1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Musea våre er uttrykk for utviklinga av eit samfunn, sjølvkjensla i ein nasjon, standarden for ytringsfridom og demokrati i ein fellesskap. Museumsinstitusjonar er demokratiske berebjelkar, ein del av den avgjerande infrastrukturen for demokratiutøving og frie ytringar. Museumspolitikken legg difor grunnlag for ein del av vår felles danning.

Regjeringa ynskjer eit rikt og mangfaldig kulturliv med plass til mange stemmer, historier og perspektiv. Difor har regjeringa sett i gang eit krafttak for mangfald i deltaking, publikum og representativitet. Å lukkast med dette fordrar mellom anna aktive museum. Grunnleggjande museumsfaglege spørsmål er òg grunnleggjande samfunnsspørsmål.

Musea er kunnskapsinstitusjonar. Kunnskap er makt. Musea har makt til å definera historisk verdi, historisk relevans, samtidig aktualitet og perspektiv på sanning. Museumspolitikk er difor politikk for grunnleggjande samfunnsverdiar, og musea er samstundes med på å forma desse verdiane.

Målet med meldinga er å dra liner for utviklinga av museumssektoren i eit generasjonsperspektiv.

Musea må kunna handtera samansette interesser og utviklingsdrag. Samstundes må dei finna si form i ei tid der store globale utviklingstrekk knytte til digitalisering, klimautfordringar og endra samhandlingsmønster, legg viktige premissar. Meldinga har som mål å sjå musea som samfunnsinstitusjonar med samanbindingskraft og grunnkompetanse som vil vera sentral og viktig i den vidare utviklinga av det demokratiske Noreg.

Stortingsmeldinga vert lagt fram i ei tid då covid-19-pandemien har sett djupe spor i samfunnet. Ein ting er dei tydelege økonomiske konsekvensane her og no, men det er òg gjort erfaringar i denne tida som kan få innverknad på korleis musea formidlar og kommuniserer utover, og korleis dei innrettar seg mot ulike grupper av besøkjande.

Meldinga har undertittelen Tillit, ting og tid. Dette er ikkje rapporteringskategoriar, men grunnleggjande storleikar som musea forvaltar.

Regjeringa vil med meldinga leggja til rette for at musea kan forvalta både tilliten, tinga og tida på vegner av, og til beste for, vår mangfaldige fellesskap, også gjennom neste generasjon.

1.2 Historisk og kulturpolitisk inngang til musea i samfunnet

Framvoksteren av museum som samfunnsinstitusjonar har røter både i framdyrking av kunnskap og forståing, og i kunnskapens rolle i maktutøving og samfunnsutvikling til ulike tider.

I kapittel 2 i meldinga vert det gjeven ein kort museumshistorikk og ei framstilling av museumsutviklinga i Noreg frå 1800-talet til i dag.

Proposisjonen peikar på at det mest markante grepet i den statlege museumspolitikken dei siste tjue åra kan seiast å vere artikulert i ABM-meldinga frå 1999 og i den etterfølgjande prosessen, som seinare har fått nemninga museumsreforma.

1.3 Vurdering av museumsreforma

ABM-meldinga målbar ein ambisjon om ei større omstrukturering av museumssektoren. Reforma har omfatta dei musea som har fått driftstilskot frå Kulturdepartementet. Museum under andre departement, slik som universitetsmusea og etatsmusea, er difor ikkje ein del av denne prosessen. Det er heller ikkje musea som får driftstilskot frå Sametinget

Reformperioden vert rekna over to periodar. Den fyrste vart avslutta med ei ny melding til Stortinget i 2009, Framtidas museum. Forvaltning, forsking, formidling, fornying. Periode to kan seiast å gå fram til føreliggjande melding og vert oppsummert i vurderinga av reforma i meldinga.

I tillegg til tal frå museumsstatistikken og Norsk kulturråd, byggjer framstillinga i meldinga i all hovudsak på vurderingar og konklusjonar som Telemarksforsking presenterer i utgreiinga Museum og samfunn. En utredning om museenes samfunnsroller i lys av museumsreformen, tinga av Kulturdepartementet i samband med meldingsarbeidet.

