Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2098 (2023-2024)
Innlevert: 22.05.2024
Sendt: 23.05.2024
Besvart: 30.05.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): I sin innstilling til komiteen Samferdsel og Mobilitet i Vestland sitt møte 21.05, ønsker no fylkesdirektør å avlyse dei ambisiøse krava til låg og nullutslepp hurtigbåt på hurtigbåtrutepakke om båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm - grunna manglande lovnader frå departementet for å dekke delar av meirkostnadane. Det betyr utlysing av konvensjonelle ruter som vil gå i 10-15 år.
Kva vil statsråden gjera for å hindre at dette no skjer?

Begrunnelse

Frå samandrag i saka:

Tildeling av kontrakt i den pågåande konkurransen for båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm vil gje Vestland fylkeskommune vesentlege meirkostnader som følgje av ambisiøse og store utsleppskutt. Fylkeskommunen sin økonomiske situasjon er krevjande og det ligg føre ein vedtatt føresetnad om at det er nødvendig med tilstrekkeleg statleg støtte dersom konkurransen om denne kontrakten skal gjennomførast. Ettersom det ikkje ligg inne lovnad om støtte i forslag til revidert nasjonalbudsjett tilrår fylkesdirektøren at den pågåande konkurransen vert avlyst og at det vert lagt fram ny sak til fylkesutvalet om konkurransegrunnlag med lågare kostnad/klimaambisjon.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Fylkeskommunane har ansvaret for drift av fylkesvegferjer og hurtigbåtar. Fylkeskommunane får dekt sine kostnader gjennom inntektssystemet. I 2021 blei 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene grunngitt med ein satsing på ferjer og nullutsleppsbåtar. Satsinga er vidareført med ei særskilt fordeling innafor rammetilskotet og utgjer 110,8 mill. kroner i 2024.
Samferdselsdepartementet har ikkje innført krav til nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar. Kravet vil bli vurdert samen med kompensasjon til fylkeskommunane.