Stortinget - Møte fredag den 8. mars 2002 kl. 10

Dato: 08.03.2002

Sak nr. 1

Interpellasjon fra representanten Sigvald Oppebøen Hansen til arbeids- og administrasjonsministeren:
"Frå nyttår vart det sett i verk nye reglar for attføring og rehabiliteringspengar. Reaksjonar frå brukarane tyder på at reglane kan ha fått utilsikta utslag med sterk reduksjon i ytingane for einskilde. Dei nye reglane krev stor ekstrainnsats frå arbeidsmarknadsetaten. Dette gjer det vanskelegare å gje brukarane hjelp og rettleiing. Samstundes har Regjeringa svekt etaten sitt budsjett monaleg.
Kva er statsråden si vurdering av desse utslaga, og korleis vurderer statsråden personelltilhøva i etaten?"

Talere

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Sist måndag kunne me lese i Aftenposten: «Krisestemning i Aetat mens ledigheten øker.» Dei tilsette kunne melde om at frustrasjonar, sjukmeldingar og nedbemanning pregar etaten i ei tid der arbeidsløysa stig med rekordfart. Arbeidsdirektør Lars Wilhelmsen uttalte til Aftenposten at situasjonen er veldig vanskeleg, og at etaten ikkje klarer å yte den servicen som brukarane har krav på. Han peikte vidare på at innføring av det nye regelverket for attføringspengar skaper problem, og på toppen av det heile har dei fått ein del uventa problem med innføring av eit heilt nytt saksbehandlingssystem.

Aetat melder også om svekt måloppnåing innanfor attføringsfeltet den seinare tida, etter ei positiv utvikling dei siste tre åra. Talet på yrkeshemma som må vente på tilbod, aukar, og leiinga i etaten har gitt departementet beskjed om venta svikt i måloppnåing, både når det gjeld tiltak for yrkeshemma og tiltak for ordinære arbeidssøkjarar.

Dette er ikkje nye signal. I slutten av januar i år kunne me lese at tilsette i Oslo og i Hordaland opplevde å bli drapstruga av frustrerte klientar. I ettertid har slike meldingar tikka inn frå heile landet. For å nemne nokre: Aetat Finnmark melder om drapstrugsmål og høgt arbeidspress. Enkelte kollapsar på jobb, og enkelte kontor har eit sjukefråvær på 20 pst. Aetat Nordland melder at dei har mindre fornøgde brukarar og veldig slitne medarbeidarar. Tida som er att, går med til å tilvise pengar. Oppsøkjande verksemd er eit framandord. Sjeldan har eg fått så mange henvendingar frå oppgitte og frustrerte tilsette i Aetat som etter at denne saka blei teken opp.

Når det gjeld sjukefråværet i etaten, er dette dobbelt så høgt i Aetat samanlikna med andre etatar det er naturleg å samanlikne med. I fjor var det totale sjukefråværet heile 9,3 pst., og sjukefråværet har stige veldig dei siste par åra. Dette kan oppfattast som ein kraftig indikator på at etaten er på brestepunktet.

Dei tilsette hevdar at det er fleire årsaker til dette. For det første melder Norsk Tjenestemannslag at det har vore ei nedbemanning på nær 1 000 årsverk sidan 1995. Sjølv om arbeidsløysa gjekk ned i denne perioden, veit me at Aetat i tillegg blei tilført fleire nye oppgåver. Eg veit at det kan vere ei viss usemje om dette talet på nær 1 000 årsverk, om det er riktig – kanskje statsråden opererer med andre tal, eg veit ikkje – men det er faktisk ikkje hovudpoenget. Det viktigaste er at etaten har den bemanninga som arbeidssituasjonen krev.

Aetat skal arbeide opp mot dei gruppene som treng hjelp. Etaten skal som andre statsetatar arbeide effektivt, drive omstilling og kvalitetssikre arbeidet. Slike prosessar skal dei sjølvsagt fortsetje med. Men det kan sjå ut som om dei tilsette i Aetat nå har nådd ei grense og har blitt det eg vil kalle for omstillingstrøytte. Med andre ord: Meir omstilling i form av redusert bemanning og omstilling kan vere vanskeleg å få til innanfor ramma av eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Nå registrerer me at talet på brukarar på attføring har auka kraftig, 11 pst. det siste året, og denne gruppa utgjer nå meir enn 50 pst. av tilstrøyminga. Det seier seg sjølv at brukarar på attføring er meir arbeidskrevjande enn ordinære arbeidsledige.

Det nye regelverket for utbetaling av attføringspengar som blei iverksett frå 1. januar 2002, har skapt stor frustrasjon. Brukarane opplever nå at situasjonen er kaotisk. Pengar blir utbetalte for seint, og meldekorta fungerer dårleg. Mange har fått store reduksjonar i sine ytingar, og fleire brukarar melder om store økonomiske problem. Denne situasjonen slit på dei tilsette i Aetat.

I tillegg slit dei med mykje ekstraarbeid og problem som er knytte til innføring av eit nytt datasystem. Eg er kjend med at det nye datasystemet, det såkalla trinn 2, blei teke i bruk for to dagar sidan, nemleg den 6. mars. Ein får tru at dette vil rette opp ein del av den vanskelege situasjonen, men eg er òg blitt fortald at enkelte kontor har så gammal maskinpark at dei ikkje kan ta i bruk det nye systemet. På toppen av alt dette ser me òg ein aukande tendens til høgare arbeidsløyse.

