Stortinget - Møte torsdag den 13. februar 2014 kl. 10

Dato: 13.02.2014

Sak nr. 6 [11:31:05]

Interpellasjon fra representanten Ingrid Heggø til olje- og energiministeren:
«Formålsparagrafen i petroleumslova seier at selskapa og myndigheitene skal strekke seg langt for å legge til rette for lokal industriell aktivitet, og at forvaltinga av petroleumsressursane offshore skal gje ringverknader på land. Sogn og Fjordane har 35 pst. av Noregs oljeførekomst på sokkelen, men berre 1,3 pst. av landbasert aktivitet. Stortingsfleirtalet har ved mange høve påpeikt at det er viktig at Florabasen og Sogn og Fjordane får meir av den landbaserte aktiviteten, f.eks. ved handsaminga av Valemon, Snorre, Visund, Gullfaks, Troll og Veslefrikk. Statoil har no varsla at dei vil legge om seglingsmønsteret, og at det berre er Snorre og Visund som skal betenast frå Florø. Dette medfører ytterlegare reduksjon av aktiviteten ved Florabasen, noko som er stikk i strid med eit samla storting sin vilje.
Korleis vil statsråden oppfylle Stortinget sin klårt uttrykte vilje om vekst ved Florabasen og Sogn og Fjordane?»

Talere

Ingrid Heggø (A) [11:32:17]: I Noreg har vi slått fast at olje- og gassressursane skal koma heile folket til gode, og petroleumslova seier at det skal gje distriktsmessig gevinst. Dette har Stortinget understreka i form av både merknader og innlegg, og utan at det i alle enkelttilfelle er fatta romartalsvedtak.

Petroleumsnæringa har skapt gode inntekter for landet og mange arbeidsplassar i enkelte regionar.

Geografisk spreiing – og ikkje opphoping – gjev mindre press på pressområde og er av avgjerande betydning for kva signal og incitament ein sender når det gjeld nye leiteområde.

I møte med Sogn og Fjordane sin stortingsbenk, fylkesordførar med fleire uttala ministeren at det han heldt seg til, var romartalsvedtak og godkjenningsbrev når det gjaldt om konsesjonar var følgde opp eller ikkje. Eg er usamd i at dette er riktig konklusjon, både ut ifrå tidlegare praksis og ut ifrå Stortinget sin posisjon i forhold til regjeringa.

Eg har også sett på mange av godkjenningsbreva frå departementet. Det synest å vera ein gjennomgåande logikk i at dei i godkjenningsbreva viser til aktuelle proposisjonar og innstillingar. Det er difor på sin plass å spørja ministeren om korleis han og regjeringa vil følgja opp det eit samla storting – eventuelt klare stortingsfleirtal – har sagt om tolking av konsesjonsvilkår ved Florabasen spesielt, og i forhold til petroleumslova generelt.

Stortinget sin vilje er utan tvil at Sogn og Fjordane skal få ein større del av petroleumskaka, og at Florabasen skal veksa. Stortinget har påpeikt det urimelege i at den landbaserte aktiviteten – etter 30 år med aktivitet og med 35 pst. av Noregs oljeførekomst utanfor fylket – berre er komen opp i 1,3 pst. Til samanlikning har Hordaland om lag 20 pst. og Møre og Romsdal 12 pst.

Når saka no er aktualisert, kjem det av at Statoil, som er eigd med to tredelar av staten, vil redusera den landbaserte aktiviteten i Sogn og Fjordane ytterlegare.

Eg har forstått ministeren slik at han ikkje vil bruka eigarskapet korkje til å spørja om dokumentasjon på kvifor lengre seglingsmønster gjev større økonomisk og miljømessig innsparing, eller til innsyn i forskjellige reknestykke.

Ei heller ønskjer ministeren å få kunnskap om kor stor den økonomiske skilnaden vil vera ved ei midtdeling av forsyninga mellom fylka Hordaland og Sogn og Fjordane og dermed betre oppfølging av intensjonen i petroleumslova og Stortinget sin vilje.

Eit anna aspekt er sikkerheit og miljø. Sentraliseringa skal skje til Mongstad, som alt i dag er ei belasta hamn, utan at det kjem fram nye krav til oljevernberedskap eller er sett på i ein samfunnsøkonomisk rekneskap. Ei utbygging av denne hamna, som må til for å kunna dobla aktiviteten slik Statoil sine planar no er, vil også medføra nye, store investeringar som det ved rasjonell bruk av eksisterande kapasitet eigentleg ikkje er bruk for, og som på ingen måte står i stil med dei forventningane om redusert aktivitet i Nordsjøen, som Statoil ved fleire høve har gjeve uttrykk for. Slike disposisjonar samsvarar dårleg med dei omsyn til god ressursforvaltning eller helse, miljø og sikkerheit, som m.a. kjem til uttrykk i petroleumslova § 10-2.

Det å ha eit aktivt eigarskap er noko regjeringa Solberg er imot, og det var for så vidt varsla i valkampen. Difor skal eg ikkje gå så mykje meir inn på det, berre minna om at det i praksis er stor skilnad på raud-grøn eigarskapspolitikk og Høgre og Framstegspartiet sin eigarskapspolitikk.

