Spørjetimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden meiner at praksisen med at mange politimeistrar som er utnemnte i kortvarige konstitusjonar kan halde fram

Datert: 30.04.2014
Svart på: 07.05.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Det er i dag mange politimeistrar som er utnemnte i kortvarige konstitusjonar. Enkelte for berre 2 år. Manglande føreseielegheit når det gjeld den sentrale leiinga i eit politidistrikt kan få uheldige konsekvensar. Det er prinsipielt viktig at ein toppleiar på dette nivået har ei viss uavhengigheit. Korte konstitusjonar kan i denne samanhengen vera uheldig.
Meiner statsråden at denne praksisen kan halde fram?


Les heile debatten