Regjeringa sitt budsjettkutt på 30 mill. kr for 2002 blei heller ikkje uproblematisk for etaten. Det sa arbeidsdirektøren klart frå om. Det er positivt at departementet nå tildeler etaten 15 mill. kr ekstra. Dette oppfattar eg som eit uttrykk for at Regjeringa har forstått at kuttet på 30 mill. kr ikkje var gjennomtenkt, og at det kortsiktige innsparingsønsket gjekk på kostnad av innsats for kvalifisering og formidling. Men framleis manglar det minst nye 15 mill. kr for å nå det budsjettnivået som regjeringa Stoltenberg la opp til.

I samband med budsjettbehandlinga i desember åtvara Arbeidarpartiet mot dette kuttet. Me peika på den viktige rolla som Aetat skal utøve for å motverke arbeidsløyse, og på at ressursane måtte sjåast i samanheng med andre viktige politiske område, ikkje minst i samband med intensjonsavtala om eit inkluderande arbeidsliv. Dersom denne intensjonsavtala skal bli vellykka, må me òg ta vårt ansvar på alvor. Arbeidarpartiet gav uttrykk for at etaten måtte bli bemanna i forhold til dei viktige oppgåvene som etaten skulle løyse, og at det var uklokt å føreta ein reduksjon i etaten sine administrative ressursar. Dersom Aetat framleis skal vere eit instrument for politisk handtering av arbeidsmarknadspolitikken, må dei tilsette ha vilkår som dei kan leve med.

Eg meiner at Aetat er den viktigaste kvalifiseringsetaten i Noreg. Kombinasjonen av formidling og kvalifisering er nettopp dei verkemidla som trengst for fullt ut å gjere seg nytte av både arbeidsmarknaden og brukarane sitt potensial. Nå ryktast det, og det er kanskje meir enn rykte, at statsråden ønskjer å tone ned det tradisjonelle formidlingsarbeidet og i større grad overlate dette til private aktørar slik at Aetat på den måten meir skal bli ein etat for dei som er yrkeshemma. Eg kan tenkje meg å spørje statsråden om dette berre er eit rykte, eller om det er slik at Regjeringa nå lanserer ei endring i Aetat sine oppgåver. Dersom det er sant, har statsråden da vurdert det faglege aspektet ved å ta frå Aetat den breie marknadskompetansen som yrkeshemma nyt godt av når dei går på attføring gjennom Aetat?

Statsråd Victor D. Norman: Det er en god leveregel å forholde seg til fakta og ikke til rykter. Jeg har intet ønske om å slå inn på en linje hvor Aetat skal slutte med formidling. Derimot har jeg lyst til å forholde meg til det faktum at Stortinget har vedtatt at Aetat ikke skal drive med kommersiell formidling. Aetat skal fortsatt som del av sitt ordinære arbeid drive den type formidling, gratisformidling, som etaten alltid har drevet med. Samtidig må Aetat forholde seg til det faktum at det i forlengelsen av Stoltenberg-regjeringens forslag og Stortingets vedtak er slik at kommersiell formidling skal drives av andre enn Aetat, og da må Aetat også yte tjenester til private formidlere.

Jeg har også lyst til innledningsvis å presisere at vi ikke har kuttet i bevilgningen til Aetat. Det vi har gjort, er ikke å følge opp et forslag fra Stoltenberg-regjeringen om å øke bevilgningene til Aetat, men Aetat har i dag like store ressursmessige rammer som de hadde i fjor. Jeg har også lyst til å presisere at Aetat – bl.a. som følge av tidligere regjeringers stadige kursendringer med hensyn til hva Aetat skal holde på med – har hatt stor uklarhet når det gjelder hvilke oppgaver og hvilken utviklingsretning etaten skal ha. Mye av den frustrasjonen som finnes i etaten, skyldes de stadige kursendringene – som først og fremst Stoltenberg-regjeringen og tidligere regjeringer av samme farve må ta ansvaret for. Når f.eks. sykefraværet i fjor var så høyt som det var, tror jeg representanten Oppebøen Hansen kanskje skal lete andre steder enn hos denne regjeringen for å finne forklaringen på det.

La meg så gå litt mer spesifikt over på de temaene som berøres i interpellasjonen fra Oppebøen Hansen. Et hovedmål med omleggingen av beregningen av rehabiliteringspenger og attføringspenger var å synliggjøre at disse livsoppholdsytelsene er korttidsytelser og ikke pensjon, og at målet med rehabilitering og attføring er at vedkommende skal tilbake til arbeidslivet. Rehabiliteringspenger og attføringspenger beregnes nå derfor etter samme prinsipp som dagpenger under arbeidsledighet – av inntekter forut for sykdommen.

Endringene i det nye attførings- og rehabiliteringsregelverket var i sin helhet forutsatt å være kostnadsnøytrale.

Et annet hovedmål med endringene i beregningsreglene var å frigjøre administrative ressurser til mer aktiv bistand overfor personer under attføring.

Det tidligere regelverket var komplisert og innebar en ugunstig arbeidsdeling mellom trygdeetaten og Aetat. Tidligere var det trygdeetaten som beregnet og utbetalte attføringspengene, selv om Aetat hadde overtatt ansvaret for selve attføringen. Med iverksettelsen av de nye beregningsreglene har Aetat blitt satt i stand til å kunne beregne attføringspengene. Brukerne kan dermed i utgangspunktet forholde seg til én etat. Om kort tid vil Aetat også overta utbetalingen av attføringsytelsene. Dermed er grunnlaget lagt også for å forbedre avviket mellom anviste og utbetalte attføringsytelser, et avvik som Riksrevisjonen i et Dokument nr. 1 har påpekt for noen år siden.

De nye beregningsreglene er godt tilpasset Aetats metodikk for oppfølging av brukere, og det nye regelverket er forutsatt å frigjøre ressurser hos Aetat slik at disse kan benyttes til aktiv bistand overfor brukerne, fremfor at ressursene brukes til administrasjon. Blant annet er det innført oppfølging ved bruk av meldekort. Dette er en velkjent metode, som har vært ansett som en god oppfølgingsmetode overfor Aetats brukere. Gjennom meldekortene vil Aetat på et tidlig tidspunkt kunne fange opp ulike former for brudd i attføringen, slik at brukerne vil kunne få en bedre oppfølging dersom det skulle oppstå problemer med hensyn til gjennomføringen av attføringstiltaket.

