Forslag frå stortingsrepresentantane Magnhild Meltveit Kleppa, Ola D. Gløtvold, Jorunn Ringstad og Rune J. Skjælaaen om å utsetja endring av praksis ved utskriving av ferdigbehandla pasientar

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Praksis ved utskriving av ferdigbehandla pasientar og overføring til kommunalt ansvar er regulert i forskrift. Mange kommunar opplever no eit press frå helseforetaka. Fleire pasientar vert utskrivne tidlegare enn før, noko som medfører nye oppgåver og andre krav til helsepersonell i kommunane.

I spørjetimen i Stortinget 6. november 2002 sa kommunal- og regionalminister Erna Solberg at Regjeringa ikkje hadde planar om å endra grensesnittet når det gjeld kva pasientar som skal skrivast ut når. I svar på spørsmål nr. 100 med skriftleg svar stadfestar sosialministeren den 26. november 2002 at ho har hatt forslag om endring av forskrift om kommunal betaling for ferdigbehandla pasientar ute til høyring og planlegg iverksetjing 1. januar 2003. Forslaget inneber ei nedkorting av dagens varslingsfrist til kommunane, auke i dagpengemulkten samt endra ordbruk frå "ferdigbehandlet" til "utskrivingsklar". Forslagsstillarane ser i utgangspunktet positivt på at fleire pasientar ved sjukdom kan få pleie og oppfylgjing i eige nærmiljø, forutsett eit forsvarleg medisinskfagleg opplegg. Dei finn likevel grunn for å understreka at ei slik endring i oppgåver for kommunane krev både mykje førebuing og auka ressursar. I ei tid der kommunane, som fylgje av stram kommuneøkonomi, kuttar i tilbod innan skule og omsorg, er det ekstra grunn til å vera på vakt i forhold til å påleggja nye oppgåver. Forslagsstillarane finn det uakseptabelt at Regjeringa ved ei forskriftsendring i det stille innfører ein praksis som direkte kan gå utover andre lovpålagde oppgåver i kommunane. Det kan til og med innebera at pleietrengjande som kommunane i dag har ansvar for, kan bli nedprioriterte. Kommunenes Sentralforbund har rimeleg nok protestert på høyringsfråsegna. Ei endring i høve til den forskrifta som gjeld i dag, bør utarbeidast i samarbeid med kommunane sin eigen organisasjon.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa utsetja ei eventuell endring av forskrifta som regulerer praksisen ved utskriving av ferdigbehandla pasientar frå sjukehus.

18. desember 2002