Odelstinget - Møte mandag den 16. juni 2003 kl. 21.10

Dato: 16.06.2003

Dokumenter: (Innst. O. nr. 131 (2002-2003), jf. Ot.prp. nr. 91 (2002-2003))

Sak nr. 5

Innstilling fra utenrikskomiteen om lov om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe

Talere

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Første taler er Jon Lilletun, sakens ordfører.

Jon Lilletun (KrF): Eg er ikkje saksordførar, men eg legg fram saka for saksordføraren, då han sit i Lagtinget.

Noreg valde i fjor å ikkje innføre sanksjonar mot Zimbabwe under valet, men valde i staden å prioritere å føre vidare dei norske valobservatørane. Ein samla komite meiner dette var med på å sikre uavhengig dokumentasjon frå valet. Rapportar frå 2002 viser at det i tida før presidentvalet vart gjennomført grovt diskriminerande endringar i vallova, og at opposisjonen vart hindra innsyn og medverknad i valprosessen. Mange veljarar vart hindra i å gje si stemme. Opposisjonen vart fleire stader hindra i å drive valkamp. Opposisjonen vart utsett for omfattande politisk vald og trakassering, og det vart utført fleire politisk motiverte drap.

Ein samla komite uttrykkjer uro over at denne politiske undertrykkinga seinare har vart ved og til dels auka i styrke. President Mugabe og hans parti ZANU-PF står bak omfattande brot på menneskerettane, med m.a. politisk motiverte drap, tortur, vilkårlege arrestasjonar, undertrykking av retten til møteverksemd og trugslar mot rettsapparat og media. Presidenten og generalsekretæren i opposisjonspartiet er på tvilsamt grunnlag anklaga for høgforræderi, og risikerer dødsstraff. Alle utanrikskorrespondentar er no utviste frå landet. Tungt væpna politi og soldatar gjekk førre veke til angrep på folk som demonstrerte mot det undertrykkjande regimet. Zimbabwe er i dag i ei sosial, økonomisk og politisk krise. Det tidlegare mest produktive landet i det sørlege Afrika har i dag ein inflasjon på 269 pst. Det er nærast ein akutt mangel på mat, bensin og pengar, noko som har gjort kvardagen til kvart einskilt menneske svært vanskeleg. Misnøya med fattigdom og undertrykking aukar, samstundes som president Mugabe sjølv lever eit liv i luksus.

Ut frå desse forholda er det grunnlag for særlege tiltak og internasjonalt press retta mot leiarskapen i Zimbabwe, sjølv om det ikkje er gjort vedtak om dette i FNs tryggingsråd. Noreg har fire gonger tidlegare innført sanksjonar utan at det har vore bindande vedtak om dette i Tryggingsrådet. Det gjeld tiltak mot Iran i 1980 på grunn av dei amerikanske gislane, mot Argentina i samband med Falklandskrigen, tiltak mot Sør-Afrika og Namibia i 1986 og 1987 på grunn av apartheid, og tiltak mot den Føderale republikken av Jugoslavia på bakgrunn av Kosovo.

Sanksjonane som vert innførte mot Zimbabwe no, skal vere målretta og så langt som mogleg ikkje gå ut over sivilbefolkninga i Zimbabwe. For å verne og hjelpe sivilbefolkninga er det framleis naudsynt å gje bistand til befolkninga i Zimbabwe. Denne bistanden vert kanalisert gjennom ikkje-statlege aktørar og FN. Målet om å verne sivilbefolkninga vart òg understreka i fråsegna i høyringsrunden.

Tiltaka som det no er gjort framlegg om å innføre, er å nekte visum til president Mugabe og hans medspelarar, å fryse deira eventuelle bankkonti og eignelutar i Noreg og eit generelt forbod mot eksport av våpen til landet, teknisk opplæring eller forsyning, framstilling, vedlikehald eller bruk av våpen og tilhøyrande materiell av alle slag. Dei norske tiltaka som no blir sette i verk, er på linje med EU si haldning mot Zimbabwe. Ein samla komite stør tiltaka.