Overordna konkluderer utgreiinga med at ein sidan reforma vart sett i verk i 2002, har sett ei utvikling av eit anna og på fleire måtar langt meir profesjonalisert museumslandskap. Dette viser seg gjennom styrkt økonomi, fleire tilsette, høgare aktivitet og meir samarbeid. Tala viser òg at voksteren i årsverk ved musea gjennom reforma har kome blant dei faglege tilsette. Samstundes har dei organisatoriske grepa gjeve nokre utfordringar, særleg knytte til eigarskap til samlingar og til det frivillige arbeidet.

Kulturdepartementet vurderer det slik at resultata av museumsreforma er litt ulike i ulike regionar og i ulike institusjonar.

Departementet legg alt i alt til grunn at det i alle regionar og institusjonar i det nasjonale museumsnettverket i dag er betre føresetnadar for vidare museumsfagleg utvikling, enn før reforma tok til. Det ser i augneblinken ikkje ut til at det store biletet er i endring når det gjeld tenleg innretting av einingar og formidlingsarenaer. Ytterlegare konsolideringar vil framleis kunna vera aktuelt i nokre regionar, men i store delar av landet tyder mykje på at ein no har eit greitt tal museumseiningar med statlege driftstilskot.

Gjennom ei samkøyring av elles ulike museumseiningar i eit nasjonalt museumsnettverk, som har fått fleire møteplassar og samhandlingsarenaer, ligg mykje til rette for vidare fagleg utvikling i sektoren som heilskap.

1.4 Musea i samfunnet fram mot 2050

At musea våre er sentrale aktørar i den grunnleggjande infrastrukturen for demokrati og frie ytringar, står fast. Regjeringa meiner at det også framover er dette som fyrst og fremst legitimerer at det offentlege engasjerer seg for museumssektoren. I dette er det særleg viktig å sikra mangfald og representativitet.

Regjeringa meiner at den vidare utviklinga av museumssektoren fram mot 2050 står overfor nokre store, grunnleggjande utviklingstrekk som grip inn i musea sitt arbeid på mange måtar. Globalisering og digitalisering endrar både tilgang til og samspel med omverda. Klimautfordringar og arbeidet for ei berekraftig framtid vil prega alle delar av samfunnsutviklinga.

Regjeringa ynskjer ein museumssektor som på best mogeleg fagleg grunnlag er offensivt retta mot omgjevnadane, profesjonell i arbeidsformer og faglege prioriteringar og søkjande i spørsmålsstillingar og innfallsvinklar. Det er òg avgjerande at musea aktivt søkjer partnarskap som legg grunnlag for solid økonomi forankra i ulike finansieringskjelder. Desse måla meiner regjeringa det einskilde museet, og sektoren samla sett, best kan nå gjennom:

  • Solid kunnskapsproduksjon

  • Relevant formidling

  • Heilskapleg samlingsutvikling

  • Trygg ivaretaking

  • Aktiv samhandling

Dei sentrale aktørane i ei slik utvikling er musea sjølve. Profesjonell og solid drift er avgjerande for å få dette til. Trygg økonomi- og ressursstyring, systematiske prioriteringar, godt planverk, god digital kompetanse og effektiv bruk av digitale verktøy, god museumsfagleg kompetanse og godt samspel med andre aktørar, er sentrale styringsparameter for den framtidige museumspolitikken. Regjeringa vil leggja til rette for at musea framleis kan vera viktige og vitale samfunnsaktørar gjennom:

  • Tydeleg forvaltning og treffsikre verkemiddel

  • Kunnskapsbasert politikkutvikling

1.5 Solid kunnskapsproduksjon

Musea er kunnskapsinstitusjonar i brei forstand. Solid kunnskapsproduksjon er ein viktig føresetnad for utvikling av relevante formidlingstilbod. Det er eit mål for regjeringa å gjera kulturarven meir tilgjengeleg, mellom anna ved å styrkja forskings- og formidlingskompetansen i musea. Kulturdepartementet meiner at musea framover skal ha ei endå tydelegare rolle som kunnskapsinstitusjonar, knytt til forsking, immateriell kulturarv, kulturelt samspel og kritiske perspektiv. Departementet forventar at musea i tida som kjem vidareutviklar denne posisjonen og arbeider for at kunnskapen når vidt ut i det offentlege rommet og det offentlege ordskiftet.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Fasa inn eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking og knyta desse til ein eller fleire forskarskular for museumsforsking.

