Stortinget - Møte tirsdag den 14. januar 2014 kl. 10

Dato: 14.01.2014

Dokumenter: (Innst. 101 L (2013–2014), jf. Prop. 185 L (2012–2013))

Sak nr. 3 [11:07:18]

Innstilling fra næringskomiteen om endring i havressurslova

Talere

Votering i sak nr. 3

Ingrid Heggø (A) [11:07:48]: (ordførar for saka): Endringane i havressurslova som vert føreslegne her, går ut på å innføra ein heimel som gjer det mogeleg å gje dispensasjon frå dei generelle reiskapsføresegnene for sports- og rekreasjonsfiske i havressurslova. Endringa vil medføra at det vert enklare å gje løyve til aktivitetar som kan fremja og ta vare på kystkulturen.

Komiteen er samla i synet om at det er viktig å leggja til rette for at kystkulturen vår vert teken vare på og fremja på best mogeleg måte, og det er såleis ein samla komité som står bak dette endringsforslaget. Endringa i lovverket vil etter komiteens syn vera positiv også med tanke på å fremja det lokale reiselivet, gjennom å leggja til rette for opplevingsturisme.

Komiteen har merka seg at i høyringsrunden kom det inn merknadar frå Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Fiskekjøpernes Forening som er kritiske til denne endringa vi no gjer. Dei er redde det skal gå ut over yrkesutøvarane, at desse skal verta utnytta ved at kostnadane til drift og vedlikehald av fartøy vert finansierte gjennom fiske, og dei påpeikar også at tryggingskrava kan verta vanskelege å overhalda.

Det er ein samla komité som påpeikar at omsynet til yrkesfiskarane må vega tungt, og at eit omsetningsforbod må vurderast i kvart enkelt tilfelle, for å vareta yrkesutøvarane og omsynet til dei andre aktørane. Det skal vera ein streng praksis med omsyn til kven som skal få slik dispensasjon. Dispensasjon skal berre gjevast til museum, foreiningar, stiftelsar o.l. som har som særskilt formål å fremja og ta vare på kystkulturen vår.

Komiteen peikar òg på at det er ei øvre omsetningsgrense på 50 000 kr per kalenderår for fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, og at det også kan setjast som vilkår at fangsten ikkje vert omsett.

Komiteen er samd i endringane i lova, i at dispensasjon berre skal gjevast i særskilde tilfelle for å fremja og ta vare på kystkulturen, og i at det skal kunna setjast vilkår i dispensasjonen, slik at interessene til yrkesutøvarane også vert godt varetekne.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endring i havressurslova

I

I lov 6. juni 2008 nr. 38 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endring:

§ 22 andre ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli ført opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.