La meg også gi en kort redegjørelse for bakgrunnen for de nye utbetalingsrutinene og reglene for beregning av attføringspenger. Utbetalingsrutinene for attføringspengene er endret. Attføringspengene betales nå ut etterskuddsvis på bakgrunn av de innsendte meldekortene hver 14. dag, istedenfor – som tidligere – én gang i måneden som delvis forskuddsvise utbetalinger.

Ved overgangen fra delvis forskuddsvise utbetalinger til etterskuddsvise utbetalinger har det som et engangstilfelle oppstått forskyvninger i utbetalingene. Det er en nødvendig konsekvens av endringene. Forskyvningene i utbetalingene medførte at stønadsmottakerne i januar i år mottok attføringspenger på andre tidspunkter og for andre tidsperioder enn det de var vant med under det gamle systemet. Jeg regner nå med at utbetalingene stort sett har kommet inn i den 14-dagerssyklusen som de nye reglene legger opp til. For enkelte har denne omleggingen medført at det oppleves som om ytelsen har gått ned. Men det har den altså ikke gjort. Totalt sett vil de få utbetalt om lag det samme beløpet som tidligere.

I tråd med hovedmålene bak omleggingen – som, som jeg har vært inne på, var å endre beregningsreglene for å tydeliggjøre attføringsytelsene som korttidsytelser – er det samtidig gjennomført en del konkrete endringer i ytelsene.

For det første: Attføringspengene beregnes nå på grunnlag av inntekten de siste tre årene, som for dagpenger under arbeidsledighet.

For det andre er attføringspengene nå pensjonsgivende inntekt og utgjør 66 pst. av den tidligere inntekten, med minsteytelse lik 1,6 G – mot tidligere 1 G.

For det tredje er det tidligere behovsprøvde forsørgertillegget avviklet og erstattet med et fast standard barnetillegg, som for dagpengemottakere.

For det fjerde er stønad til hushold avviklet, da den i tillegg til å være administrativt svært ressurskrevende, var en lite treffsikker ordning som medførte utilsiktet forskjellsbehandling av stønadsmottakere. Tilsvarende stønad finnes heller ikke for noen øvrige trygdeytelser. Overgangsordning for husholdsstønaden var opprinnelig foreslått til tre år, men ble redusert til ett år i forbindelse med budsjettbehandlingen høsten 2001.

For det femte er det innført en ny og langt mer treffsikker stønad til barnetilsyn, som er målrettet mot utgifter som påløper ved å delta i attføringstiltak.

Og for det sjette er adgang til «friinntekt» uten gradering av attføringspenger fjernet, da de fleste mottakere av attføringspenger vil være i attføringstiltak på full tid, og også på bakgrunn av sin helsesituasjon har begrenset mulighet til å ha arbeidsinntekt ved siden av. De som allikevel har anledning til å ha lønnet arbeid ved siden av attføringen, kan nå øke arbeidsinnsatsen opp til 60 pst. – mot tidligere 50 pst. – før attføringspengene faller bort.

I hovedtrekk finner jeg disse endringene velbegrunnede. Samlet bygger de opp stønadssystemet på en bedre og mer målrettet måte og gir samtidig tilstrekkelig incentiver til overgang til ordinært arbeid. At enkelte stønadsmottakere kan komme noe dårligere ut enn tidligere, er det vanskelig for meg å avvise, da forutsetningen om kostnadsnøytralitet nødvendigvis vil føre til at sterkere målretting av ytelsene vil gjøre at noen får mer og andre mindre. Det er imidlertid laget overgangsregler som skal sikre at de som allerede var under attføring ved årsskiftet, får omtrent det samme ytelsesnivået. I løpet av året vil vi ut fra beregninger om hvordan dette slår ut for ulike grupper, som nå finnes, vurdere om det kan være behov for justeringer for å forhindre uheldige utslag for enkeltpersoner.

Selv om det nye regelverket innebærer forenklinger som på sikt er forutsatt å frigjøre administrative ressurser, har innføringen dessverre ført til utilfredsstillende service for Aetats brukere og lagt et sterkt press på etaten og dens ansatte. Aetat har derfor forsterket arbeidet med informasjon og støtte til brukerne, særlig om utfylling av meldekortene, meldekort som statsråden selv ikke klarte å fylle ut på en riktig måte – men det kan jo tenkes at han ikke var godt nok kvalifisert.

For å sette Aetat i stand til å yte bedre service i forbindelse med innføring av de nye reglene for attføringsytelsene vil Regjeringen i revidert nasjonalbudsjett fremme forslag om å styrke etaten med 15 mill. kr – ikke ut fra en erkjennelse av at Aetats samlede rammer for inneværende år er for små, men rett og slett på grunn av de helt spesielle problemene som oppstod i forbindelse med innføringen av de nye reglene.

Meldekortsystemet vil vi gjennomgå i lys av de erfaringene som etaten nå gjør. Jeg vil fortsette å følge situasjonen i Aetat svært nøye. Vi arbeider allerede nå med et opplegg for en grunnleggende omorganisering av etaten. Det vil vi orientere Stortinget om senere.

I tillegg til dette har Aetat iverksatt følgende:

  • Attføringsstønadene vil heretter bli utbetalt som månedlige utbetalinger. Attføringspengene vil fortsatt bli utbetalt hver 14. dag.

  • Det vil bli etablert en telefonsentral ved Aetats servicesenter i Mo, som skal besvare henvendelser fra brukere om meldekortene.