Sanksjonar er berre eitt av mange tiltak. For at endringar skal skje, er det avgjerande at Zimbabwes naboland, særleg Sør-Afrika, legg press på styresmaktene i Zimbabwe med krav om endring. Det vil kunne leggje ytterlegare press på styresmaktene i Zimbabwe om å stanse den politiske undertrykkinga som no aukar.

Haakon Blankenborg (A): Eg sluttar meg naturlegvis til det som vart sagt frå representanten Lilletun. Det er ei samrøystes innstilling i samsvar med det som Regjeringa har lagt fram som forslag.

Eg skal ikkje gå inn på situasjonen i Zimbabwe konkret. Eg har berre ein kort merknad, som heng saman med det Lilletun sa om tidlegare vedtak om å innskrenke samkvemmet med andre land, og om sanksjonar mot andre land. Ved den debatten vi hadde for tre år sidan, gav Stortinget ein heimel til Regjeringa til å setje i verk slike tiltak også utan å gå til Stortinget dersom det var nødvendig ut frå tidsomsyn. Den fullmakta ligg naturlegvis som tidlegare. No har Regjeringa hatt tid til å leggje ho fram, og eg set pris på at det har skjedd.

Denne loven gir også rom for å gå ut over dei konkrete tiltaka som saksordføraren var inne på. Eg ønskjer berre å seie at så sant det finst råd, håpar eg at Regjeringa vil samrå seg med Stortinget om det skulle vere aktuelt å gå vidare på konkrete tiltak. Då har ein her eit lovgrunnlag som gjer at ein slepp å gå til Stortinget med ein ny lov, men med heimel i den loven som no blir vedteken, kan ein gå vidare om nødvendig. Vi får håpe at det ikkje blir nødvendig, men at Regjeringa samrår seg med Stortinget før ein tek vidare skritt på dette området.

Det er av to omsyn. Det eine er at eg trur dei fleste partia er klare i høve til at ein skal forsøke å unngå å bruke økonomiske og andre sanksjonar mot andre land. Det bør brukast positive verkemiddel. Derfor bør ein i kvart enkelt tilfelle gå grundig gjennom dei tiltaka som blir sette i verk.

Den andre grunnen er at vi stadig understrekar at det skal vere klare FN-mandat for slike tiltak, men vi gjer unntak når vi gjer det saman med resten av Europa, og faktisk mange land som er utanfor Europa. Like fullt bør vi halde fast på at det normale er FN-mandat for slike tiltak, og dermed at vi handterer kvart tilfelle særskilt, også når nye tiltak blir gjennomførte.

Dette var ikkje eit innlegg for å reservere seg mot det som ligg der, men for å halde fast på den linja som eigentleg starta for tre år sidan, då denne fullmaktsloven vart gitt til Regjeringa.

Utenriksminister Jan Petersen: Formålet med dette innlegget er for så vidt ikke noe mer enn å bekrefte en samforstand med Haakon Blankenborg når det gjelder disse spørsmålene.

Jeg er helt enig med ham i at utgangspunktet er FN-vedtak, men det er samtidig viktig at man også reserverer seg muligheten til å gå sammen med f.eks. nære europeiske land. Jeg tror det er svært viktig at hvis man skal anvende sanksjoner, som det er mange motforestillinger mot, må det være en rimelig bredde i det for at det i det hele tatt skal være effektivt å gjøre det. Derfor er det svært viktig at sanksjoner ikke er en slags ryggmargsrefleks i en reaksjon overfor fenomener man ikke liker, men at det nettopp er målrettet og gjennomtenkt i forhold til det land og den konflikten man står overfor. Nettopp i et slikt perspektiv vil en samråding med Stortingets organer være en riktig arbeidsform.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5

(Votering, se side 1024)

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe

§ 1

Kongen gis fullmakt til å treffe bestemmelser om innskrenking av samkvem med Republikken Zimbabwe.

§ 2

Bestemmelser gitt i medhold av denne lov gjelder med de begrensningene som følger av overenskomst med fremmed stat eller av folkeretten for øvrig.

§ 3

Ved overtredelse eller ved medvirkning til overtredelse av bestemmelser gitt i medhold av denne lov gjelder §§ 2 og 3 i lov 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindende vedtak av De forente nasjoners sikkerhetsråd tilsvarende.

§ 4

Denne lov trer i kraft straks.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.