Eg vil òg påpeika at stortingsfleirtalet var klart på samfunnsansvaret og betydninga av det, og retorikken i valkampen frå Høgre og Framstegspartiet var langt frå at dei passivt skulle sjå på ei nedbygging av Florabasen, tvert om. Konsesjonsvilkåra skulle ein ikkje i det heile skli på, og basen skulle gå ei lys framtid i vente med ei borgarleg regjering bak rattet.

Realiteten er at regjeringa Solberg har ingen intensjon om å gjera noko som helst når Statoil no reduserer den landbaserte aktiviteten.

Ministeren var klar i sin tale i spørjetimen her i salen på at det var langt ifrå eit brot på petroleumslova å redusera landaktiviteten ned mot 1 pst. Det gjaldt i Sogn og Fjordane og Hordaland og vil vel då òg gjelda i alle andre fylke.

Det vert sendt nokre signal her, både ut til folket i heile landet og til Statoil. Til Statoil: fri bane, gjer som de vil! Til folket: ikkje vent at Høgre og Framstegspartiet skal gjera noko for at fellesskapet sine olje- og gassressursar skal koma distrikta og lokalbefolkninga til gode i form av landbasert aktivitet!

Eg er usamd med ministeren i at det berre er romartalsvedtak og godkjenningsvedtak som er avgjerande for om ein konsesjon er følgd opp eller ikkje. Viss så er tilfellet, vil all merknadskriving og debatt i Stortinget berre vera eit spel for galleriet – tidtrøyte og utan verdi – sjølv om det er eit samla storting som gjev klare føringar. I lovsaker er det nettopp forarbeida til lova, stortingsdebattar og merknader som er viktige å sjå til, når ein skal tolka lovteksten.

Eg vil dokumentera påstandane mine om Stortinget sin uttala, positive vilje til at Sogn og Fjordane skal ha ein større del av petroleumskaka. Eg går inn på handsaminga i Stortinget av Valemon. Her siterer eg frå Innst. 376 S for 2010–2011:

«Komiteen legger til grunn at petroleumsaktiviteten skal skape ringvirkninger lokalt/regionalt. Valemon ligger utenfor Sogn og Fjordane, et fylke som i forhold til de store ressursene utenfor kysten så langt har fått relativt liten uttelling i form av sysselsetting og verdiskaping. Komiteen mener det derfor bl.a. er viktig at drifts- og basemiljøet i Florø videreutvikles, og at kompetanse- og funksjonsbredde, herunder personelltransport, sikres. Dette vil være til gunst for regionen, men trolig også i forhold til de behov Statoil og etter hvert flere andre selskap har og er ventet å få i området.»

For ordens skuld siterer eg også frå godkjenningsbrevet:

«Godkjennelsen blir gitt i samsvar med de fremlagte planene, de merknader, forutsetninger og vilkår som fremgår av Prop. 85 S (2010-2011) Utbygging og drift av Valemon og Innst. 376 S (2010-2011) Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om utbygging og drift av Valemon.»

Det er altså ikkje tvil om at Stortinget – uansett parti – har hatt omsut for at Florabasen skulle byggjast opp, og at Sogn og Fjordane skulle få sin rettmessige del av landaktiviteten. Dette er det gjeve klart uttrykk for ved handsaminga av Visund, Gullfaks, Troll og Veslefrikk for å nemna nokre felt. Det er sagt i merknader frå komitéhandsaming, i debattar og vert vist til i godkjenningsbreva.

Om statsråden skulle ha rett i at det ikkje er anna enn romartalsvedtak som betyr noko i Stortinget si handsaming, gjev det ikkje meining å visa til desse dokumenta. Det einaste som i tilfelle ville gje meining, er å referera dei aktuelle vedtakspunkta.

Eg vil visa til andre eksempel som aktualiserer spørsmålet om korleis regjeringa vil følgja opp stortingsfleirtalet sin uttrykte vilje, også når dette ikkje kjem fram i romartalsvedtak.

Ei høgaktuell sak her er elektrifisering av Utsira. Eg viser til intervju i Teknisk Ukeblad 6. februar 2014, der ministeren påpeikte at dette ikkje var vedteke i Stortinget. Der seier Kristeleg Folkepartis Kjell Ingolf Ropstad at han fryktar utfallet i saka:

«Summa summarum er det riktig at det ikke er et formelt vedtak at Utsirahøyden skal elektrifiseres. Men hvis man er i tvil om hva Stortinget har ment, har man sovet i timen.»

Venstres Ola Elvestuen, som er leiar av Stortingets energi- og miljøkomité, var i same intervju heller ikkje imponert over svaret frå Tord Lien. Han meiner det er poenglaust at ministeren hengjer seg opp i om Stortinget har kravd eller ønskt elektrifisering av Utsirahøgda, og seier:

«Stortingets vilje er at dette skal skje, og det er det man må forholde seg til.»

Er ministeren trygg på at regjeringa har eit stortingsfleirtal med seg i oppfatninga av at det må eit romartalsvedtak til før regjeringa må halda seg til Stortinget sin uttrykte vilje? Eller har ministeren snudd i saka? Vil ministeren eventuelt snu viss han ikkje hadde gjort det? Og: Vil ministeren gjera tiltak for å imøtekoma Stortinget sin intensjon og vilje om vekst ved Florabasen og Sogn og Fjordane?

Statsråd Tord Lien [11:41:36]: Norges petroleumsressurser er det norske folks eiendom og skal komme hele samfunnet til gode. Hovedmålet i petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsom produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv. Det å bidra til høyest mulig verdiskaping fra felt og funn er en viktig oppgave for myndighetene og for meg som olje- og energiminister.