  • Kontrollen av meldekortene er midlertidig forenklet, slik at flere kort vil bli behandlet på kortere tid.

  • Det gis ekstra opplæring i nytt regelverk for ansatte i Aetat.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Det er viktig å ha ei felles forståing for at dei tilsette i Aetat har fått eit stort arbeidspress knytt til innføringa av eit nytt regelverk for attføringspengar og attføringsstønad. Desse problema og den generelle ressurssituasjonen tilseier at dette får klare konsekvensar for dei som søkjer til Aetat. Statsråden nemnde at dei økonomiske rammene for Aetat er tilsvarande dei som var i fjor, og det er riktig, det. Men den endringa som har skjedd, er jo at ein har inngått ei intensjonsavtale om eit inkluderande arbeidsliv, og i den samanheng la Stoltenberg-regjeringa inn 30 mill. kr. Det er det Bondevik-regjeringa ikkje har følgt opp.

Eg forstår at Aetat på mange måtar er ved eit vegskilje med dei signala som ligg i Sem-erklæringa om endringane i oppgåvene for etaten. Eg er einig i fråsegna i erklæringa om at Aetat skal vere ein kvalifiseringsetat. Men ein må ikkje forstå det slik – og eg tolkar det ikkje slik – at den tradisjonelle formidlinga skal forsvinne. Dersom etaten skal bli framtidsretta og drive aktiv arbeidsmarknadspolitikk, er det viktig at etaten kombinerer tradisjonell formidling med kvalifiseringstiltak for yrkeshemma. Dette er òg i tråd med Aetat sitt tildelingsbrev for 2002. Med andre ord skal Aetat bruke heile spekteret av verkemiddel, og det er det eg vil kalle brei marknadskompetanse. Men eg registrerte det statsråden svarte i sitt første innlegg.

Så litt om dei tiltaka som blei sette i verk i samband med innføringa av nytt regelverk for attføringsytingane. Det er ikkje tilfredsstillande at brukarane blei informerte om regelendringa primo desember i fjor. Det er heller ikkje tilfredsstillande at regelendringane tok til å gjelde frå 1. januar i år. Eg vil minne om at da Stortinget behandla denne saka i juni 2000, sa Arbeidarpartiet sin talsmann at når det gjeld sjukepengar, rehabilitering, attføring og uføretrygd, måtte det sjåast i samanheng med Sandman-utvalet si innstilling. På bakgrunn av dette sende Arbeidarpartiet sin medlem, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, eit brev til statsråden i desember, der han bad om ei utsetjing av regelendringa, og særskilt retten til å tene eit fribeløp ved sidan av ei attføringsyting, for at ein nettopp skulle sjå dette i samanheng med Sandman-utvalets innstilling.

Så kan ein diskutere om ytingane har gått ned for enkelte. Ein kan òg diskutere kostnadsnøytralitetsprinsippet. Eg synest på mange måtar at det er veldig uinteressant. Det er klart at ein aldri høyrer noko frå dei som får meir ytingar. Det er iallfall viktig for Stortinget å gripe fatt i dei problema som har oppstått for dei som har fått atskilleg mindre.

Statsråd Victor D. Norman: Dette systemet med kostnadsnøytralitet er ikke likegyldig. Vi må ikke innføre et system i Norge som er slik at vi ikke kan justere noen ytelse noen gang fordi det innebærer at noen får det dårligere. Vi må kunne ha et generelt krav om at ytelser skal stå i et rimelig forhold, ikke bare til hva den enkelte selv har mottatt tidligere, men også til hva andre i liknende situasjoner mottar. Det må være mulig å gjennomføre endringer i systemer i Norge som gir større rettferdighet mellom grupper, og som samtidig får klart frem hva formålet med ordningen er. Og de endringene som er foretatt i forbindelse med attføringspenger og attføringsstønad, har altså dette som siktemål.

Jeg gjentar samtidig det jeg har sagt tidligere: Vi holder på med en gjennomgang for å se om utslagene for enkelte er så uheldige at vi bør gjøre noe med det. Men i hovedsak mener jeg at de endringene som er vedtatt av Stortinget, har en riktig karakter.

Så til innføringsproblemene og spørsmålet om endringene burde vært innført 1. januar. Man kan selvfølgelig alltid si at problemene blir mindre hvis vi skyver dem foran oss. Men innføringsproblemene i forbindelse med dette nye systemet ville ha kommet uansett om vi hadde ventet til 1. mars, 1. juli, 1. oktober eller til 2014. Dette er problemer som har å gjøre med overgang fra et system til et annet. Jeg kan ikke se at problemet i seg selv ville blitt enklere for noen ved at vi hadde lukket øynene og sagt at vi venter en stund og håper at det går over.

Britt Hildeng (A): Arbeidsmarkedet står overfor sin største krise noensinne. Samtidig med at arbeidsledigheten er på vei oppover og etaten har fått nye tunge oppgaver, reduserer den nåværende regjeringen Stoltenberg-regjeringens forslag til bevilgninger til Aetat.

Et umenneskelig press på ansatte i etaten fører til et rekordhøyt antall sykmeldinger. I Fredrikstad rapporteres det om 28 pst. sykefravær i Aetat. Ved et kontor i Oslo sentrum skal sykefraværet være helt oppe i 60 pst. Det er et paradoks at nettopp arbeidsmarkedsetaten viser slike tall, samtidig med at Regjeringen og partene i arbeidslivet har undertegnet en avtale om et inkluderende arbeidsliv.

