Interpellasjon fra Bjørn Lødemel (H) til landbruks- og matministeren

Interpellasjon nr. 9 (2010-2011)
Om å legge til rette for ei levedyktig landbruksnæring ved bl.a. å styrke inntektsgrunnlaget frå småkraft og heve grunnrenteskatten
Oversendt regjeringen: 15.06.2010
Svart på: 12.11.2010 av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Landbruket er ei viktig distriktsnæring som sysselset mange og som skapar betydelege ringverknader for anna næringsliv. Kvart år ser vi at mange gardsbruk blir lagde ned og bruk blir fråflytta og ståande tome. Særleg gjeld dette ute i distrikta. Småkraft er peika på som ei viktig inntektskjelde for landbruket. Dessverre har regjeringa øydelagt inntektsgrunnlaget for over 150 småkraftverk ved å bryte lovnadane om grøne sertifikat. Det råkar mange bønder, og tapet er rekna til 1,2 milliardar kronar. Dette er svært alvorleg for dei det gjeld. Høgre ønskjer å styrke inntektsgrunnlaget i jordbruket ved blant anna å styrke inntektsgrunnlaget frå småkraft. Fjerning av grunnrenteskatten på kraftverk opp til 10 MW er eit døme på det. Høgre ønskjer å legge til rette for ei levedyktig landbruksnæring med sjølvråderett over eigedomen og fridom som vanlege næringsdrivande.
Støttar statsråden ei slik prioritering?

Les heile debatten