Petroleumsvirksomheten er Norges største næring målt i verdiskaping, statlige inntekter og eksportverdien. Petroleumsnæringen sysselsetter i dag om lag 43 000 personer, mens over 200 000 direkte eller indirekte kan knyttes til etterspørselen fra petroleumsvirksomheten. Det er eksempler over hele landet på ringvirkninger av petroleumsvirksomhet, og 430 av landets 439 kommuner har arbeidsplasser tilknyttet næringen. Dette er noe jeg mener vi bør være stolte av.

Florø har sammen med andre steder i landet tatt del i verdiskapingen og ringvirkningene fra petroleumssektoren. Det er gledelig at det er bygd opp et kompetansemiljø i kommunen, og at både norske og internasjonale bedrifter finner det attraktivt å være i Florø.

Regjeringen er opptatt av god ressursforvaltning og at alle lønnsomme ressurser utnyttes. Kontroll over kostnadsutviklingen og effektiv drift er nødvendig både for å opprettholde aktivitet over tid, og for at største mulig verdier skal skapes av våre felles olje- og gassressurser.

Reduserte kostnader er et viktig tiltak for å øke utvinningen på norsk sokkel. Ved lønnsom utnyttelse av hele ressurspotensialet vil nye forretningsmuligheter åpne seg for bedrifter i ulike deler av fastlandsøkonomien, bedrifter både innenfor og utenfor det vi vanligvis tenker på som leverandørindustrien. Gjennom å utnytte hele ressurspotensialet vil vi best kunne legge grunnlag for betydelig aktivitet i fastlandsøkonomien i tiår framover. Det er rettighetshaverne som på kommersiell basis har ansvaret for mest mulig effektiv drift av feltene på norsk sokkel. Dette mener jeg er et adelsmerke for måten vi forvalter våre felles petroleumsressurser på. Dette inkluderer også å ha kontroll på kostnadsnivået. Det er operatørenes plikt både å vurdere og gjennomføre effektiviseringstiltak i alle ledd av virksomheten.

Kostnadene på sokkelen har vokst kraftig det siste tiåret. Det er avgjørende for den langsiktige verdiskapingen på norsk sokkel at kostnadsutviklingen holdes under kontroll. Regjeringen signaliserte derfor i Sundvolden-erklæringen at den framover vil ha fokus på arbeidet for å redusere kostnadsnivået på norsk sokkel, bl.a. gjennom oppfølging av Åm-utvalgets anbefalinger.

Kostnadene i alle deler av virksomheten må gjennomgås. I Meld. St. 28 for 2010–2011, En næring for framtida, er kostnadsutfordringen og behovet for å ta nye grep for å realisere det fulle ressurspotensialet på norsk sokkel beskrevet. Det var en melding som ble lagt fram av den forrige regjeringen. Stortinget sluttet seg til denne beskrivelsen.

Mitt hovedanliggende i kostnadsdiskusjonen er verdiskapingen på sokkelen, men også grunnlaget for virksomhet på land. Jeg er opptatt av at vi tjener mest mulig på hvert fat og hver kubikkmeter, samtidig som alle lønnsomme ressurser utnyttes. Kostnadsutviklingen er særlig utfordrende for modne felt, og for felt i halefasen. Arbeidet med å redusere kostnadene på felt i drift er svært viktig for å kunne forlenge produksjonen og levetiden for disse feltene.

Flere av feltene i den nordlige delen av Nordsjøen utenfor Sogn og Fjordane er nettopp i denne situasjonen. Mange modne felt på sokkelen har behov for store, nye investeringer for å forlenge levetiden. Lønnsomheten i disse senfaseprosjektene er ofte svært krevende. God kontroll på kostnadene i alle deler av virksomheten er derfor svært viktig for å sikre videre drift og framtidig verdiskaping.

I Sogn og Fjordane ble det etablert en forsyningsbase for rundt 30 år siden. Statoil står og har stått for mye av aktiviteten på basen. Senere har også andre aktører etablert seg her. Florabasen har i dag rundt 500 arbeidsplasser og har blitt vesentlig større enn det som lå til grunn da basen ble etablert. Statoil besluttet i fjor å gjennomføre en omlegging av seilingsmønsteret fra forsyningsbasene i Sør-Norge til plattformene i Nordsjøen. Endringene medfører bl.a. at noe av dagens forsyningsaktivitet flyttes fra Florø til Mongstad. Jeg forstår at dette ikke er populært i Florø. Samtidig er omleggingen beregnet å gi årlige kostnadsbesparelser i hundremillionersklassen. Ifølge Statoil er dette en forretningsmessig tilpasning som vil bidra til å sikre forlenget drift og økt utvinning fra flere av feltene på sokkelen utenfor Sogn og Fjordane. Omleggingen vil bidra til å styrke lønnsomheten og dermed den langsiktige verdiskapingen fra disse feltene. Forlenget levetid betyr også forlengelse av aktivitet på basen i lang tid framover. Dette er bra, også for Sogn og Fjordane.

Forlenget levetid og opprettholdelse av aktivitetsnivået framover er nødvendig for å oppnå høyest mulig verdiskaping på lang sikt fra våre olje- og gassressurser. For å oppnå dette er det ofte nødvendig å justere hvordan virksomhetene drives i takt med endrede forutsetninger for virksomheten. For å få best mulig beslutningsgrunnlag ved slike omlegginger er det viktig at selskapene også har dialog med berørte lokale og regionale myndigheter. Departementet er kjent med at det i denne saken har vært en sånn dialog gjennom flere år, og vi oppfordrer til at den fortsetter.

