6. Ektefellebeskatning

6.1 Sammendrag

Som ledd i regjeringa sitt arbeid med forenklingar i skatte- og avgiftsregelverket har departementet vurdert moglege forenklingar i reglane om skattlegging av ektefellar. Fleire av reglane om skattlegging av ektefellar er vanskelege å forstå for skattytarar og er samstundes administrativt krevjande for Skatteetaten. Ei utfordring ligg i at formuen og inntektene til ektefellane heilt eller delvis skal leggjast saman før endeleg skatt vert fastsett, og at ein i nokre tilfelle må vurdere gunstigaste skattemåte manuelt. Ein har òg særlege unntak og andre fristar enn i skatteloven elles. Det gjer at manuell behandling ofte er naudsynt. Vidare skapar reglane i mange høve uvisse og behov for rettleiing til skattytarane. Etter opphevinga av skatteklasse 2 frå og med inntektsåret 2018 betyr nokre reglar for skattlegging som ektefellar ikkje lenger noko i praksis. Samstundes har ein dei seinare åra innført fleire skattereglar som byggjer på individuell fastsetjing. Det gjer ei vurdering av gunstigaste skattemåte for ektefellar mindre aktuell. Auka digitalisering inneber òg at ein i nokre av reglane kan leggje betre til rette for automatisk behandling i Skatteetaten sine system.

På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om enkelte justeringar og oppdateringar av reglane om skattlegging av ektefellar. Endringane gjer reglane enklare å forstå for skattytarane og betre tilpassa automatisk behandling i Skatteetaten.

Departementet gjer framlegg om å oppheve hovudregelen om at ektefellar skal verte skattlagde under eitt for alminneleg inntekt, sidan denne ikkje lenger har nokon praktisk verknad. Etter opphevinga av skatteklasse 2 vert ektefellar alltid skattlagde særskild for alminneleg inntekt fordi dette no alltid løner seg.

Departementet gjer vidare framlegg om å endre tidspunktet for når skattlegging som ektefellar tek til å gjelde, til utgangen av 31. desember året før inntektsåret. Fristen vert då ved årsskiftet som i skatteloven elles. Etter gjeldande reglar vert berre dei som har inngått ekteskap innan utgangen av 31. oktober, skattlagde som ektefellar frå det etterfølgjande inntektsåret. Meir effektiv handtering av informasjon gjer at Skatteetaten ikkje lenger treng tida fram til årsskiftet for utskriving av skattekort og fastsetjing av skattemanntal. Ein frist ved årsskiftet kan behandlast automatisk og er enklare å forstå for skattytarane.

Departementet gjer i tillegg framlegg om å endre tidspunktet for fastsetjing av skattestad frå 1. november året før inntektsåret til utgangen av 1. januar i inntektsåret. Med det vidarefører ein dagens samordning med reglane for skattlegging av ektefeller, og reglane vert samstundes betre tilpassa automatisk behandling og den faktiske bustaden til ei kvar tid.

Departementet vil òg gjere framlegg om å oppheve unntaket som gjer det mogleg å krevje skattlegging som ektefellar allereie eitt år tidlegare enn hovudregelen. Unntaket gjeld dersom ektefellane har stifta felles heim innan utgangen av inntektsåret dei giftar seg. Unntaket er lite nytta, og ein antek at det vert enda mindre brukt etter at skatteklasse 2 vart oppheva. Då det i dag er vanleg at ektefellar allereie bur saman når dei giftar seg, fjernar ein òg ei føresegn som ville vore svært administrativt krevjande for Skatteetaten å praktisere.

Vidare gjer departementet framlegg om at ektefellar ikkje lenger skal reknast å leve «varig adskilt» sjølv om ein av ektefellane har langvarig opphald eller er bustadsregistrert på institusjon i folkeregisteret. Etter framlegget skal desse ektefellane no alltid verte skattlagde som ektefellar, og ikkje individuelt.

Gjennom skatteloven § 2-16 får desse endringane i reglane for skattlegging av ektefellar tilsvarande verknad for meldepliktige sambuarar.

Framlegga til endringar som er nemnde ovanfor, vil gje klårare reglar og føre til forenklingar både for skattytarane og for Skatteetaten. Endringane skal gjelde frå 2020, men vert fremja allereie i revidert nasjonalbudsjett, slik at Skatteetaten skal få høve til å gjere dei naudsynte endringane i sine system fram til årsskiftet. Departementet legg til grunn at endringane ikkje vil ha nemneverdige verknader for provenyet.

Departementet syner til framlegg til endringar i skatteloven § 2-10, § 2-11, § 2-12, § 3-1 og § 3-4 og i inndelingslova § 12. Ein legg opp til at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2020.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.