Spørsmål
Jenny Klinge (Sp): Det er i dag mange politimeistrar som er utnemnte i kortvarige konstitusjonar. Enkelte for berre 2 år. Manglande føreseielegheit når det gjeld den sentrale leiinga i eit politidistrikt kan få uheldige konsekvensar. Det er prinsipielt viktig at ein toppleiar på dette nivået har ei viss uavhengigheit. Korte konstitusjonar kan i denne samanhengen vera uheldig.
Meiner statsråden at denne praksisen kan halde fram?