Skriftleg spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:775 (2023-2024)
Innlevert: 20.12.2023
Sendt: 21.12.2023
Svart på: 05.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): Kan statsråden bekrefte at kommunene har reguleringsmyndighet i henhold til plan- og bygningsloven for utbygging av større skogsbilveier?

Grunngiving

Foranlediget av flere kommuners arbeid med revisjon av arealplanene har SFOV rettet innsigelse mot arealplanbestemmelser som henviser til reguleringsbehandling i h.t. Pbl. (plan- og bygningsloven) av større skogsbilveier.
Innsigelsene er basert på at Landbruksveiforskriften, som også omfatter skogsbilveiene, uttømmende regulerer godkjennelsesprosessen. Det anføres at reguleringsplankrav etter Pbl. vil være ulovlig.
Denne lovforståelse er også lagt til grunn av SFOV i aktuelle klagesaker mot større skogsbilveier alene behandlet etter Landbruksveiforskriften.
Statsforvalteren har på denne bakgrunn i brev 06.01.2023 til KDD anmodet om en avklaring på dette rettsspørsmål som også er viet betydelig oppmerksomhet i juridisk universitetsmiljø.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Landbruksvegar er unnatekne frå reglane om byggjesaksbehandling i plan- og bygningslova, samtidig går det fram av forarbeida til lova at planleggingsføresegnene i plan- og bygningslova ikkje er omfatta av dette unnataket. Til spørsmålet frå representanten kan eg derfor bekrefta at kommunane har reguleringsmyndigheit etter plan- og bygningslova for
utbygging av større skogsbilvegar. Men krav til reguleringsplan er likevel ikkje til hinder for at det blir gjeve løyve etter landbruksvegforskrifta.
Eg viser til at nærmare reglar om planlegging, godkjenning og bygging av skogsvegar er gitt i forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Det er ein føresetnad at tiltakshavar får nødvendig løyve etter denne forskrifta før det kan etablerast landbruksvegar i område som er sette av til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift (LNFR-område). Når tiltaket er vedteke av kommunen etter landbruksfaglege og miljøfaglege vurderingar etter forskrifta om landbruksvegar, er det lagt til grunn at behovet for reguleringsplan etter plan- og bygningslova er avgrensa. I rettleiing på temaet frå Kommunal- og distriktsdepartementet, er det lagt til grunn at reguleringsplikta ikkje utløysast med mindre det gjeld veganlegg av helt ekstraordinær størrelse. Det er såleis ein høg terskel før det må lagast reguleringsplan. Ein høg terskel skal òg vareta omsynet til å unngå unødvendig dobbeltbehandling.
Samstundes er krav om reguleringsplan ikkje til hinder for at det blir gjeve løyve etter landbruksvegforskrifta. Plankrav er såleis ikkje til hinder for å iverksette landbruksvegar som er unnatekne frå reglane om byggjesaksbehandling i plan- og bygningslova, jf. Rt 2009. s 354 og LE-2023-22977.
Det er kommunen som må ta stilling til om tiltaket er av ei slik ekstraordinær størrelse at det er behov for reguleringsplan. I saker som gjeld etablering av landbruksvegar må kommunen koordinere seg som høvesvis landbruksstyresmakt og planstyresmakt.
Eg nemner at dersom statsforvaltaren har fremja motsegn til ein kommunal arealplan og det ikkje blir semje mellom statsforvaltaren og kommunen, skal arealplanen behandlast av Kommunal- og distriktsdepartementet.