Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

Om kva regjeringa vil gjera med Oljefondets invisteringar i våpenselskap som leverer våpen til Israels folkerettsstridige krig i Gaza

Datert: 15.05.2024
Besvart: 15.05.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Spørsmålet mitt går til finansministeren.

Al-Nakba, katastrofen: I dag for 76 år sidan, i 1948, starta tvangsfordrivinga av hundretusenvis av palestinarar frå heimane deira. Dei og etterkomarane deira er framleis flyktningar. I dag, i 2024, skjer på nytt ei massiv tvangsfordriving av og drap på sivile palestinarar i Gaza og på Vestbreidda.

Noreg har ei plikt etter folkeretten til å gjera det me kan for å hindra og ikkje bidra til alvorlege folkerettsbrot. Både folkemordkonvensjonen og Genèvekonvensjonane har ei sånn handlingsplikt. Israels okkupasjon av palestinske område, krigsforbrytingar og mogleg folkemord utfordrar òg det norske medansvaret. Noreg bidreg til desse folkerettsbrota. Norske pengar er gjennom oljefondet kvar dag på arbeid for selskap som er djupt involverte i omfattande og alvorlege brot på dei siviliserande internasjonale rettsreglane me alle er avhengige av.

Oljefondet investerer for det fyrste i våpenselskap som leverer våpen til Israels folkerettsstridige krig mot Gaza. FN-domstolen har opna sak mot Israel etter folkemordkonvensjonen, noko som òg forpliktar tredjeland som Noreg til å sørga for at ein ikkje bidreg til folkemord. Oljefondet investerer òg i selskap som opererer i dei ulovlege israelske busettingane på palestinsk område, noko som er i strid med folkeretten og krigsforbrytingar etter den fjerde Gènevekonvensjonen.

Vil regjeringa gjera nødvendige tiltak for at Noreg gjer plikta vår etter folkeretten og ikkje er medskuldig i brot på folkemordkonvensjonen og Gènevekonvensjonane?


Les hele debatten