Reidar Sandal (A) [20:48:57] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Statsrekneskapen for 2008 er delt i to.
For det første inneheld han ein løyvingsrekneskap som viser dei samla løyvingane
og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Ein finn der òg for utgiftspostane
sin del ei oversikt over overførte løyvingar frå 2007 til 2008, og overførte
løyvingar frå 2008 til 2009.
Statsrekneskapen inneheld òg ein kapitalrekneskap. I han finn ein ei oversikt over
staten sine eigedelar. Denne delen av rekneskapen er òg omfatta av gjelda og
eigenkapitalen til staten.
Meldinga inneheld dessutan ei oversikt over garantiansvar, tilsegns- og
forhandlingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.
Av rekneskapen til staten finn ein at dei samla inntektene i 2008 var på 1 182,6
milliardar kr. Utgiftene utgjorde 778,6 milliardar kr. Då er lånetransaksjonane
ikkje rekna med. Nettoinntekter frå petroleumsverksemda i fjor var 415,9
milliardar kr. Desse inntektene blei overførte til Statens pensjonsfond – Utland,
slik som regelverket tilseier.
Det oljekorrigerte underskotet var på 11,8 milliardar kr.
Så nokre poeng som knyter seg til Statens pensjonsfond. Det samla overskotet i
fondet i fjor var 510,6 milliardar kr. Av dette utgjorde Statens pensjonsfond –
Utland 505,3 milliardar kr. Samla sett blei rekneskapen over Statens pensjonsfond
gjort opp med eit overskot på 507,2 milliardar kr i fjor.
Ved utgangen av fjoråret var dei bokførte verdiane i Statens pensjonsfond – Utland
2 279,6 milliardar kr. Det er 261,1 milliard kr meir enn ved utgangen av 2007.
Eit aktuelt spørsmål vil gjerne vere: Kvifor opererer ein med store overskot i
presentasjonen av Statens pensjonsfond når 2008 har vore det dårlegaste året i
fondet si historie? Det er eit legitimt og etter mi oppfatning òg eit fornuftig
spørsmål. Til det er å seie at statsrekneskapen blir ført i samsvar med innarbeidd
praksis. Det inneber m.a. at endringar i verdsetjinga av formuesobjekt ikkje blir
rekna med som inntekt.
Statens pensjonsfond – Utland hadde store inntekter i fjor, som eg allereie har
gjort greie for.
Utgiftene utanom petroleumsverksemda blei i fjor 11,6 milliardar kr høgare enn
rekna med i saldert nasjonalbudsjett. Hovudforklaringane finn vi i at utgiftene
til folketrygda blei over 7 milliardar kr høgare enn rekna med, kompensasjonen for
meirverdiavgift til kommunane blei 2,2 milliardar kr høgare enn lagt til grunn,
tilskotet til helseføretak auka med 4,2 milliardar kr, og andre postar er
reduserte med netto ca. 2 milliardar kr.
Statsrekneskapen viser at inntektene utanom petroleumsverksemda blei 36,2
milliardar kr høgare enn rekna med i saldert nasjonalbudsjett. Den viktigaste
forklaringa på dette er at skatte- og avgiftsinngangen blei 30 milliardar kr
høgare enn lagt til grunn. Den andre store posten som forklarar inntektsauken, er
utbytte av aksjar med 3,7 milliardar kr.
Statsrekneskapen for 2008 er svært gledeleg lesing. Det viser at landet vårt har
ein svært solid økonomi, og det må vere eit privilegium for ein finansminister å
kunne presentere eit slikt dokument for Stortinget. På denne bakgrunn og på
bakgrunn av den kunnskapen vi har fått gjennom St.meld. nr. 3 for 2008–2009 og
rettebrevet frå finansministeren, datert 29. mai i år, er det ein prestasjon av
dei sjeldne at Framstegspartiet i innstillinga skriv:
«Disse medlemmer er av den oppfatning at statsregnskapet for 2008 dokumenterer
Regjeringens manglende evne til å forvalte norske ressurser på en best mulig
måte.»
Eg konstaterer at Framstegspartiet sjølvsagt er isolert med synspunktet sitt i
denne saka, sjølvsagt er dei det. Grunnen må vere at utsegna manglar sakleg
grunngjeving.
Per Olaf Lundteigen (Sp) [20:55:35]: Statsregnskapet får liten oppmerksomhet, etter min vurdering altfor liten
oppmerksomhet, for det er et viktig dokument som kan medvirke til styring og
erkjennelse – altså et styringsverktøy.
Det oljekorrigerte underskuddet ble 24,6 milliarder kr lavere enn anslått i
saldert nasjonalbudsjett for 2008. Som saksordføreren refererte til, er inntektene
36,2 milliarder kr høyere, mens utgiftene bare er 11,6 milliarder kr høyere. Det
er store avvik, men det er ikke rart at det er det. Det er et regnskap for et
turbulent år, et regnskap for et år som startet med inntektsøkninger som var
fenomenale for staten i forhold til budsjettert, og som avsluttet med
utgiftsøkninger som var helt spesielle.
Jeg er rimelig sikker på at dette er det siste året i en periode med høyere
budsjetterte inntekter enn det som blir økningene på utgiftssida. 2009 kommer til
å bli enda vanskeligere, og ikke minst 2010. Vi er inne i et år og går inn i et
nytt år hvor det blir store avvik mellom budsjett og regnskap. Det som da er
jobben vår, er å prioritere statens utgifter godt, at vi er målrettede i de
utgifter vi har, og stimulerer langsiktig, privat atferd, slik at vi kan komme
igjennom den turbulente perioden med et land som står bedre rustet, ved at en
lærer av den krisen en går igjennom, og slik kan sikre solide statsfinanser også
framover.
Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.
(Votering, sjå side 3599)
St.meld. nr. 3 (2008–2009) – statsrekneskapen for 2008 – blir å leggje ved
protokollen.
Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.