I Stortingets møte 5. mai 2015 ble det gjort
slikt
I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom
blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 skal lyde:
Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1,
lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre
førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep.
Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før
eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert
gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva
tid førehandsundersøkingane kan gjerast.
Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter
fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova.
Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som
nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar
ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19.
Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera
førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag
etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.
§ 19 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:
Skadebot for skade eller ulempe som er valda ved førehandsundersøkingar i
samhøve med § 4 fyrste ledd, skal det skjønet
fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er
samde om det.
§ 19 andre ledd fyrste punktum skal lyde:
Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt
eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlege
for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla
skaden i staden for å svara skadebot.
Olemic Thommessen |
president |