Stortinget - Møte torsdag den 14. april 2011 kl. 10

Dato: 14.04.2011

Dokumenter: (Innst. 291 S (2010–2011), jf. Dokument 8:94 S (2010–2011))

Sak nr. 12 [17:07:13]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å opprette et offentlig register over trafikkskoletilbudene i landet

Talere

Votering i sak nr. 12

Presidenten: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 40 minutter og fordeles med inntil 5 minutter til hvert parti og 5 minutter til medlem av regjeringen.

Presidenten vil videre foreslå at det gis anledning til replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlem av regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Knut Arild Hareide (KrF) [17:08:28]: (leiar i komiteen og ordførar for saka): Forslagsstillarane ber om at det blir etablert eit system for offentleggjering av strykprosent og korleis trafikkskulane driv si verksemd. Formålet med forslaget er å luke ut useriøse aktørar og å gjere kvaliteten på trafikkopplæringa betre.

Innstillinga viser at komiteen står heilt samla i denne saka. Komiteen meiner høg kvalitet på kjøreopplæringa er viktig for å redusere talet på ulykker på vegane. Det er viktig med kvalitetssikring av dei som tilbyr føraropplæring. Useriøse aktørar må bli luka ut.

I dag er det slik at Statens vegvesen har ei viktig oppgåve i å føre tilsyn med trafikkskulane. For at ein trafikkskule skal kunne tilby føraropplæring, må skulen vere godkjend av Statens vegvesen. Vegvesenet fører tilsyn med trafikkskulane for å sikre kvaliteten på undervisninga.

Offentleggjering av resultata frå tilsynet med trafikkskulane vil etter forslagsstillarane sitt syn vere eit positivt tiltak for å luke ut useriøse aktørar. Dessverre finst det mange useriøse trafikkskular her i landet. Det viser bl.a. ei undersøking gjord av Statens vegvesen. I fjor blei heile 21 kjøreskular fråtekne løyvet – her er det TV 2 som er kjelda, etter å ha henta inn tal frå regionkontora til Vegvesenet.

Det er i dag rundt 700 trafikkskular her i landet. Totalt blei det gjort 1 021 tilsyn ved kjøreskulane og andre kursarrangørar som tilbyr trafikkopplæring, i fjor. Det blei gitt ei rekkje pålegg, mens rundt 20 trafikkskular fekk åtvaring. Likevel er det mest alvorlege at Vegvesenet kalla tilbake 21 løyve blant kjøreskulane eller faglege leiarar ved skulane.

Dei fleste kjøreskulane er seriøse og driv bra, men det er behov for å gå nærare inn i kva som faktisk blir gjort ved skulane. Grundig tilsyn er nødvendig. Dette må me fokusere på, elles får me farlegare bilistar i tida framover.

I brev til komiteen viser statsråden til det arbeidet som no blir gjort i Statens vegvesen, der det registeret som eksisterer i dag, skal vidareutviklast. Komiteen stiller seg bak ønsket om meir systematisert offentleggjering av tilsynsresultat, og foreslår at forslaget blir lagt ved protokollen.

Borghild Tenden (V) [17:11:33]: Først takk til saksordføreren for orienteringen.

Bakgrunnen for dette representantforslaget har både et trafikksikkerhets-, informasjons- og åpenhetsaspekt. Vi vet at unge i trafikken er spesielt utsatt for ulykker, og det er en bred etablert forståelse for at en god og kvalitetssikret kjøreopplæring er avgjørende. Samtidig dokumenteres det fra flere hold, fra svært seriøse trafikkskoler som bl.a. har tatt kontakt med meg, at det er stor forskjell på kvaliteten i kjøreopplæringen ved de ulike trafikkskolene, som også saksordføreren sa, og at det finnes for mange useriøse aktører på veiene våre.

Dette synes vi i Venstre er alvorlig. Vi mener også at det er et stort behov for bedre kundeinformasjon rundt kvaliteten ved trafikkskolene, slik at unge, kommende sjåfører får en oversikt over aktørene i bransjen. Vi mener at informasjon om trafikkskoler bør gjøres systematisk tilgjengelig for publikum. Dette vil være verdifullt informasjonsgrunnlag når elever i kjøreopplæringen skal velge de beste og mest seriøse trafikkskolene. Foreldrene synes også det er vanskelig å hjelpe barna sine med å finne fram til de beste trafikkskolene.

Det er derfor med en smule skuffelse og litt undring vi ser at ingen støtter dette forslaget fra Venstre i innstillingen. Selv om statsrådens brev langt på vei er positivt, gjenstår det konkret fremdrift, slik vi ser det. Det er imidlertid fortsatt mulig å støtte forslaget fra Venstre – som ikke bare Venstre, men flere med oss synes er viktig. Forslaget er omdelt i salen. Jeg tar herved opp forslaget.

Presidenten: Representanten Borghild Tenden har tatt opp det forslaget hun refererte til.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [17:13:42]: Unge og uerfarne bilførarar er dessverre overrepresenterte i ulukkesstatistikken. Eg er difor oppteken av at vi skal ha ei kvalitativt god føraropplæring som kan bidra til å redusera ungdomsulukkene. Opplæring er viktig for å gje ungdommane gode kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Slik blir dei i stand til å takla dei utfordringane trafikken byr på.

Statens vegvesen har i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å føra tilsyn med trafikkskulane og å etablera nødvendige tiltak bl.a. for å auka kompetansen hos trafikklærarane.

