Stortinget - Møte torsdag den 12. mars 2020
President: Magne Rommetveit
Formalia
President: Magne Rommetveit
Presidenten: Det ligg føre to permisjonssøknader.
-
frå Miljøpartiet Dei Grøne si stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Une Bastholm i tida frå og med 12. mars og inntil vidare
-
frå Venstres stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Carl-Erik Grimstad i tida frå og med 18. til og med 27. mars
Presidenten føreslår at desse søknadene vert behandla straks og innvilga – og ser det som vedteke.
Frå første vararepresentant for Oslo, Per Espen Stoknes, ligg det føre søknad om å verta friteken frå å møta på Stortinget under representanten Une Bastholms permisjon, på grunn av sjukdom.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknaden vert behandla straks og innvilga.
-
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møte i permisjonstida slik:
-
For Oslo: Kristoffer Robin Haug frå og med 12. mars og inntil vidare
-
For Vestfold: Kari-Lise Rørvik frå og med 19. mars til og med 26. mars
-
Presidenten: Kristoffer Robin Haug er til stades og vil ta sete.
Presidenten vil opplysa om at som følgje av situasjonen med koronaviruset vil sak nr. 5 på dagens kart gå ut.
Etter ønske frå utanriks- og forsvarskomiteen vil sakene nr. 1 og 2 verta behandla under eitt.