Skal det bli noe mer enn ord, må arbeidsmarkedsetaten få vilkår som gjør det mulig for de ansatte å gjøre sin jobb. Men over hele landet meldes det om uholdbare situasjoner – uholdbare for arbeidssøkere og attføringsklienter, uholdbare for de ansatte. Fortvilte klienter svarer i sin nød på mangel på hjelp med trusler og fysisk håndgemeng. De ansatte er frustrerte over ikke å greie jobben sin og blir utbrente og syke.

Regjeringens politikk med å kutte 30 mill. kr i Stoltenberg-regjeringens budsjett for arbeidsmarkedsetaten er fullstendig feilslått og rettes langt fra opp av en ekstrabevilgning på halvparten av kuttet. Når man i tillegg gjennomfører nye regler for attføring og rehabiliteringspenger uten tilsynelatende administrativ forberedelse, er katastrofen total. Vanskelige skjemaer, nedgang i utbetalingsnivå og endringer i utbetalingsrutiner har skapt utilsiktede vanskeligheter for mange.

Vi får utallige vitnesbyrd fra folk på attføring som kjemper for å komme tilbake til arbeidslivet, og som sier de møter veggen på grunn av de nye reglene. Uforutsigbarhet i utbetalinger fører til at flere ikke greier å betjene løpende utgifter. Det fortelles om inkassokrav og om nedverdigende turer til sosialkontorene.

Vi har samstemmig i denne salen sagt at vi vil bekjempe fattigdommen. Da kan vi ikke leve med denne situasjonen, som skaper nye fattige. Det haster med at Regjeringen kommer tilbake med konkrete tiltak om hvordan denne situasjonen skal bedres.

Peter Gitmark (H): Rehabiliterings- og attføringspenger er som dagpenger under arbeidsløshet og sykepenger, folketrygdytelser til livsopphold. De ytes til personer i en omstillingsperiode når disse er uten arbeidsinntekt som følge av helsesvikt.

Et hovedformål med omleggingen er å synliggjøre at rehabiliterings- og attføringspenger er korttidsytelser, ikke pensjon, og dermed at målet for ytelsen er at vedkommende skal komme tilbake til arbeidslivet.

Et annet hovedformål med endringene er at beregningsreglene skal frigjøre administrative ressurser til mer aktiv bistand overfor personer under attføring.

Tidligere var det trygdeetaten som beregnet og utbetalte attføringspengene, mens Aetat administrerte selve ytelsen. Det førte til problemer med å fange opp endringer i ytelsene. Ved iverksettelsen av de nye beregningsreglene har Aetat blitt satt i stand til å beregne attføringspengene. Brukerne kan dermed i større grad forholde seg til én etat. Senere vil også etaten overta selve utbetalingene.

En stor del av reduksjonene for dem som har fått mindre av disse ytelsene, kommer av at støtten til husholdningsutgifter forsvinner. Dette var en støtte til livsopphold som dekket samme type utgifter som var ment å skulle dekkes gjennom den egentlige livsoppholdsytelsen, nemlig attføringspenger. Her er det også overgangsordninger. Personer som er omfattet av overgangsordningene, kan velge å beholde støtten ut 2002 eller motta ny støtte til barnetilsyn.

Jeg ønsker å nevne at det at selve friinntekten faller bort, ikke betyr at man har mindre mulighet til arbeidsinntekt før attføringspengene også faller bort. I tillegg må det påpekes at det under attføring er et poeng å skolere seg best og raskest mulig for å komme tilbake i arbeid.

De omlegginger som har skjedd samlet sett, har ikke svekket attføringsmulighetene. Det er kun en omfordeling mellom ulike stønadsmottakere.

Når det gjelder meldekortene til Aetat, har det dessverre oppstått en del praktiske problemer. De må løses, og mitt inntrykk er at disse problemene nå er i ferd med å overvinnes.

Harald T. Nesvik (FrP): Jeg vet ikke, men jeg lurer på om det var statsråden som var inne på sammenligningen mellom sykepenger og arbeidsledighetstrygd og yrkesrettet attføring. Her er en forskjell, en vesentlig forskjell. Sykepenger utbetales i en overgangsfase inntil en kan gå tilbake i jobb. Det vil si at man ikke vet hvor langt tidsrommet man er sykmeldt i, blir. Arbeidsledighetstrygd er beregnet ut fra at man sender meldekort, fordi en er ansett som arbeidssøker. En attføringsytelse utbetales til en person som har inngått en avtale om et lengre studium, eller – jeg holdt på å si – en oppgradering av sin tidligere kompetanse, med tanke på å komme ut i jobb. Tidsrommet som dette vil vare, er mer forutsigbart. Så jeg kan ikke forstå argumentene om det store innsparingspotensialet som man ser her ved å gjøre dette om til to utbetalinger i måneden istedenfor én. Personlig må jeg i hvert fall si som følger: Det må da være dyrere å foreta to slike runder istedenfor én.

Denne saken viser i hvert fall med all tydelighet at det haster med en sammenslåing av sosialkontor, trygdekontor og arbeidsmarkedsetaten. Da kunne vi fått en effekt av den kompetansen som de forskjellige kontorene sitter inne med i dag. I dag fungerer det nærmest som om det er vanntette skott mellom de enkelte kontorer, og ikke minst mellom de forskjellige ansvarsområder. Vi må få en bedre samhandling, og dette haster.

I forbindelse med at Stortinget senere skal behandle Ot.prp. nr. 29, som går på det som har med avtale mellom LO, NHO og staten, å gjøre, som nå ligger til behandling i komiteen, og der jeg er saksordfører, vil man se nettopp på en del av disse problemene med å tilrettelegge for å få folk tilbake i arbeid og for å få ned sykefraværet i Norge. Et av de viktigste punktene der går bl.a. på det såkalte tilretteleggingstilskuddet til bedriftene. Her har man fra Regjeringens side lagt opp til 250 kr i et tilretteleggingstilskudd, og det vil vi komme tilbake til når dette blir behandlet i denne sal senere, for det er i hvert fall en sum som er for liten.