Publikum skal ha moglegheit til å velja ein god og seriøs trafikkskule ut frå andre kriterium enn berre pris. Det er viktig at publikum etterspør kvalitet. Statens vegvesen har allereie eit register over godkjende trafikkskular. Det gjev publikum moglegheit til å velja skule ut frå kor dei ynskjer å ta opplæringa. Statens vegvesen vil utvikla dette registeret, i samarbeid med bransjen, slik at publikum får betre grunnlag for å forhøyra seg nærare om kvalitet.

Det er viktig at Venstre tek opp denne saka, slik at vi òg får ei drøfting av trafikkskulane. Kvalitet på desse skulane er faktisk eit svært viktig bidrag i forhold til nettopp trafikktryggleik, som vi har snakka om både tidlegare i dag og andre dagar.

Lat meg understreka at gjennom tilsynsverksemda si får Statens vegvesen gode signal om kvaliteten på opplæringa ved skulen. Det er likevel ikkje gjeve at ei systematisert offentleggjering av rapportar frå Statens vegvesen sitt tilsyn gjev eit fullstendig dekkjande bilete. Langt på veg er dei fleste reaksjonane frå tilsynet retta mot dei tilsette ved trafikkskulen og ikkje mot trafikkskulen sjølv. Det kan då verka urimeleg om negativ informasjon skal hefta ved ein skule i lang tid, dersom f.eks. dette eigentleg gjeld ein tilsett, og særleg dersom den aktuelle trafikklæraren f.eks. har slutta. Rapportar frå tilsynet treng difor ikkje nødvendigvis å vera representative for skulen si totale verksemd. Det må vurderast nærmare på kva måte eit slikt register kan gje publikum best mogleg informasjon, samtidig som det gjev eit rett bilete av trafikkskulen si verksemd.

Statistikk over strykprosent for dei enkelte trafikkskulane er alt under utarbeiding i Statens vegvesen. Denne vil synleggjera prosenten av beståtte prøvar. For at prøven skal koma med i statistikken, er det ein føresetnad at trafikkskulen har gjennomført den obligatoriske opplæringa i trinn 4 med kandidaten. Utan eit krav om at eleven må ha gjennomført noko av opplæringa hos den aktuelle skulen, kan statistikken gje eit skeivt bilete av kvaliteten på opplæringa ved trafikkskulen.

Eg vil i fyrste omgang avventa erfaringane med offentleggjering av strykstatistikk. Deretter vil det eventuelt bli gjort vurderingar av om ytterlegare systematisert offentleggjering av informasjon om trafikkskulane og verksemda deira er hensiktsmessig.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Borghild Tenden (V) [17:17:53]: Et av forslagene her gikk på det med offentliggjøring, som statsråden også har berørt, både i svarbrevet og i innlegget nå. Og – hvis jeg hørte rett – sier hun at hun vil avvente offentliggjøringen. Det er mange trafikkskoler som ønsker denne offentliggjøringen. Hva er årsaken til at statsråden ikke ønsker å gjøre det nå?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [17:18:18]: Eg vil avventa erfaringane med offentleggjering av strykstatistikk. Så skal vi vurdera om ytterlegare systematisert offentleggjering av informasjon om trafikkskulane og verksemda deira er hensiktsmessig. Bakgrunnen for det er at funn både frå Sverige – det er blitt vist til Sverige tidlegare i dag – og frå Statens vegvesen viser at det finst eksempel på at førarkandidaten ikkje gjev opp rett skule ved oppmelding til førarprøve, og at det er skular som ikkje er godkjende, som oppfordrar sine elevar til å gje opp ein annan, godkjend trafikkskule ved oppmelding til førarprøven, utan at denne skulen har vore inne i biletet i det heile. Så det er ein del sånne praktiske forhold som gjer at vi ser noko nærmare på akkurat det.

Borghild Tenden (V) [17:19:26]: Ja, jeg merket meg at det er skrevet i svarbrevet at de oppga andre skoler enn der de egentlig hadde tatt trafikkopplæring. Men er det ikke mulig å avdekke det?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [17:19:42]: Det trur eg nok. Det kan vera mogleg. Lat meg seia i tillegg til dei forholda som eg allereie nemnde, at det er nokre kandidatar som av ulike årsaker byter trafikkskule ofte. Det som er hovudsaka for meg, er at her har Statens vegvesen eit system der dei har ei oversikt over trafikkskular som dei tilbyr. Så fører dei i tillegg tilsyn, og eg kjenner meg nok trygg på at når det blir ytterlegare fokus på trafikkskulane og innhaldet og kvaliteten – slik som i dette forslaget i denne debatten – vil Statens vegvesen framover vera endå nøyare med det tilsynet som blir ført, og så vil dei utvikla sitt system noko meir etter kvart. Vi må vera trygge på at det er trygt.

Presidenten: Replikkordskiftet er dermed omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 12.

(Votering, se side 3631)

Votering i sak nr. 12

Presidenten: Under debatten har Borghild Tenden satt fram et forslag på vegne av Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen opprette et offentlig register over autoriserte trafikkskoler. Registeret bør inneholde relevant offentlig tilgjengelig informasjon som er aktuell for elevers valg av trafikkskole, detaljer fra undersøkelser fra Statens vegvesen om trafikkskolene og strykprosenten ved den enkelte trafikkskole.»

Det voteres alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 8:94 S (2010–2011) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å opprette et offentlig register over trafikkskoletilbudene i landet – vedlegges protokollen.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Venstre ble innstillingen bifalt med 99 stemmer mot 1 stemme.(Voteringsutskrift kl. 21.22.58)