De omleggingene som Statoil planlegger, innebærer at de beholder forsyningene til Snorre og Visund fra Fjordbase, men reduserer forsyningene til andre felt fra den samme basen. Noe av aktiviteten blir dermed videreført, noe trappes ned. Samtidig er det innført å sette i gang flere kompenserende tiltak rettet mot olje- og gassmiljøet i Sogn og Fjordane.

Jeg er kjent med at det er satt i gang initiativ hvor Statoil samarbeider med leverandørnettverket Maritim Forening og inkubatoren Fram Flora for å se på mulighetene for Flora kommune og resten av fylket framover. Det er konstruktive tiltak for samarbeid som vil fremme innovasjon og utvikling i regionen. Statoils beslutning om å utvikle Fjordbase som logistikksenter for fôringsrør, satsing på bedrifts- og leverandørutvikling, økonomisk støtte til subsea-utdanningen og satsing på lærlingopptak er alle gode initiativer. Dette viser at miljøet i Sogn og Fjordane fortsatt vil ta del i verdiskapingen og utviklingen av petroleumsnæringen.

Statoil har hatt en aktiv dialog med berørte parter gjennom hele prosessen med å utrede forsyningsstrukturen. Departementet har også fått saken opplyst fra ulike sider. Vi har mottatt informasjon fra flere interessenter i møter i departementet, som også interpellanten beskriver.

Jeg ser ikke at det er grunnlag for at jeg skal gripe inn i denne saken, men oppfordrer alle involverte parter til konstruktivt samarbeid framover. Dersom vi skal nå målsettingen om lønnsom produksjon i et langsiktig perspektiv, er det helt nødvendig at vi har kontroll på kostnadsnivået. Arbeidet med å redusere kostnadene er svært viktig for å forlenge levetiden på felt i drift og dermed øke utvinningen fra feltene. Jeg er trygg på at det relevante næringslivet i Sogn og Fjordane, som ellers i landet, også framover vil delta i konkurransen om oppdrag knyttet til virksomheten på norsk sokkel.

Videre legger jeg til grunn at lokale og regionale myndigheter vil støtte opp om disse aktørene og legge til rette for ny næringsvirksomhet også innen olje- og gassnæringen. Dette er måten for denne regionen til å oppnå økt verdiskaping knyttet til norsk petroleumsaktivitet, også i havområdene utenfor Sogn og Fjordane.

Ingrid Heggø (A) [11:50:30]: Ministeren svarte faktisk ikkje på eit einaste av dei spørsmåla eg stilte. Eg skal ikkje gjenta dei no. Eg går ut frå at han kjem tilbake til dei i avslutningsinnlegget sitt.

Eg forstår at ministeren ikkje vil snakka om garantiar og lovnader frå valkampen, og kvifor dette ikkje vert følgt opp. Men når ministeren dreg økonomikortet som det einaste saliggjerande, er det på sin plass å visa til og minna om kva eit stortingsfleirtal faktisk har sagt. Det vert dobbelt underleg når ministeren ikkje ønskjer å få innsyn i dei underlege reknestykka frå eit statseigd selskap. Ministeren har fått reknestykke frå underteikna og andre som viser miljøgevinsten – og kortare seglingstid – ved å fordela ut frå ei midtlinje mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

I forhold til Mongstad – som ligg ein times køyring frå Bergen – ligg Florø dels nærare, dels like nær høvesvis Statfjord og Gullfaks. Større bruk av Florø må derfor gje utslag i lågare logistikkostnader, ikkje høgre, slik Statoil hevdar i udokumenterte påstandar.

Større bruk av Florø ville også i mykje større grad kvittera ut den tydelege politiske viljen som Stortinget over mange år har uttrykt. Gjennom varsla omlegging av seglingsmønsteret vil Statoil gjera eit val som opplagt vil slå negativt ut for petroleumsaktiviteten i Sogn og Fjordane – stikk i strid med dei signala Stortinget har gjeve, som nyleg, ved handsaminga av Valemon.

Synest statsråden at det er eit poeng å lytta til den politiske viljen, sjølv om han ikkje er uttrykt gjennom romartalsvedtak? Vil statsråden krevja dokumentasjon frå Statoil – eit selskap der staten eig to tredelar av aksjane – på at så store innsparingar som selskapet har presentert, ikkje kan nåast utan sterk reduksjon av forsyningsaktiviteten i Florø? Vil statsråden eventuelt koma med andre avbøtande tiltak for å fylgja opp Stortingets vilje?

Stortinget har også uttalt seg om at fleirtalsvedtak må fylgjast opp av regjeringa. Eg viser her til Dokument nr. 14 for 2002–2003, Rapport til Stortinget fra utvalget til å utrede Stortingets kontrollfunksjon:

«Et viktig kriterium ved parlamentarisk skjønnskontroll, er om regjering og forvaltning har fulgt opp Stortingets klart uttalte forutsetninger, slik de kommer til uttrykk i komitémerknader eller under debattene.»

Ser ikkje ministeren at regjeringa må oppfylla det som stortingsfleirtalet gjev uttrykk for, og at merknader og debattar faktisk spelar inn?

