Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om statsråden kan forklare når ein har tenkt seg oppstart og bygging av ny riksveg 15 Strynefjellet

Datert: 15.11.2022
Besvart: 23.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Til behandling i kommunestyret i Stranda kommune kjem snarleg oppstart av reguleringsplan for nye riksveg 15 og armen til Geiranger. I handsaminga av Innst. 279 S (2021–2022), jf. Dokument 8:125 S (2021–2022), stemte Senterpartiet og Arbeidarpartiet ned forslaget frå Framstegspartiet om at nye riksveg 15 Strynefjellet med arm til Geiranger skulle gjennomførast med oppstart i den fyrste 6-årsperioden. Senterpartiet og Arbeidarpartiet støtta såleis Statens vegvesen sine prioriteringar, der dette prosjektet fyrst skal kunne kome i posisjon i perioden 2028–2033.
Kan statsråden forklare når ein har tenkt oppstart og bygging av ny riksveg 15 Strynefjellet?


Les hele debatten