  • Innretta ei søknadsordning for finansiering av museumsforsking. Ordninga skal rettast mot samarbeidsprosjekt mellom forskarar i museumssektoren og UH-sektoren.

  • Sjå nærare på korleis forskinga i ABM-sektoren samla sett kan styrkjast og sjåast i samanheng.

  • Styrkja musea sitt arbeid med handlingsboren kunnskap og annan immateriell kulturarv.

  • Utarbeida ein strategi for folkemusikk og folkedans, og i denne samanhengen sikra relevante lyd- og biletopptak m.m.

  • La musea få høve til å digitalisera informasjonen om samlingane og gjera mest mogeleg ope tilgjengeleg for allmenta.

  • Vidareføra brukar- og bruksundersøkingar for museum i det nasjonale museumsnettverket.

  • Utvikla betre måleindikatorar for musea sitt kunnskapsarbeid.

1.6 Relevant formidling

Å formidla kunnskapen dei sit på til ulike brukargrupper, er ei hovudoppgåve for musea. I dette er det sentralt at det som vert formidla, vert opplevd relevant og interessant for alle dei ulike brukarane av musea. I tillegg må musea alltid utfordra seg sjølve på om dei når breitt nok ut, og om mange nok har høve til å ta del i formidlinga. Basert på kunnskapen og materialet musea har, kan dei gå inn i aktuelle problemstillingar i samtida og setja spørsmål under debatt. Relevant formidlingsarbeid vil framover ikkje minst vera tufta på samspel og aktiv dialog med brukarane om kva dei meiner er relevante tematikkar og relevante formidlingsformer. Ved å la nye røyster sleppa inn, kan historieforteljinga i musea inkludera eit større røynslemangfald.

Musea kan gje born og unge unike læringserfaringar. Musea når eit stort tal born og unge gjennom samarbeid med Den kulturelle skulesekken (DKS).

Kulturdepartementet meiner at den fysiske formidlinga i musea kan få ekstra kraft framover di meir gjennomgripande digitaliseringa av samfunnet vert. Den fysiske museumsvitjinga og den digitale formidlinga må utfylla kvarandre på måtar som styrkjer museumsformidlinga i stort.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Ha dialog med Sametinget for å leggja til rette for at dei samiske musea og musea i det nasjonale museumsnettverket utviklar fleire kontaktflater og samarbeid.

  • Auka kunnskapen om musea sitt arbeid med å sikra tilgang for alle, gjennom tilpassa statistikkrapportering og breiare kunnskapsutvikling.

  • Vurdera ein heilskapleg nasjonal strategi for tilgjenge, m.a. universell utforming, i musea.

  • Sjå til at musea arbeider systematisk for å sikra mangfald i deltaking, medverknad og innhald i formidlinga.

  • Leggja til rette for at musea vidareutviklar posisjonen som læringsarenaer i brei tyding, m.a. gjennom tettare samarbeid med vitskaplege miljø.

  • Sikra at born og unge får møta kunst og kulturarv gjennom musea.

  • Auka kunnskapen om føremålstenleg digital formidling ved musea.

1.7 Heilskapleg samlingsutvikling

Musea forvaltar store samlingar. I 2019 viste museumsstatistikken at det vart rapportert om 23 millionar gjenstandar og meir enn 39 millionar fotografi. 78 museum forvalta i alt 5 052 kulturhistoriske bygningar, og 34 museum forvalta totalt 80 teknisk-industrielle anlegg. 38 av musea forvalta 136 ulike kulturlandskap, med eit samla brutto areal på om lag 32 600 dekar, og 48 av musea hadde ansvar for om lag 3 360 dekar med hageanlegg. I tillegg til at musea forvaltar alt dette, har dei store samlingar av private arkiv. I 2019 utgjorde dette om lag 6 pst. av den totale arkivmengda. Utvikling og balansering av samlingane slik at dei på best mogeleg måte representerer utviklinga på det fagområdet det einskilde museet arbeider med, er avgjerande for god fagleg utvikling.