Men én ting håper jeg at statsråden kan innrømme her, og det er at i hvert fall informasjonen har vært for dårlig. Det har vært for sen informasjon ut til brukerne, og den har til dels vært altfor dårlig. Det er det som har satt veldig mange i en spesiell knipe. Det burde man ha tatt innover seg.

Man burde nå også vurdere å hjelpe de personene som har fått inkassokrav fordi de ikke klarte å betale husleien sin, og de som har fått inkassokrav fordi barnehagebetalingen – og betalingen for en rekke andre ytelser – forfaller bare én gang i måneden. Dette bør statsråden i hvert fall ta innover seg og sørge for å få gjort noe med.

Karin Andersen (SV): Jeg må innrømme at jeg ble ganske lei meg da jeg hørte statsrådens innledning i dag. Borte var en offensiv statsråd som fokuserer på bruker og samarbeid med de ansatte. Og vi hørte den samme leksa som vi har hørt fra mange før ham, med fokusering på byråkrati, på regnesystemer og på at vi har regnet ut at dette er greit for folk. Det er i praksis det viser seg hvordan dette går, og det har vist seg nå at dette har gått ganske galt for mange.

Jeg synes også det er litt sent av flertallet her å våkne opp og skjønne hva det var som skjedde da omleggingen av attføringssystemet ble innført, særlig prinsippet om at omleggingen skulle være kostnadsnøytral, noe som SV var alene om å mene ikke var noe prinsipp. Det er ikke store trygdeytelser som har økt forskjellene i dette landet. Det er ikke der det er. Så hvis vi skal ha en omfordeling på vegne av dem som er fattigst, må vi ha som mål at de trygdeytelsene man får, er slik at man kan leve av dem og greie seg. I en attføringsfase er det jo nettopp slik at man skal gjenvinne helsa, fatte mot og ha tro på at dette går bare jeg står på. Men hva er det som skjer nå? Nå må folk bare fokusere på regninger, regninger, regninger – greier jeg meg, greier jeg meg, greier jeg meg? Og det verste i en slik situasjon som man har satt folk i nå når man ikke har greid å planlegge dette på en fornuftig måte, er at folk faktisk må gå på sosialkontoret. Og hva skjer da? Jo, da trår lovverket der inn, som sier at du skal realisere dine verdier før du får hjelp. Selg bilen! Selg huset! Tror vi at det liksom er i det øyeblikket folk fatter mot og greier å gjennomføre et attføringsopplegg? Nei, dette er under enhver kritikk.

Jeg har et konkret spørsmål til statsråden. Jeg vet at statsråden nå har satt i verk en del tiltak. Jeg er ikke spesielt imponert over dem. Men det som blir viktigst nå, blir at de som har kommet i et økonomisk uføre på grunn av dette rotet, får dekket sine utgifter, også de ekstrautgiftene som påløper dem fordi de ikke får pengene sine når de skal. Det er vel slik at de aller fleste har problemer når de ikke får utbetalt lønna si når de skal, og dess mindre du har, dess verre er det. Her står folk overfor å få alvorlige betalingsproblemer, de står altså overfor å få inkassokrav og å få anmerkninger om betalingsdyktigheten sin. Jeg forventer at Regjeringen nå sørger for at disse personene får utbetalt midlertidige ytelser gjennom sosialkontorene, at de får dekket sine ekstrautgifter, og at staten kompenserer kommunene for de ekstrautgiftene som dette har medført.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Det er ingen tvil om at situasjonen er kriseprega i Aetat. Dei mange breva og meilane gjev klare bodskap. Det er også alvorleg at einskildmenneske på grunn av svikt i offentlege etatar får problem med å betala utgiftene sine. Men at dette skulle vera den største utfordringa nokosinne, slik representanten Britt Hildeng seier, skjønar eg ikkje. Vi har framleis ei svært låg arbeidsløyse, og Aetat har hanskast med mykje meir omfattande arbeidsløyse tidlegare.

For Aetat har tinga stokka seg på ein uheldig måte. Fyrst var det turbulente tider, med fusk og fanteri. Deretter vart det fokusert på Aetat Bedrift, som datt saman som eit korthus. Så kom nye attføringsreglar og ikkje minst innføring av eit nytt datasystem. Dei nye attføringsreglane må vi – dei fleste av oss – ta eit felles ansvar for. Det skulle jo også vera eit nullsumspel, der dei som før fekk minst, skulle få litt meir, og der dei som hadde fått mest, mista litt. Og det siste er sjølvsagt vanskeleg og kanskje ikkje eit svar på fattigdomsproblema, men det er ikkje nødvendigvis urettferdig. Det var også føresetnaden at dei forskjellige stønadsordningane skulle kunna samanliknast.

Det som forundrar meg, er at nyordningar skapar så mykje rot. Det måskaffast ordningar for dei som er komne ille ut, med eventuell inkasso, som mange har nemnt, på grunn av systemfeil og korttull i Aetat.

Tanken om at Aetat i større grad skal verta ein kvalifiseringsetat, er utfordrande. Alle vil ha forandring, men ingen vil forandrast, heiter det.

Kristeleg Folkeparti trur det er viktig at Aetat vert sett i stand til den svært viktige jobben det er å kvalifisera menneske slik at dei kan koma tilbake i jobb. Moglegheitene til å delta i arbeidslivet er viktige for sjølvrespekt, for økonomi og for sosial kontakt. Dette dreiar seg om menneske si framtid, og om ein arbeidsmarknad som fungerer. Då må etaten ut av datatrøbbel, klagestormar, forseinkingar og uforståelege meldekort. Eg synest det er roande at både Regjeringa og Aetat har teke tak i problema. Eg håpar at 15 mill. kr kan skapa ein smule optimisme, og eg kan ikkje fri meg frå tanken om at dei likvide problema dei fleste brukarane har, kunne vore reduserte betydeleg dersom moglegheitene for friinntekt ikkje hadde vorte fjerna.