Statsråd Tord Lien [11:53:38]: Jeg noterer meg at interpellanten tilsynelatende tar lett på kostnadsnivået på norsk sokkel. Særlig i disse områdene er det helt grunnleggende nødvendig å få kontroll på kostnadsnivået, nettopp for å muliggjøre videre utvikling, økt oljeutvinning og haleproduksjon i disse feltene. Så det synes jeg ikke vi skal ta lett på. Det er et felles ansvar for regjering og storting å sørge for at kostnadene ved produksjon på norsk sokkel kommer ned.

Når det gjelder dette spørsmålet om at statsråden skal gå inn i kostnadene, prøvde jeg i mitt innlegg å redegjøre for at jeg mener det er et adelsmerke for den norske petroleumsforvaltningen at det er operatørene på sokkelen som har ansvaret for å gjøre de kommersielle vurderingene, og å gjøre beslutninger basert på de vurderingene. Og så er det vårt felles ansvar å lage rammevilkårene som disse kommersielle beslutningene skal fattes under.

Så er jeg kjent med at det er andre operatører som nå er på vei inn på basen i Florø. Det er selvfølgelig jeg glad for, og det går jeg ut fra at stortingsrepresentantene fra Sogn og Fjordane også er.

Så har jeg flere ganger redegjort for, både skriftlig og muntlig, at departementet ikke har identifisert forhold som gjør at Statoils beslutning krever involvering fra myndighetenes side. Vi vurderer det slik at denne omleggingen, som vil bidra til forlengelse av driften av flere felt på sokkelen, ikke er i strid med petroleumsloven eller vilkår fastsatt i medhold av loven.

Bjørn Lødemel (H) [11:55:50]: Noreg har gjennom 40 år hatt ei eventyrleg utvikling som olje- og gassnasjon. Inntektene frå olje og gass har gjennom desse åra i stor grad bidrege til at Noreg har blitt eit av verdas rikaste land, og det har kome innbyggjarane i heile landet til gode. Høgre legg til grunn at Noreg er, og framleis skal vere, ein stor produsent og eksportør av energi – i første rekke olje og gass, men også fornybar energi.

I denne interpellasjonen er det fokus på Statoils verksemd i Florø i Sogn og Fjordane og deira planar for nytt seglingsmønster mellom basane på Vestlandet. Statoil gjorde i november i fjor, få veker etter valet, vedtak om å endre seglingsmønsteret, der basen i Florø fekk behalde all forsyning til plattformene Snorre og Visund, men miste resten av forsyningane til plattformene på felta utanfor Sogn og Fjordane frå Florø. Statoil har jobba med desse planane i fleire år, og det har vore dialog mellom Statoil, Flora kommune, fylkeskommunen og aktørane på basen gjennom denne prosessen.

For oljemiljøet i Sogn og Fjordane har det vore svært viktig å auke aktiviteten i oljenæringa, og på den måten skape arbeidsplassar. Sjølv om ein stor del av produksjonen av olje og gass skjer rett utanfor kysten av Sogn og Fjordane, har fylket berre 1,3 pst. av sysselsettinga innan petroleumsnæringa i landet. Statoil er den største aktøren både på land og på felta utanfor Sogn og Fjordane. Derfor knyter det seg stor spenning til kva Statoil vil gjere i framtida.

Då vedtaket til Statoil blei kjent i månadsskiftet oktober/november, var det stor skuffelse både i det politiske miljøet i Sogn og Fjordane og i leverandørindustrien og oljemiljøet. Fleire rapportar viste til at mellom 150 og 250 oljearbeidsplassar kunne forsvinne frå Florø dersom Statoils planar blei gjennomførte. I tillegg vil det forsvinne mange arbeidsplassar som er indirekte knytte til oljeaktiviteten i Florø. Mange har også meint at Statoil bryt konsesjonsvilkåra når dei reduserer forsyningsaktiviteten i Florø. Dette har vore eit springande punkt bl.a. i valkampen og i tida fram mot avgjerda i Statoil. Dette har blitt tilbakevist.

Eit anna viktig moment har vore Stortingets handsaming av den nyaste utbygginga på felta utanfor Sogn og Fjordane, Valemon-utbygginga, der eit samla storting i ein merknad ønskte å leggje til rette for auka og ny aktivitet i Florø. Alt dette er ein del av bakgrunnen for at det har blitt sterke reaksjonar på planane til Statoil om å redusere seglingsmønsteret frå Florø.

Statoil grunngjev sine kutt i aktiviteten i Florø med at ein må redusere kostnadsnivået på all aktivitet i selskapet. Det er sjølvsagt viktig dersom vi skal kunne forlenge levetida på dei felta som er i produksjon, få produksjon frå nye felt og ikkje minst sikre lønsam aktivitet på lengre sikt. Det som er utfordrande i denne saka, er at Statoil ikkje på ein god nok måte har klart å synleggjere at dei innsparingane som selskapet skal gjere ved å endre seglingsmønsteret, kunne gjerast på andre måtar der ein t.d. flytte aktivitet til Florø. Det er ein av hovudgrunnane til dei reaksjonane vi har sett når vi veit at Sogn og Fjordane frå før har så liten del av sysselsettinga i petroleumsnæringa.

Slik denne saka no ligg, blir det gjort endringar i seglingsmønsteret i Florø, og då er det svært viktig at Statoil held oppe lovnadene om ny aktivitet og sterkare deltaking i lokalt utviklingsarbeid. Både kommunane og næringslivet i Florø og i resten av Sogn og Fjordane har forventningar om at dette skal skje.