Utfordringa for musea ligg i å vera fagleg oppdaterte og merksame på tendensar som medverkar til at kulturuttrykk anten kan dominera eller verta marginaliserte. Dette er ei grunnleggjande museumsfagleg problemstilling, som føreset at musea har fagleg autonomi andsynes politiske og kommersielle interesser. Kulturdepartementet vil framover leggja vekt på at arbeid i nettverk, og andre former for samhandling, medverkar til meir koordinert samlingsutvikling. Målet er at arbeidet som musea i det nasjonale museumsnettverket samla sett gjer gjennom samlingsarbeidet, er dekkjande og balansert med tanke på mangfald og representativitet både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Leggja til rette for ei samordna samlingsutvikling nasjonalt, som særleg ivaretek dimensjonar ved mangfald og representativitet.

  • Sjå til at alle musea i det nasjonale museumsnettverket får på plass skriftlege avtalar for samlingane som den konsoliderte eininga forvaltar.

  • Sjå til at dokumentasjons- og samlingsarbeidet ved musea medverkar til å nå ambisjonen om å styrkja musea som kunnskapsinstitusjonar.

  • Utarbeida felles rettleiar for korleis musea skal handtera provenienslause gjenstandar som ikkje er mogeleg å spora til funnstad eller repatriera til opphavs- eller utførselsland.

  • Leggja til rette for at samlingane ved musea vert digitalt dokumenterte i tilstrekkeleg grad til at samlingsutviklinga i sin heilskap kan gjerast i dei digitale miljøa.

  • Leggja til rette for at musea, som del av eit større kulturfelt, aktivt medverkar til å byggja opp under FNs berekraftsmål.

  • Fylgja opp bygningsvernundersøkinga ved å leggja til rette for prosjekt som medverkar til eit betre kunnskapsgrunnlag for den samla kulturhistoriske bygningsarven, mellom anna som del av kunnskapsgrunnlaget i kulturmiljøforvaltninga sitt arbeid med dei nye bevaringsstrategiane.

  • Medverka til kartlegging av samiske gjenstandar i utanlandske samlingar.

  • Vurdera tiltak for å tryggja ei god og samordna utvikling av samlingane innanfor det visuelle kunstfeltet.

  • Leggja til rette for å gjennomføra Bååstede-prosjektet. (Avtale inngått mellom Sametinget, Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo i 2012 med ein intensjon om at samiske kulturhistoriske gjenstandar skal førast attende frå dei to musea til seks samiske museum.)

1.8 Trygg ivaretaking

Det er viktig for regjeringa å verna om vår felles kulturarv og gjera han tilgjengeleg for eit breitt publikum. Ein føresetnad er at musea har tilfredsstillande vedlikehalds- og bevaringsressursar. Ulike gjenstandstypar krev ulike typar kompetanse og bevaringstilhøve, og det er musea sjølve som er dei beste til å vurdera dette. I dei seinare åra har det offentlege lagt vekt på å medverka til å betra tilhøva for museumssamlingane, gjennom å prioritera søknader om investeringstilskot frå museum.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Vidareføra ein politikk som gjev musea tilstrekkeleg tilgang til handverkarar og annan bevaringskompetanse, og som sikrar samlingane gode fysiske bevaringstilhøve.

  • Sikra at Nasjonalbibliotekets digitaliseringsløype for musea vert godt koordinert musea imellom, og at det skjer på ein måte som òg ivaretek Nasjonalbiblioteket sitt behov for effektivitet.

  • Sikra at musea får ta del i langtidsbevaringssystem for digitale objekt i Arkivverket og Nasjonalbiblioteket.

  • Innretta ei særleg satsing for heilskapleg ivaretaking av bygningsarven.

  • Styrkja det tverrfaglege samarbeidet ved å kartleggje behov og avklare ansvarsforhold for tilskotsordningar i dialog med andre sektorar, med sikte på best mogeleg samordning, og for å innretta verkemidla mest mogeleg kostnadseffektivt og treffsikkert.

  • Regjeringa vil sikra at flytande fartøy, tekniske og industrielle kulturminne og museumsjarnbanar, har føreseielege økonomiske rammer til drift, vedlikehald og formidling.

  • Vidareutvikla samarbeidet mellom verdsarvsentera og dei involverte musea.

  • Syta for at ulike tilskotsordningar medverkar til at den immaterielle og materielle kulturarven vert sett i samanheng.