Det er aldri for seint å snu. Arbeid er positivt, sjølv om det skjer i helga mens ein kvalifiserer seg for nye oppgåver.

Så eit lite apropos til slutt: Som firebarnsmor vil eg seia at 17 kr pr. dag i barnetilsyn er ein vits.

Finn Martin Vallersnes hadde her overtatt presidentplassen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det er nødvendig med ein debatt om kva reiskap dei tilsette i Aetat skal vera for at fleire skal få høve til å delta i arbeidslivet. Ein av dei fem strategiane i utjamningsmeldinga er ei mjukare arbeidslinje. Det inneber eit sterkare engasjement for at fleire skal få delta i arbeidslivet, og det inneber endringar i regelverket for å lukkast.

Senterpartiet vil ha ein offentleg arbeidsmarknadsetat som formidlar arbeid både for arbeidssøkjande og for yrkeshemma. Vi vil ha tilsette med kunnskap og innleving i forhold til dei mange enkeltpersonane som treng råd, rettleiing og oppfølging. Vi vil ha tilsette som kan spela på lag med offentlege og private bedrifter og organisasjonar, og vi veit at det inneber ei bemanning som er i samsvar med dei oppgåvene som skal løysast. Vi heldt fast ved dei 30 millionane som vart lagde inn av Stoltenberg-regjeringa, fordi vi meinte det var nødvendig for 2002.

No er vi i ein situasjon med aukande arbeidsløyse – 80 000 ledige. Det er altså endå fleire enn i fjor som treng individuell rettleiing, oppfølging og styrkt samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.

No ser vi at talet på sjukemeldingar er aukande, og at det er frustrasjon blant dei tilsette. Og så kjem det eit endra regelverk, som Stortinget må ta ansvaret for, eit endra regelverk som kjem før nødvendig opplæring og informasjon er gitt og det tekniske er på plass. Akkurat det siste må nok både storting og regjering ta innover seg, at det må vera samanheng mellom innføringsdato og den rettleiinga som skal vera på plass i forkant.

Når det gjeld nye reglar for rehabilitering, er det Arbeidarpartiet gjennom velferdsmeldinga som har teke initiativ til eit nytt regelverk for rehabilitering og attføring. Det har gått mange år, og det har vore gjort mange berekningar for å sikra eit enklare og meir føreseieleg regelverk. Trass i det er det no pinleg å konstatera at dette regelverket ikkje held for dei mest vanskelegstilte i møte med praksis. Det var ikkje nokon si meining. Senterpartiet, som var med på dette, meinte i alle fall ikkje å ramma dei som no har lågast inntekt. Eg deler her Karin Andersen si vurdering.

No har Regjeringa ein ting å gjera, og det er mellombels å rydda opp, forskottera kommunane for å gi dei som no er mest vanskelegstilte, orden i rekningane, mot og tru, slik at dei reelt kan koma tilbake til eit arbeid.

Signe Øye (A): Etter alle de henvendelsene jeg har fått etter nyttår om nye regler for attføring og rehabiliteringspenger, er det ingen tvil om at dette har gitt mange uheldige utslag og mange fortvilte mennesker.

De nye reglene har for mange vært en katastrofe, sier distriktsarbeidssjefen ved Aetat i Moss. Det er sterke ord, men de kommer faktisk fra en som sitter midt oppe i det. Og det finnes knapt en lokalavis i dette landet som ikke har hatt kjempeoppslag om temaet.

Psykisk helsevern i Østfold, som også følger opp rusklienter over flere år, fra forvern til innleggelse og deretter institusjonsbehandling, forteller om en tidligere heroinmisbruker som er under attføring. Som for alle andre som skal gjennom slikt et løp for å bli rusfri og komme ut i arbeidslivet, startet dette løpet med sosialhjelp som den eneste økonomiske inntektskilde, for deretter å gå over på rehabiliteringspenger og til slutt yrkesrettet attføring. Inntil i år har disse vært økonomisk uavhengige. Men fra nyttår opplever de en stor økonomisk nedgang når de går fra rehabiliteringspenger til yrkesrettet attføring, og hele rehabiliteringsløpet, som så langt har kostet staten masse penger, stopper opp. Månedlig bruttoinntekt i dette tilfellet sank fra ca. 10 000 kr til 6 600 kr. Da spør jeg: Er dette den tryggheten vi ønsker å gi disse menneskene?

Arbeiderpartiet mener at Regjeringen nå må rydde opp. Har Stortinget vedtatt noe der konsekvensene er så store som det vi hører om i mange tilfeller, må vi være villige til å se på dette på nytt. Og når Regjeringen i tillegg kutter i budsjettene til Aetat og bevilger 30 mill. kr mindre enn Arbeiderpartiet, som betyr færre stillinger og færre til å ta tak i problemene, har selvsagt dette forsterket kaoset ytterligere, selv om det kommer en ekstrabevilgning nå i mars. Dette er meget alvorlig. Flere har fått så store økonomiske problemer ved overgangen til den nye ordningen at de vurderer å avbryte attføringsopplegget og søke uføretrygd. Andre har måttet oppsøke sosialkontoret for å få hjelp.

