Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1547 (2015-2016)
Innlevert: 05.09.2016
Sendt: 05.09.2016
Svart på: 09.09.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Regjeringa har etablert ei ordning med utviklingskonsesjonar innan havbruksnæringa. Ordninga skal bringa fram ny teknologi og nye løysningar. Iht. Fiskeridirektoratet har så langt berre eit av dei om lag 30 prosjekta som har søkt, fått tilsagn om løyve.
Vil det i vurderingane bli lagt vekt på og ev premiert dersom prosjektet er kopla opp mot leverandører innan andre sektorar, slik at ein stimulerer til samarbeid på tvers av ulike fagområder?

Grunngiving

Formålet med utviklingskonsesjonar er å legge til rette for innovasjon og utvikling av teknologi som kan føre til at miljø- og arealutfordringane i oppdrettsnæringa kan løysast. Dette kan til dømes være i form av konstruksjon av prototyper og testanlegg, industriell design, ustyrsinstallasjon og fullskala prøveproduksjon. Noreg har høg kompetanse innan ulike sektorer når det gjeld havteknologi, til dømes innan maritim sektor og offshore. Eit samarbeid på tvers mellom ulike sektorar og fagområder vil kunne gje store synergier, og vil og kunne bidra til omstilling. Det er allereie kome inn søknader om over 200 løyver, fordelt på 30 ulike prosjekt. Berre eit prosjekt har så langt fått tilsagn, og det er Salmar sitt havmerd-prosjekt, som er utvikla basert på offshoreteknologi. Ved å "premiera" prosjekt der ein får ein "cross-over" mellom ulike sektorar og der fleire fagområder samarbeider kan den samla verdiskapinga i dei havbaserte næringane aukast.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Formålet med utviklingskonsesjonar til akvakultur av laks, aure og regnbogeaure er å stimulere til auka berekraft, ønska omstilling og innovasjon og auka samla verdiskaping i næringa. Konkret skal utviklingsløyve leggje til rette for eit teknologilyft i næringa ved at løyve til akvakultur vert tildelt prosjekt som inneber utvikling av nye teknologiske løysingar.
For å få tildelt utviklingsløyve blir det kravd at prosjektet inneber vesentleg innovasjon og vesentlege investeringar. Utgangspunktet er altså at dette er ei ordning som omfattar dei store prosjekta som næringa sjølv ikkje vil/kan ta risikoen ved å realisere på eiga hand.
Prosjekt som er omfatta av ordninga vil normalt krevje eit vesentleg arbeid hos utstyrsleverandørar og andre kompetente fagmiljø. Mange av løysingane i søknadene byggjer derfor også på samarbeid med andre fagmiljø, slik som oljesektoren. Slikt samarbeid kan vere viktig for å bringe havbruksnæringa framover teknologisk. Eg er trygg på at utviklingsprosjekta vil gi auka verdiskaping, og at havbruksnæringa i sin søken etter nye prosjekt vil oppsøkje dei fagmiljøa som næringa meiner kan vere med på å utvikle ny teknologi. Ein søkjar vil likevel ikkje bli særskilt prioritert fordi eit slikt samarbeid har funnet stad, og det kan eg heller ikkje sjå at det skulle vere grunnlag for. Ordninga med utviklingsløyve er oppretta for å hjelpe til å løyse særskilde utfordringar som havbruksnæringa har, og det avgjerande er derfor kva løysingar som søkjaren presenterer for å hjelpe til å løyse desse, ikkje kven søkjaren har samarbeida med for å kome fram til løysinga.
Eg er elles heilt einig med representanten Heggø i at Noreg har høg kompetanse innan ulike sektorar når det gjeld havteknologi, for eksempel innan maritim sektor og offshore. Regjeringa har då også varsla at det skal utarbeidast ein eigen havstrategi der vi vil sjå nærmare på korleis vi kan utnytte dei store moglegheitene Noreg har innanfor dette området.