Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:623 (2019-2020)
Innlevert: 26.12.2019
Sendt: 02.01.2020
Besvart: 09.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Vil statsråden sørge for trygg lagring av alle "Akershus"-vegskilt, samt fylkeskilt for andre aktuelle fylke, i påvente av at dei skal takast i bruk igjen?

Begrunnelse

Akershus, Østfold og Buskerud fylke vert frå 1.1.2020 slått saman med tvang, mot viljen til folk og folkevalde i alle tre fylke. Det raudgrøne fleirtalet i Viken har gjort det klart at dei vil sende søknad til Stortinget om oppløysing av den nye regionen etter eit nytt stortingsfleirtal har kome på plass i 2021.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg held meg i utgangspunktet til at eit fleirtal på Stortinget har vedteke ei regionreform og basert på den fastsette strukturen også har vedteke å overføre oppgåver til desse regionane. Generelt vil eg seie at forvaltninga forheld seg til slike vedtak.

Eg legg også til at det ikkje er noko nytt at Senterpartiet varslar skifter av regjering slik repre-sentanten gjer i sitt spørsmål, det gjorde også Senterpartiet før valet i 2017, men veljerane ville det annleis. Fylkesskilt vert i desse dagar tekne ned og skifta ut ved gamle og nye fylkesgrenser. Statens vegvesen tek vare på dei gamle skilta dersom dei er i tilfredsstillande stand. Mange skilt er gamle, skada eller falma. Desse vert makulerte eller lagra for museumsformål. I det vidare vil regjeringa bidra til at dei nye regionane løyser sine oppgåver godt, slik at inn-byggarane ser verdien av sterkare regionar der fleire oppgåver vert løyst nærare der folk bur.