Arbeiderpartiet mener at dette må vi ta på alvor og rydde opp i. Vi er veldig opptatt av å få færre på uføretrygd og flere i arbeid. Da må disse dette gjelder, få mulighet til det. Dersom Bondevik-regjeringen mener alvor med sin satsing på fattigdomstiltak, som de har gått sterkt ut på banen og sagt, er det faktisk underlig at de svekker de virkemidlene vi har for å klare det.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg blir lei meg dersom Stortinget og Regjeringa berre skal bli ein sterk forsvarar av systemet og ikkje set brukarane i fokus. Kostnadsnøytralitet er ikkje likegyldig, sa statsråden, og det kan eg vere einig i. Det er viktig å ta høgd for det, og det er viktig å ta høgd for eit rettferdig system. Men eg er ikkje einig med statsråden i at innføringsproblemet ville ha kome uansett. Det datasystemet som vart innført for to dagar sidan, var jo nettopp det systemet som skulle ta seg av utbetalingane – ytingane. Det burde i alle fall ha vore på plass før regelendringa tredde i kraft. Ytingane under attføring skal me som kjent kome tilbake til – det ligg allereie forslag om forbetringar til behandling i Stortinget.

Men i denne samanhengen er det like viktig å setje i fokus det arbeidsmiljøet som me opplever i Aetat. Det er dokumentert at tilstanden i etaten er slik at det er ein veldig stor sjukmeldingsprosent. Det er eit stort innslag av stress og belastningsskadar, og ikkje minst opplever dei tilsette der å få dårleg samvit fordi dei ikkje maktar å gjere den jobben dei kjenner at dei skal gjere, altså yte service til brukarane i tråd med det brukarane har krav på.

Dette har blitt ein vond sirkel. Situasjonen er faktisk slik at dei som skal skaffe folk jobb – altså dei som skal jobbe med å formidle arbeid til folk – sjølve blir sjuke i det systemet dei opplever i dag. Nå er det viktig med raske og gode tiltak. Ingen er tent med at brukarane mister tillit til den viktigaste kvalifiseringsetaten i Noreg. Eg håpar at Regjeringa i tillegg til dei signala me har fått her i dag om at det skal ytast 15 mill. kr til Aetat i samband med revidert budsjett, òg vil ta fram riset når det gjeld problemstillinga arbeidsmiljøet i Aetat, at Regjeringa vil sjå nærmare på bemanningssituasjonen, slik at dei tilsette kan utøve den jobben dei er sette til å gjere.

Statsråd Victor D. Norman: Representanten Øye håpet at Regjeringen ville «rydde opp», og det gjør vi med den største fornøyelse. Vi holder stadig på med å rydde opp i de saker den forrige regjeringen etterlot seg. Krisen i Aetat er en av de sakene den forrige regjeringen etterlot seg. Reglene for attføring er noe Stortinget og tidligere regjeringer har etterlatt seg. Vi holder på med den oppryddingen, og vi tar det veldig på alvor.

Jeg synes det var veldig leit at representanten Karin Andersen oppfattet det dit hen at vi ikke var opptatt av å sette brukerne i fokus og gjøre noe for dem. Det er nettopp det vi har holdt på med i forbindelse med implementering av reglene for attføring. Det er bl.a. derfor vi nå holder på med en vurdering av om meldekortsystemet er hensiktsmessig. Vi holder på med en full gjennomgang av om ytelsene vil gi seg uheldige utslag, og om det derfor vil være nødvendig med justeringer. Det er derfor vi sier at informasjons- og opplæringsarbeidet i Aetat må styrkes. Hvis det ikke kom tydelig nok frem i mitt første innlegg, vil jeg bare presisere det nå.

Oppebøen Hansen sa at vi var forsvarere av systemet. Det kan jeg forsikre Oppebøen Hansen om at vi ikke er! Vi holder på med en konkret handlingsplan for omforming og implementering av Aetat til den kvalifiseringsetaten som alle snakker så pent om. Jeg vil få anledning til å komme litt tilbake til det i forbindelse med neste interpellasjon, så jeg kan forsikre at vi ikke skal være systemforsvarere. Derimot har vi veldig stor respekt for Stortinget. Når Stortinget har vedtatt et nytt system for attføring, så skal det implementeres, og vi skal forsøke å gjøre implementeringen så ryddig og rask som mulig. Det har vi forsøkt å gjøre.

Et par detaljer – bare for å ha nevnt det også – i denne forbindelse: En del brukere kom veldig uheldig ut i januar i forbindelse med overgangen. Vi er veldig bekymret for dem, og jeg har lyst til å presisere at mange av dem fikk økonomisk hjelp umiddelbart. Vi har bedt etaten se på spørsmålet om det er noen av disse som er kommet spesielt uheldig ut, fordi vi ikke fikk hjelpeapparatet inn i tide. Jeg kan dessverre ikke gi noen generell garanti for at man i situasjoner hvor en offentlig etat eller en annen arbeidsgiver skulle komme for sent med en utbetaling, også må dekke alle følgekostnadene som oppstår i den forbindelse. Men vi har bedt etaten se på problemene for enkeltskjebnene, som oppstod i januar.

Det ble stilt spørsmål om informasjonen var for dårlig. Ja, informasjonen var klart for dårlig! Det er én av grunnene til at vi har gått inn med ekstra midler. Det er blitt stilt spørsmål ved: Er det nødvendig med 14-dagers meldekort når det gjelder attføring? Vi har bedt Aetat vurdere om det er nødvendig, men vi må huske på at attføring er et mye mer sammensatt bilde nå enn det var tidligere, og det er behov for tett oppfølging i en del tilfeller. Det blir stilt spørsmål ved: Er det nødvendig å ha utbetalinger hver 14. dag? Kan man ikke ha dem månedsvis? Der vil altså halvparten nå bli utbetalt månedsvis, og ikke hver 14. dag, så vi forsøker å være imøtekommende. Vi mener ikke at systemet er perfekt, men vi jobber med å få det bedre. Når det gjelder Aetat som sådan, vil vi altså ikke forsvare systemet.

Presidenten: Da er interpellasjonsdebatten avsluttet.