Vi ser at kommunen har lagt til rette for auka aktivitet med utviding av areal til basen. Det er eit viktig tiltak. Den nye subsea-utdanninga som er starta opp i Florø, er også eit viktig tiltak for å rekruttere til oljenæringa. Vi ser også at leverandørindustrien førebur seg på å vere med i konkurransen om leveransar til oljeindustrien.

I Sogn og Fjordane er kostnadsnivået lågare enn mange andre stadar, og det er tilgang på stabil arbeidskraft og areal. I tillegg til det er det mange dyktige bedrifter som vil vere med i konkurransen om oppdrag.

Alt dette er positivt, men det er også ei klar forventning om at Statoil, som den største aktøren på norsk sokkel, også held oppe lovnadene om ny aktivitet i Florø.

Jenny Ellaug Følling (Sp) [12:00:30]: Det interpellanten her seier, er fakta. Stortinget har gjennom konsesjonsvilkåra uttrykt sterk vilje til at det skal skapast vekst og aktivitet ved Florabasen. Det kan ikkje reduserast til eit teknisk eller juridisk spørsmål.

Eg registrerer at statsråden tek lett på Stortinget sine føringar, merknadar, men legg tyngda på lønsemd. Både Høgre og Framstegspartiet var svært offensive på at det skulle sikrast aktivitet på Florabasen, og hadde det som sine hovudparolar i valkampen. Tidlegare regjering har sikra sterk vekst på Florabasen, òg gjennom at det har vore levert god kvalitet. Seinast den 17. august i fjor sa Jan Tore Sanner på eit møte i Eikefjord:

«Basen i Florø skal videreutvikles. Dere må tro meg på mitt ord, vi skal ikke skli på konsesjonsvilkårene.»

Etter det nye seglingsmønsteret som Statoil varslar, skal berre Snorre og Visund forsynast frå Florø. Dette vil medføre bortfall av 150 årsverk, pluss dei ringverknadane som denne aktiviteten skaper. Dette skjer, trass i at det ligg slike politiske føringar for Gullfaks som det står om i St.meld. nr. 24 for 1983–1984:

«(…) det vil bli foretatt en likeverdig fordeling mellom CCB og basen i Florø for forsyninger til Gullfaks».

Og:

«(…) bulk- og rørlager blir lagt til Florø. Videre vil det bli foretatt en deling av reservedelslageret mellom CCB og Fjordbase (…)».

I Innst. S. nr. 97 for 1983–1984 til St.meld. nr. 24 for 1983–1984 heiter det:

«Komiteen vil understreke basens betydning for Flora kommune og viktigheten av å få belyst om det er behov for å tilføre ytterligere aktiviteter for å styrke sysselsettingen.»

Det ligg òg føringar for dei andre felta som i dag vert forsynte frå Florø, Valemon, Troll og Veslefrikk.

Stortinget har heilt openbert meint at det skal leggjast betydeleg aktivitet til Florabasen frå dei felta som ligg like utanfor kystlinja. Statoil ser bort frå dette i nytt seglingsmønster.

Eg vil spørje statsråden: Kva er merknadar frå Stortinget verde, dersom dei ikkje vert følgde opp? Og kva reiskap vil ministeren bruke for å få gjennomført Stortinget sin vilje?

Florabasen har gjennom mange år bygd opp eit kompetansemiljø. Dei har levert gode tenester med høg kvalitet, og det har vore, som statsråden seier, ein sterk aktivitetsvekst dei siste ti åra – takka vere aktivt politisk arbeid av tidlegare regjering.

Sveinung Rotevatn (V) [12:04:04]: Takk til representanten Heggø, som løftar denne saka inn i stortingssalen. Eg finn grunn til å understreke at det er eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane som har sett denne saka høgt på agendaen, og meiner at ho er viktig.

Det norske oljeeventyret er ikkje utan skuggesider. Dei har bl.a. vi i Venstre åtvara mot i denne salen fleire gonger, og det er all grunn til å vere føre var med tanke på klimaet og med tanke på berekrafta i norsk økonomi.

Når det er sagt, har også det norske oljeeventyret nokon fantastiske oppsider, det er vel trass alt derfor vi kallar det eit eventyr – ikkje berre fordi det ein dag vil vere snipp, snapp, snute.

Oljeeventyret har nemleg skapt enorme verdiar for landet vårt, ikkje minst langs kysten av Vestlandet. Dessverre er det slik at verdiskapinga og arbeidsplassane som har følgt med aktiviteten i Nordsjøen, ikkje akkurat har vorte jamt fordelte langs kysten. Tvert imot har ein hatt ei opphoping av landbaserte arbeidsplassar i enkelte område, og kanskje særleg i enkelte byar.

I mitt fylke, Sogn og Fjordane, har vi vore vertskap for ein svært stor del av oljeverksemda, men berre utanfor kysten. På land har det vore skrinnare. Eitt av dei få unntaka har vore Florø, der ein etter kvart har klart å byggje opp eit etter forholda robust miljø på basen i byen. At Statoil no vel å flytte viktige arbeidsplassar vekk frå Sogn og Fjordane sitt einaste ordentlege petroleumsmiljø, har med rette vekt stor harme og frustrasjon i Sogn og Fjordane. Ikkje berre synest vedtaket svakt fundert, men det viser etter mitt syn også at ein manglar gangsyn. Statoil er eit i all hovudsak statseigd selskap i ein nær sagt privilegert posisjon. Dei har eit samfunnsansvar som vi forventar blir tatt på alvor. Ein del av det samfunnsansvaret er omsynet til verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet.