  • Gjennomføra tiltaksplanane Kystkultur og Kunst i nord.

1.9 Aktiv samhandling

Musea er ein del av den kulturelle infrastrukturen for eit sunt og levande demokrati. Dei er kunnskapsinstitusjonar og inngår saman med andre kultur- og utdanningsinstitusjonar i dannings- og opplæringsprosessar for stadig nye generasjonar. Samstundes er dei sosiale møteplassar og stader for opplevingar og nye oppdagingar.

Dei seinare åra har me sett at forståinga av korleis eit museum samhandlar med verda rundt, har teke opp i seg ei meir aktiv rolle når det gjeld å ta opp utfordrande spørsmål, ta stilling og setja lys på dagsaktuelle problemstillingar. Dette er ei internasjonal utvikling og vart ikkje minst synleg i ICOMs forslag til ny museumsdefinisjon framlagt hausten 2019. Den nye definisjonen la vekt på musea si rolle som demokratiserande, inkluderande og polyfone stader for kritisk dialog om fortid og notid. Forslaget vekte stor debatt og vart ikkje vedteke i fyrste omgang, men illustrerer ei brei, internasjonal utvikling av museum som utoverretta og samtidsorienterte aktørar på fleire måtar enn tidlegare.

Kulturdepartementet meiner at musea framover må vera særleg opptekne av si eiga rolle som ein samhandlande aktør med samanbindingskraft på tvers av fagfelt, institusjonar, brukargrupper og interessentar.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Vidareutvikla dei faglege nettverka og vurdera korleis oppgåva som ansvarsmuseum skal fylgjast opp.

  • Leggja til rette for meir hospitering musea imellom, nasjonalt og internasjonalt.

  • Styrkja forsking og kunnskapsarbeid om musea og dei frivillige.

  • Leggja til rette for samhandling og erfaringsutveksling mellom vitensenter og museum.

  • Fylgja opp strategien for kultur og reiseliv frå ein museumsståstad.

  • Leggja til rette for godt samspel mellom dei tre sektorane arkiv, bibliotek og museum.

1.10 Tydeleg forvaltning og treffsikre verkemiddel

Eit grunnleggjande prinsipp i norsk kulturpolitikk er at kulturinstitusjonane skal ha ei sjølvstendig stilling i relasjon til politiske styresmakter. Musea er fagleg autonome institusjonar. Museumspolitikken skal leggja til rette for at sektoren kan utvikla seg på ein god måte, men ikkje leggja føringar som grip inn i fagleg sjølvstende og innhaldsmessige prioriteringar. Likevel er det knytt forventningar, lovverk og kontrollrutinar til offentlege løyvingar. Dette gjeld òg for museumssektoren. Kulturdepartementet meiner at den beste måten å handtera denne balansegangen på, er tydeleg forvaltning, relevante verkemiddel og god dialog med sektoren.

Det vil i tida framover vera viktig å føra ein museumspolitikk som utviklar verkemiddel som treffer heile sektoren, ubunde av forvaltningsansvar. Det er òg ynskjeleg å sjå nærare på løysingar som forenklar søknads- og rapporteringsprosessar. Vidare er det viktig å byggja større kunnskap om sektoren som heilskap. Dessutan er det eit mål å betra samhandlinga mellom museumsforvaltning og kulturmiljøforvaltning, og mellom sentrale aktørar i ABM-feltet.

Departementet meiner det må vera eit berande prinsipp for museumspolitikken at fagleg utvikling skjer i sektoren. Styresmakter og tilskotsgjevarar skal ha tillit til at musea sjølve er dei beste til å driva fagleg utviklingsarbeid og dei beste til å definera eigne behov.

Gjennom handsaming av budsjettsøknadar og dialog med sektoren ser departementet at på nokre område er det ynskjeleg med eit større lyft dei neste åra for å sikra representativitet og tilgang i heile landet

Departementet meiner at forvaltningsansvaret for museumssektoren overordna har ein struktur som fungerer. Til dømes har det stor verdi at universitetsmusea vert forvalta innanfor rammene av politikken for forsking og høgare utdanning. Det vert likevel tilrådd at forvaltninga av Forsvarets museum vert flytt frå Forsvarsdepartementet til Kulturdepartementet.

