Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1149 (2013-2014)
Innlevert: 27.08.2014
Sendt: 27.08.2014
Svart på: 03.09.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vestlandet risikerer å få eit dårlegare barnevern som rammer skadelidande born når Bufetat Region Vest no skal kutte 300 millionar kroner på 2 år og 200 stillingar skal vekk. Barnefagleg kompetanse forsvinn sidan tilsette seier opp stillingane sine utan at kompetansen og tenestene blir styrka i kommunane.
Vil statsråden hindre ein situasjon som gjer at viktig barnefaglig kompetanse forsvinn, og stoppe denne raske og omfattande omstillinga i det statlige barnevernet i Region Vest?

Grunngiving

På 2 år skal Bufetat Region Vest kutte 300 millionar kroner og opptil 200 årsverk for at Bufetat skal få budsjetta i balanse. Det statlege barnevernet i Region Vest må slik kutte i alle tilboda sine. Tillitsvalde er uroa og fryktar at nedskjeringar vil ramma dei svakaste i barnevernet. Fleire tilsette har sagt opp stillingane sine i Bufetat på grunn av omstillingane organisasjonane er inne i. Kommunar er uroa for å få oppgåver over natta dei ikkje er rigga for å ta. Om kommunane fekk betre tid på seg, kunne dei i større grad inngå samarbeid med Bufetat om bruk av kompetansen. Men ifølgje NRK 26. august 2014 har KS i Sogn og Fjordane oppmoda kommunane om å skrinlegge samarbeidet med Bufetat. Manglande kommunikasjon og dårleg samarbeidsklima er årsaka. Til no har 13 kommunar sagt opp samarbeidet, og truleg vil fleire kome etter. Slik vil særleg viktig kompetanse forsvinne frå barnevernsfeltet på Vestlandet, noko som vil gå ut over både kvaliteten og omfanget i tilbodet og ramme dei som barnevernet er til for, nemleg dei skadelidande borna.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Eg vil først understreke at mitt mål er at alle barn og unge skal få god og forsvarleg omsorg og hjelp, og at hjelpa alltid skal vere til barna sitt beste.
Stortinget har slutta seg til forslaga i Prop. 106 L (2012-2013). Ein konsekvens av dette er at Bufdir no klarare enn tidligare konsentrerer seg om dei lovpålagte oppgåvene sine. Det er samtidig eit krav til det statlege barnevernet at dei skal halde den budsjettramma som Stortinget har fatta vedtak om. Det inneber at det statlege barnevernet må gjennomføre effektiviseringstiltak.
Tradisjonelt har det vore slik at det statlege barnevernet og har vore med og finansiert hjelpetiltak som etter barnevernlova eigentleg er eit kommunalt ansvar. Som følge av Prop. 106 (2012-2013) må kommunane ta eit større ansvar for tiltak dei etter lova allereie har eit ansvar for.
Bufdir jobba kontinuerleg med å effektivisere drifta for å oppnå budsjettbalanse, samtidig som dei har ein betydeleg aktivitetsvekst. Effektiviseringstiltak er sett i gang i alle regionar, men innsparingsplanane fordeler seg noko ulikt mellom regionane.
Eit overordna mål for barnevernet er at det skal vere likeverdige tenester i heile landet. Region vest har over lengre tid hatt eit særleg høgt utgiftsnivå og hatt utgifter per barn som er høgare enn dei andre regionane.
Budsjettoverskridingane i Region vest skuldast mellom anna relativ låg kapasitetsutnytting i tiltaka og at opphaldstida i tiltaka er lengre enn det som er vanleg i dei andre regionane. Regionen må derfor omstille tenestetilbodet for å få ei meir kostnadseffektiv drift.
Omstillingar er ein krevjande prosess for alle. Det er derfor ei utfordring dersom personar med viktig kompetanse sluttar. Men tenestene som det statlege barnevernet leverer skal vera forsvarlege og ha den kompetanse og bemanning som er nødvendig for å tilfredsstille krav til kvalitet og forsvarleg praksis. Dette inneber mellom anna at etaten skal ha eit spesialisert og differensiert tilbod tilpassa barna sitt behov. Det er opp til institusjonane å sørge for at dei har riktig kompetanse og tilbyr nødvendige kompetansehevingstiltak retta inn mot dei ulike målgruppene. Bufdir har ansvaret for å sikra at forskriftene om godkjenning og kvalitet vert etterlevde både i statlege og private tiltak. I tillegg er det eit uavhengig tilsynsapparat med Helsetilsynet og fylkesmannsembeta som fører tilsyn med alle tiltak i barnevernet, også dei som vert gitt av Bufetat.