Dessverre har miljøet i Florø talt til døve øyre opp mot Statoil-leiinga, og det har heller ikkje vore mykje hjelp å hente, verken frå regjeringa Stoltenberg eller frå regjeringa Solberg. Dette er det mange som er skuffa over.

Eg tenkjer også at det som no skjer i Sogn og Fjordane, bør vere eit tankekors, ikkje berre for dei som forfektar at statleg eigarskap er fortreffeleg, men kanskje særleg for dei som står på trappene og masar om å opne nye havområde for petroleumsverksemd. Eg forstår definitivt at utsiktene til nye arbeidsplassar, f.eks. i Lofoten og Vesterålen, kan verke forlokkande på mange, men då kan det også vere smart å sjå til Sogn og Fjordane – sjå på det manglande samfunnsansvaret som Statoil utviser, sjå kor lite som dryp på klokkaren på land, sjølv om det regnar på presten ute på sokkelen, sjå korleis arbeidsplassane hamnar heilt andre plassar i landet, trass i at Sogn og Fjordane har opna opp havområda sine for ei storstilt petroleumsverksemd.

Det er ikkje slik at dette landet skal leve vidare på petroleumsverksemd i alle år. Det er heller ikkje slik at Sogn og Fjordane skal vere avhengig av slike arbeidsplassar. Tvert imot er det viktig å omstille økonomien vår i ei grønare og meir berekraftig retning, både økonomisk og miljømessig. Men den petroleumsverksemda som vi trass alt driv, og som vi skal drive i mange år framover, bør ikkje berre kome enkelte byar og enkelte område til gode. Ho må også kome dei fylka til gode som er vertskap for verksemda utanfor sine kystlinjer.

Derfor vil eg seie at det er synd å sjå at Statoil vel å flytte viktige arbeidsplassar vekk frå eit allereie sårbart miljø. Eg håpar at det er mogleg å tenkje seg om ein gong til, og i alle fall at det er mogleg å tenkje vidareutvikling av andre tenester i Florø, slik at ein kan dra vekslar på å forsterke det gode miljøet som allereie er der, ikkje byggje det ned utan grunn.

Helga Pedersen (A) [12:08:48]: Historien om norsk petroleumsnæring er på mange måter et eventyr. Olje og gass har bidratt med enorme inntekter, arbeidsplasser, bedrifter og ringvirkninger i landet vårt. Men til forskjell fra eventyrene handler ikke dette bare om flaks og milde gaver fra naturens side; det handler ikke minst om en bevisst politikk for å bygge opp kompetanse og industri i Norge, og det må kunne sies å ha vært særdeles vellykket.

I dag konkurrerer den norske leverandørindustrien i et globalt marked, og kunnskapen og leveransene har blitt omtrent like verdifullt som selve naturressursene som bransjen er bygd på. Og nå, når petroleumsaktiviteten kommer inn i nye områder, både i Nordsjøen, i Norskehavet og i Barentshavet, har dagens politikere et tungt ansvar for å sikre at også nye områder på land får muligheter til å bygge opp kompetanse, industrimiljø og leverandørbedrifter. Det handler både om å sikre aktivitet og vekst i hele landet og om at olje- og gassnæringen skal sikre sin legitimitet. Tilslutningen i befolkningen til å få tilgang til nye arealer er helt avhengig av at folk på land ikke bare sitter igjen med risikoen, men også ser at det bidrar til positiv utvikling der man bor.

Et annet tungt ansvar som påligger dagens politikere, er å sikre at olje- og gassaktiviteten på norsk sokkel skjer i samsvar med de klimaforpliktelsene Norge har tatt på seg. Folkets vilje har kommet klart til uttrykk her i Stortinget, enten gjennom vedtak eller gjennom flertallsmerknader, både i den saken som konkret handler om Florabasen, og som er utgangspunktet for dagens diskusjon, og i saker som Goliat, Johan Castberg-prosjektet og elektrifisering av Utsirahøyden. Så man må kunne forvente fra denne salen at statsråden følger opp stortingsflertallet når det gjelder Florabasen helt konkret, slik som det er kommet tverrpolitisk til uttrykk også i debatten i dag, og at han også i det videre arbeid ikke lar det bli opp til det enkelte oljeselskap å avgjøre hva slags deler av kysten som får ta del i veksten.

Jeg må si at jeg er slett ikke beroliget av det svaret som olje- og energiministeren ga i begynnelsen av denne interpellasjonsdebatten, og han har faktisk klart å skape usikkerhet om hvorvidt han vil følge opp stortingsflertallet. Skal oljeselskapene styre alt selv, så lenge det er lønnsomt? Jeg vil understreke at lønnsomhet og kostnadseffektivitet selvfølgelig er viktige hensyn å ta, men det kan ikke være det eneste hensynet som regjeringen tar når vi skal utvikle norsk petroleumsnæring videre. Det er også viktig at man legger til rette for lokal industri på land, slik som petroleumsloven faktisk legger opp til.

