Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1140 (2015-2016)
Innlevert: 24.05.2016
Sendt: 24.05.2016
Besvart: 31.05.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Mandatet til Eidesen-utvalet er under diskusjon ute i organisasjonar og i medier. Stortinget har laga "frys" vedtak for at Eidesen-utvalet skal ha ei heilskaplig tilnærming og for at alle forhold kring strukturordningane nå må belysast. Dette gjeld bl.a. fylkesbindingane, nytt kvotetak for kystflåten og også spørsmålet om kor mange som eventuelt får problemer ved å avvente Eidesen-utvalet.
Kan statsråden garantere at mandatet omfattar ovannemnde temaer, og at Stortinget si heilskaplige bestilling vert ivareteke?

Begrunnelse

Stortinget var klar i si bestilling til Eidesen-utvalet på at nå måtte det komme ei heilskaplig vurdering, der konsekvensane av ulike løysingar og forslag vart belyst og redegjort for. Difor innførde Stortinget "frys" for alle endringar som omhandlar dette. Det at organisasjonane likevel ønskjer endringar på enkelte av sine føreslåtte saker er forståelig, men kan ikkje imøtekommast viss Stortingsvedtaket vert handheva. Kven dette får konsekvensar for og kor mange det gjeld ønskjer eg å få ein oversikt over, likeeins innføring av ei midlertidig rederikvoteordning, kven og kor mange det vil omfatte. På Austevoll fiskarlag sitt årsmøte kom det fram at Eidesen-utvalet ikkje kom til å utgreie forholdet kring nytt kvotetak, der den føreslåtte auken i strukturkvoteordningen til bla 4+4 eventuelt 5+5.Dersom Eidesen-utvalet ikkje omhandlar dette så vil Stortinget ikkje få den breie og heilskaplige gjennomgangen som vart etterlyst. Eg er glad for at det var ein samla komité som ønskjer å sjå heilskap og som ønskjer å få konsekvensane av dei forskjellige strukturtiltaka før ein går inn å tek ei avgjersle. Skal vi fatte vedtak for landets viktigaste framtiddsnæring så må grunnlaget og konsekvensane vera utgreidd og alle forhold kring strukturkvoteordninga må vera belyst. Prinsippa må diskuterast på brei front, men vi må også gå i detaljer på enkelte områder.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Eidesenutvalet vart sett ned og fekk sitt mandat ved kgl res av 19. juni 2015. Utvalet skal foreta ei brei analyse av korleis kvotesystemet skal innrettast for framtida, herunder også spørsmålet om korleis ressursrenta skal behandlast.
Mandatet er overordna og omfattande, og det nemner konkret verken fylkesbindingar eller kvotetak for kystflåten. Mandatet er ikkje til hinder for at utvalet går inn i desse problemstillingane. Eg vonar likevel at utvalet brukar mest tid på å løfte blikket og tenkje langsiktig og overordna, og mindre tid på å gå inn i enkeltelementa i dei ulike ordningane. Dette vil likevel vere opp til utvalet.
Ved behandlinga av stortingsmelding om ein konkurransekraftig sjømatindustri, har ein samla næringskomite i si innstilling av 17. mars 2016 sagt at "effektuering av endringsforslag vedrørende strukturering bør avvente Eidesen-utvalets arbeid, slik at man får en helhetlig tilnærming til strukturpolitikken". Det er noko som eg vil følgje, men mandatet til utvalet frå juni 2015 seier av gode grunnar ikkje noko om at utvalet skal greie ut konsekvensane av utsetjinga.
Utvalet, på si side, arbeider sjølvstendig inntil dei skal levere si innstilling til hausten. Utvalet har nyleg bedt om utsatt frist frå 31. september til 31. desember for å kunne svare opp mandatet på best mogleg måte. Dette har eg innvilga, og eg ser fram til å lese det som utvalet foreslår.