Departementet vil halda fram med å leggja til rette for årlege kontaktmøte med fylkeskommunane, der òg museumspolitiske spørsmål kan drøftast.

Det tyngste verkemiddelet i den norske kulturpolitikken er økonomiske tilskot. Driftsstøtte, søknadsordningar for tilskot, midlar til bygg, investeringar og sikring er dei viktigaste økonomiske grepa i museumspolitikken. Slik vil det òg vera framover. Samstundes kan ikkje det offentlege fullfinansiera museumssektoren. Økonomien i musea er avhengig av at dei utnyttar potensialet sitt for eigeninntekter på ulike måtar.

For regjeringa er det viktig å stimulera til auka privat finansiering av kulturlivet. Departementet meiner gåveforsterkingsordninga har fungert slik ho var tenkt og vore eit godt grep for å auka museum og andre kulturinstitusjonar sitt fokus på og arbeid mot private gjevarar.

Framover vil departementet byggja vidare på det nasjonale museumsnettverket i vidareutviklinga av sektoren. Departementet ser likevel at det krev nokre justeringar knytt til nettverket som ei overordna satsing, for å lyfta fagleg kvalitet og effektivitet.

Det er departementet si vurdering at det framleis er tenleg med ytterlegare samankopling av fagleg nærståande museum i same geografiske område. Det er fleire stader prosessar i gang som siktar mot dette og departementet vil fylgja opp slike initiativ gjennom dialog med dei aktuelle institusjonane og regionale og kommunale styresmakter.

Departementet meiner òg at det er tid for å leggja litt sterkare organisatoriske føringar på tilskota til musea i det nasjonale museumsnettverket. Departementet meiner det òg er grunn til å sjå nærare på krav til kompetanse i den samla museumsleiinga, til dømes når det gjeld forsking.

For å fylgja utviklinga i dei einskilde institusjonane vil departementet framover setja i verk kvalitative evalueringar på institusjonsnivå, nærare omtala i meldinga.

Norsk kulturråd har hatt ei sentral rolle i forvaltninga av museumssektoren dei siste ti åra. Meldinga gir ei oversikt over oppgåvene til Kulturrådet innafor museumssektoren. Departementet ynskjer at Kulturrådet framover byggjer meir kunnskap om sektoren som heilskap, òg om dei musea som er forvalta av andre enn Kulturdepartementet, og medverkar til å styrkja faglege bruer og samarbeid som kan medverka til fagleg vekst i heile sektoren.

Med sitt oversyn over sektoren har Kulturrådet eit godt utgangspunkt for å tilrå tiltak knytte til politikkutviklinga. Dette er noko departementet ynskjer skal halda fram. I dette arbeidet ser departementet det som sentralt at Kulturrådet òg framover forvaltar frie prosjektmidlar, til dømes gjennom museumsprogram, forankra i behova sektoren har.

Prioriteringar og vidare oppfylging

  • Leggja til rette for ein heilskapleg forvaltning og formidling av forsvars-, militær-, krigs- og etterkrigshistoria gjennom styrking av fagmiljøa i hele landet.

  • I samarbeid med Forsvarsdepartementet setja i gang eit arbeid for å overføra Forsvarets museum frå Forsvarsdepartementet til Kulturdepartementet når saka er tilstrekkeleg førebudd, tentativt innan 2024.

  • Byggja vidare på igangsett prosess for å styrkja kunnskapsproduksjonen innanfor marinarkeologien.

  • Gjennomføra kvalitative, fagfellebaserte vurderingar av musea på institusjonsnivå.

  • Setja i verk ei utgreiing om røynslene med covid-19-pandemien i museumssektoren.

1.11 Kunnskapsbasert politikkutvikling

Kulturpolitikk og forvaltning må til kvar tid byggja på solid og oppdatert kunnskap om kultursektorane.

Kulturdepartementet vil vidareutvikla musea som forskingsinstitusjonar gjennom satsing på rekruttering og meir forskingssamarbeid. Departementet vil vidare vurdera å utarbeida ein eigen forskingsstrategi for heile ABM-området og i samband med dette sjå nærare på FoU-mandata til eigne underliggjande verksemder og etatar, mellom anna knytt til arbeid med statistikk og heilskaplege datasett. Vidare vil det framover verta lagt større vekt på gode strukturar for museumsinstitusjonane sitt naudsynte bidrag til kunnskapsutviklinga gjennom god rapportering og levering av data, uavhengig av kva forvaltningsstruktur dei høyrer under. Det skal òg setjast i gang eit arbeid med å kvalitetsvurdera musea på institusjonsnivå.