Så er jeg helt enig med statsråden i at næringslivet i Sogn og Fjordane og i og for seg også i Finnmark eller andre deler langs kysten er fullt i stand til å gripe mulighetene. Men forutsetningen for at de griper muligheten, er at de får muligheten, og det har regjeringen et tungt ansvar for å sikre. Jeg oppfatter at statsråden her skriver fra seg det ansvaret, og det er ikke noen god oppfølging av det stortingsflertallet har slått fast ved flere anledninger.

Ingrid Heggø (A) [12:12:48]: Det har vore ein interessant diskusjon og mange gode innlegg. Eg har ikkje fått svar på dei konkrete spørsmåla eg stilte, ei heller er eg roa med omsyn til korleis ministeren vil koma stortingsfleirtalet sin klårt uttrykte vilje i møte.

Eg tek ikkje lett på kostnadskontroll. Men klåre logiske brestar i reknestykket må faktisk undersøkjast, og det meiner eg er ministeren si plikt. For gjeve den forståinga at det berre er romertalsvedtak som skal gjelda av det som Stortinget seier, vil det som vert gjort med merknader i politiske debattar, vera heilt utan verdi og redusert til eit politisk teater og tidtrøyte. Eg er uroa for at dette vil verka øydeleggjande på opinionen si tiltru til det politiske arbeidet i nasjonalforsamlinga. Deler statsråden den uroa? Gjeve den forståinga at konsesjonsvilkår berre gjeld romertalsvedtak og godkjenningsbrev, kvifor har ein då systematisk vist til handsaming i Stortinget, innstillingar og merknader, dersom det ikkje skal ha nokon reell verdi? Minister Lien har også kome med utsegner om at det er tidlegare regjeringar som har skulda, og ikkje har gjort jobben sin bra nok – bl.a. i det møtet vi hadde i Sogn og Fjordane-benken – av di det ikkje var klåre nok vedtak i godkjenningsbrevet. Men det vert nettopp i godkjenningsbrevet vist til handsaming i komité og storting og kva som er sagt der. Korleis kan ein då hevda at konsesjonsvilkåra er oppfylte? Kor omfattande ville det ikkje vera om alt skulle gjerast til punkt og prikke i vedtaks form?

Det er mange lause trådar. Eg kan iallfall lova ministeren éin ting, at eg skal nøsta i alle dei lause trådane, for dette vil eg faktisk til botns i. Innlegga her i dag viser ein brei politisk vilje frå alle politiske parti, og så har representanten Rotevatn eit veldig godt poeng: Kva signal og incitament sender dette med omsyn til nye felt?

Når Statoil er så oppteke av kostnadskontroll, forventar eg òg at ein går vidare med Snorre 2040. Eg forventar at ministeren følgjer dette tett opp, at ministeren snur og følgjer opp eit stortingsfleirtal, og at dette kjem Florabasen og Sogn og Fjordane til gode.

Lønsemd er eit viktig omsyn, men det er ikkje det einaste omsynet. Ein må òg oppfylla det som stortingsfleirtalet klårt har sagt.

Statsråd Tord Lien [12:15:47]: Takk til interpellanten, og takk til dem som har deltatt. Representanten Helga Pedersen sa at historien om norsk petroleumsnæring er et «eventyr». Det er jeg helt enig i. Jeg skal også fra denne talerstol være raus nok til å si at i utviklingen av dette eventyret har Arbeiderpartiet spilt en viktig rolle, sammen med de fleste andre partiene i denne sal, bl.a. ved å etablere denne rollefordelingen og prinsippet om at kommersielle beslutninger tas i selskapene.

Petroleumsnæringen har skapt og vil fortsette å skape ringvirkninger over hele landet, også i Sogn og Fjordane. Regjeringen er opptatt av at aktivitet til havs skal gi ringvirkninger på land. Det er viktig å utnytte ressursene slik at inntektene kommer fellesskapet til gode i mange, mange år framover. Særlig i nordre del av Nordsjøen er det viktig å jobbe aktivt med kostnadsnivået, slik at vi får gjort de viktige investeringene som må til for videreføring av prosjekter.

Jeg er glad for at representanten Heggø tar opp spørsmålet om Snorre 2040. Regjeringen er veldig bevisst på den saken, og i likhet med representanten Heggø håper vi at Statoil vil gå videre med investeringen i Snorre 2040. Det vil føre til opprettholdt aktivitet på Florabasen i mange, mange tiår. Jeg er også kjent med at det har kommet nye aktører til Florabasen. Det er jeg glad for, at BG skal forsyne Knarr fra Florabasen, og at GDF skal forsyne Gjøa fra den samme basen. Jeg er også kjent med at lokalpolitikerne i Flora nettopp vedtok å utvide arealet til Fjordbase, noe som vitner om optimisme og visjoner for framtiden. Det er jeg selvfølgelig veldig glad for.

Så skal jeg bare avslutte: Jeg tror at det norske folk har hatt og vil ha stor tillit til den norske petroleumsforvaltningen. Men vi har altså ikke identifisert fra departementets side forhold som gjør at vi bør gripe inn, eller som krever involvering fra myndighetenes side. Vi vurderer det slik at denne omleggingen bl.a. vil muliggjøre utbygging, økt utvinning og opprettholdelse av produksjon på disse feltene i mange, mange tiår framover, noe som kommer nasjonen Norge til gode, men også petroleumsmiljøet i Sogn og Fjordane.

Presidenten: Da er debatten i sak nr. 6 avsluttet.