Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1168 (2013-2014)
Innlevert: 29.08.2014
Sendt: 29.08.2014
Svart på: 03.09.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Korleis kan statsråden bidra til at same betalingskort på ferje frå eitt selskap kan brukast i heile landet?

Grunngiving

I dag er det ikkje mogleg å bruka betalingskort for ferje, t.d. for Fjord1 lenger nord enn t.o.m. Møre og Romsdal. Det verkar tungvindt og fordyrande for dei reisande å måtta ha kort frå fleire ferjeselskap viss ein reiser mellom nord og sør. Spesielt for næringstransporten er dette uheldig, men også for dei av oss som privat køyrer langs heile kyststripa vår.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I ferjedrifta fins det eit rabattkort (ferjekort) som kan brukast på tvers av ferjeselskap og fylkesgrenser i alle samband som er omfatta av ordninga. Ferjekortet kan brukast på dei fleste riksvegsamband og fylkesvegsamband i fylke der fylkeskommunane ynskjer deltaking for sine ferjesamband.
Fylgjande fylke er omfatta i dag: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. I tillegg er det i bruk på nokre tidlegare riksvegsamband i Trøndelagsfylka og eit tidlegare riksvegsamband i Finnmark. Krava til ferjeselskapa sine billettsystem er regulert av kontraktane og er vanskeleg å endre i kontraktsperioden. Ei utviding av ordninga skjer difor i praksis ved at det ved utlysning av nye ferjekontraktar kan bli stilt krav om deltaking i ferjekortsamarbeidet.
Riksvegferjesambanda Bogenes-Lødingen og Bodø-Moskenes-Værøy-Røst skal i samsvar med kontrakt, og etter tekniske utfordringar, no vere teknisk førebudde på å behandle nasjonale ferjekort. Målet er også å tilby bruk av nasjonalt ferjekort på alle riksvegsamband i Nordland når Drag-Kjøpsvik og Bognes-Skarberget blir lyst ut på nytt. Eg meiner det er viktig at staten går føre som eit godt døme, og syter for at ferjekortet er mogleg å bruka i alle samband.
Bruk av AutoPASS som betalingsløysing også på ferjer vil lette betalinga for trafikantane. Dette er noko regjeringa ynskjer å få innført.
Fylkeskommunane er takstmyndigheit på fylkesvegsamband og står fritt til å velje om fylkeskommunale ferjesamband skal vere ein del av den nasjonale ferjekortordninga. Eg oppmodar fylkeskommunane om å delta med sine samband.