Ein viktig del av ei slik utvikling er open tilgang på kunnskapen som vert produsert, og ny forsking som kjem til. Både musea og forvaltninga har her eit ansvar for å formidla og dela på mange ulike måtar og i ulike format og kanalar

Musea skal inngå i den offentlege samtalen med sin kunnskap og sine perspektiv. Ein viktig del av dette er at det òg finst ein velfungerande museumskritikk.

Å oppretthalda musea som tillitsberande kunnskapsinstitusjonar inn i ei ny tid er eit felles ansvar. Regjeringa trekkjer med denne meldinga liner for korleis dette best kan gjerast med hjelp av innsatsen til det offentlege. Ikkje alt lèt seg likevel løysa gjennom politikk og forvaltning. Tilliten, tinga og tida er det musea sjølve, i samhandling og samforståing med det samfunnet dei inngår i, som til sjuande og sist må ivareta etter beste evne, på vegner av oss alle.

1.12 Spørsmålet om museumslov

Noreg har inga eiga lov om museum, men spørsmålet om i kva mon det bør lagast ei slik lov har vore ein del av det museumspolitiske ordskiftet i fleire tiår. I Granavolden-plattforma er museumslov nemnt som eit eige punkt, noko ein vil starta opp arbeidet med.

Innspela i samband med førebuinga av meldinga viser at sentrale aktørar i sektoren framleis ynskjer ei museumslov.

Argument for og mot ei lov i lys av innspela er gjennomgått i meldinga, og lovfesting av prinsippet om armlengds avstand er drøfta særskilt.

Kulturdepartementet peikar på at lovgjeving kan gje eit felt tyngd og status. Omsynet til det kommunale sjølvstyret og eit komplekst museumslandskap med eit breitt spekter av ulike forvaltningsmessige tilknytingspunkt, er likevel faktorar som må takast i betraktning om ein skal utforma detaljert og forpliktande lovgjeving på museumsfeltet. Alternativet, ei museumslov med overordna, abstrakte og generelle føresegner, kan gjera det vanskeleg for folk flest å skjøna kva ei slik lov har av konsekvensar.

Innspela frå sektoren, slik som behovet for å tydeleggjera museas ansvar, ansvarsdeling mellom museum og betre samkøyring mellom ulike forvaltningsnivå og departement, er viktige tilhøve som det kan vera gode grunnar til å sjå nærare på. Lovregulering er likevel eit av de sterkaste verkemidla forvaltninga kan bruka – og skal ikkje brukast utan at det på førehand er vurdert om den ynskte effekten kan oppnåast betre eller enklare ved bruk av andre verkemiddel.

Departementet i gang med å revidera kulturlova, og resultatet av dette lovarbeidet vil kunna få ein del å seia for ei framtidig museumslov. Departementet sin konklusjon så langt er difor at spørsmålet om ei museumslov ikkje kan avgjerast endeleg før arbeidet med revidering av kulturlova er avslutta.

1.13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Alle tiltak og satsingar som er omtalt i meldinga kan handterast innanfor gjeldande budsjettrammer for berørte departement, om naudsynt ved omprioritering av løyvingar til viktige tiltak.

Iverksetjing og gjennomføring av prosjekt og tiltak vil i all hovudsak skje ved bruk av eksisterande verkemiddel og administrative strukturar som alt er på plass.

Statistikken dokumenterer at i kjølvatnet av museumsreforma har talet på museumsfaglege stillingar auka, medan talet på administrative stillingar har stått stille. Denne avbyråkratiserande effekten vil det vera viktig å vidareføra dei komande tiåra med.

Det overordna siktemålet skal vera effektiv ressursbruk gjennom sterke institusjonar med brei fagleg kompetanse og med ei heilskapleg og gjennomtenkt organisasjonsform. Det nasjonale museumsnettverket skal gjerast endå betre – og institusjonane skal samarbeida i faglege nettverk.