1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, og enkelte av inntektene for 2022.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2022 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2022.

Det vert fremja forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 3 223 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 80 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 845 mill. kroner. Samla vert det foreslått at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med 2 458 mill. kroner.

Det vert fremja forslag om å auke løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 74 mill. kroner.

I tillegg omhandlar innstillinga forslag til endringar i statsbudsjettet 2022 under Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 505, 507, 3505, 3506, 3507 og 5607, og kap. 2540 under Nærings- og fiskeridepartementet.