

Regionale bankar og fond, kan overførast, vert auka med

2 164 000

frå kr 837 000 000 til kr 839 164 000

II
Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB)

Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek, basert på ein pro-rata lott, i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken mellom ikkje-regionale medlemer. For Noregs del inneber dette forplikting i form av ein innbetalt lott på til saman UA 90 000, som blir utbetalt som to like innskot i 2019. I tillegg inneber det ein auke i den norske garantiramma til AfDB med UA 1 400 000.

III

Stortinget sluttar seg til følgjande endringar i Svalbardbudsjettet for 2018: Kap. 3, post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre blir auka med 27 mill. kroner. Kap. 7 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak blir auka med 26 mill. kroner, kap. 7 post 30 blir påført stikkordet «kan overførast».

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 6. desember 2018

Anniken Huitfeldt

leder og ordfører