Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:42 (2013-2014)
Innlevert: 31.10.2013
Sendt: 01.11.2013
Svart på: 07.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): I regjeringserklæringa står det at "Regjeringen vil myke opp arbeidsmiljøloven, blant annet når det gjelder gjennomsnittsberegning av arbeidstid, alternative turnusordninger og uttak av overtid."
Kva for lovparagrafar er det regjeringa vil "mjuke opp", og korleis skal dette gjerast?

Grunngiving

Viser til regjeringserklæringa til Høgre og Framstegspartiet, og uttalar frå arbeidsministeren mellom anna til ANB, om temaet. Uttrykket "å mjuke opp" er eit uklart omgrep, som treng presisering. Føremålet med spørsmålet er såleis å finne ut kva statsråden legg i omgrepet, og kva regjeringa eigentleg har tenkt å gjere med arbeidsmiljølova.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Arbeidslivet har endra seg mykje frå arbeidsmiljølova vart innført og fram til i dag. Teknologisk og global utvikling har ført til at både behovet for og mogelegheita for meir fleksibilitet i arbeidslivet har auka. Dette gjeld også reglar som regulerer arbeidstida vår. Fleksible og føremålstenlege reglar om arbeidstid er viktig både for verksemdene og for kvardagen til den einskilde arbeidstakaren. Noreg treng meir arbeidskraft i åra som kjem, og vi må sikre at denne vert utnytta på best mogeleg måte.
Regjeringa har derfor signalisert i regjeringsplattforma at vi vil mjuke opp arbeidsmiljølova, blant anna når det gjeld gjennomsnittsutrekning av arbeidstid, alternative turnusordningar og uttak av overtid. Som det går fram av same dokument vil vi nedsetje eit arbeidstidsutval for å greie ut korleis arbeidskrafta best mogeleg kan takast i bruk i dei komande tiåra. Det fylgjer også av plattforma at Regjeringa, saman med partane i arbeidslivet, vil vurdere korleis butikktilsette kan bli omfatta av eit godt lovverk når det gjeld arbeidstid og medråderett.
Eg vil bruke tida framover til å få på plass korleis oppfylgjing av desse punkta i plattforma skal gjennomførast.