Kjersti Toppe (Sp): Viser til oppslag i Aftenposten 20. juni 2015 om "Daniel-saka" og Helsetilsynets sin konklusjon i saka. Helsetilsynet har ikkje gått inn i opplysningar om opplevd "press" på assistentlegen og andre, og Helsetilsynet grunngir det med at det faller utanfor deira mandat fordi det er ein del av det psykososiale arbeidsmiljøet.
Meiner statsråden at Helsetilsynet si tolking av mandatet er rett, vil i tilfelle statsråden bidra til å klargjere eller endre mandatet?
Begrunnelse
Helsetilsynet sin konklusjon i "Daniel-saka" var at Daniel fekk "forsvarleg behandling", men sjukehuset får kritikk for to brot på spesialisthelsetenestelova. Men presset som assistentlegen og andre opplevde blei ikkje følgt opp, sjølv om Helsetilsynet legg til grunn at det har skjedd. Direktør av Helsetilsynet meiner dette fell utanfor deira mandat. Det er viktig å få avklart om Helsetilsynet si tolking av sitt mandat er rett. Fleire fagfolk reagerer på Helsetilsynet si tolking, og er uforståande til at dette området ikkje er vurdert i tilsynsrapporten.