Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

1.1 Innleiing

       I proposisjonen gjer departementet framlegg om å lovfesta klagerett over påtalevedtak. Den klageretten som har eksistert til no byggjer på praksis, men ein har ingen klare reglar for kor langt retten til å klage strekkjer seg. I tillegg gjer departementet framlegg om ei endring i reglane om kven som skal kunna avgjere soningsutsetjing.

1.2 Lovfesting av klagerett over påtalevedtak

       Framlegget om å lovfeste klagerett over påtalevedtak byggjer dels på Straffelovkommisjonen si delutgreiing nr. V NOU 1992:23 Ny straffelov - alminnelege bestemmelser, og dels på eit framlegg frå Riksadvokaten.

       Klagereglane i forvaltningslova gjeld ikkje for påtalemakta sine avgjerder etter straffeprosesslova. I praksis har det likevel vore høve til å klage over påtalevedtak, men ein har ingen klare reglar for kor langt klageretten strekkjer seg. Ein har heller ingen klagefristar, og klageretten er ikkje avgrensa til næraste overordna organ.

       Høyringsinstansane er positive til å lovfeste ein klagerett over påtalevedtak, og Justisdepartementet er samd i at det bør vere høve til å klage over påtalevedtak og at denne klageretten bør lovfestast.

       Straffelovkommisjonen gjer framlegg om at sikta skal kunne klage over ei tiltaleavgjerd, medan Riksadvokaten vil avgrense klageretten slik at den sikta ikkje kan klage over vedtak som innleier straffeforfølging for retten. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane stør Riksadvokaten på dette punktet, og meiner m.a. at ei anna løysing vil føre til meirarbeid og store forseinkingar i sakshandsaminga. Departementet er samd i at den som er sikta ikkje bør få klagerett over ei tiltaleavgjerd, og uttalar m.a. at den sikta sannsynlegvis er betre tent med å få saka opp for domstolen så snart råd er. Overordna påtalemakt kan framleis omgjere tiltaleavgjerder dersom dei ikkje er samde i tiltalen. Det vert difor gjort framlegg om at den sikta ikkje skal ha klagerett over tiltaleavgjerder eller førelegg.

       Både Straffelovkommisjonen og Riksadvokaten gjer framlegg om at den som påtalevedtaket rettar seg mot eller som har rettsleg klageinteresse, bør kunne klage over vedtaket. Eit fleirtal av høyringsinstansane er samde i dette, og departementet fremmer forslag i samsvar med dette. Omgrepet rettsleg klageinteresse vil m.a. kunne femne om fornærma eller andre skadelidne, eventuelt ein organisasjon når saka gjeld tilhøve som fell inn under verkeområdet til organisasjonen. Departementet gjer framlegg om at eit forvaltningsorgan bør ha klagerett dersom påtalemakta sitt vedtak direkte får følgjer for organet sitt saksområde. Eit fleirtal av høyringsinstansane stør dette. Departementet reiser òg spørsmålet om dei som melder ei sak til påtalemakta alltid bør få klagerett. Fleirtalet av høyringsinstansane er skeptiske til dette, og meiner at berre dei som har rettsleg klageinteresse bør få klagerett. Departementet sluttar seg til dette.

       Riksadvokaten gjer framlegg om å avgrense klageretten til vedtak om straffeforfølging skal finne stad eller ikkje. Straffelovkommisjonen gjev i utgangspunktet klagerett for alle vedtaka påtalemakta har gjort, med unnatak for dei vedtaka som kan overprøvast av retten, og vedtak som krev samtykke frå den sikta. Ei avgjerd som vil falle utanfor Riksadvokaten sitt framlegg er t.d. krav om dokumentinnsyn. Her er det likevel gjeve eigne klagereglar i påtaleinstruksen. Eit anna eksempel er avgjerder om personundersøking. Fleirtalet av høyringsinstansane er skeptiske til at klageretten skal femne om alle typar vedtak som påtalemakta gjer, og departementet gjer framlegg om at klageretten i utgangspunktet vert avgrensa til vedtak som gjeld sjølve straffeforfølginga, dvs. vedtak om utskriving av tiltaleavgjerd og førelegg, avgjerd om bortlegging av saka og fråfall av påtale.

       I samsvar med Straffelovkommisjonen sitt framlegg vil det ikkje vere klagerett over krav om pådømming i forhøyrsrett. Departementet syner til effektivitetsomsyn i denne samanhengen. Departementet går heller ikkje inn for klagerett ved vedtak om overføring til konfliktråd eller vedtak om å setje i gang etterforsking. Vedtak som gjeld soningsutsetjing etter § 459, bør likevel kunne påklagast. Både Straffelovkommisjonen og Riksadvokaten gjer framlegg om at vedtak om påtale som kan bringast inn for retten (t.d. fråfall av påtale) ikkje bør kunna påklagast. Departementet stør dette, og gjer elles framlegg om at det ikkje bør vere høve til å klage over påtalemakta sine avgjerder der Riksadvokaten er førsteinstans, m.a. av omsyn til påtalemakta si frie stilling.

       Straffelovkommisjonen gjer framlegg om at klagefristen skal vere to veker frå klagaren får melding om vedtaket, medan Riksadvokaten gjer framlegg om tre veker. I tillegg gjer Riksadvokaten framlegg om ein absolutt frist på tre månader for å klage over at påtale ikkje skal skje og vedtak om å innstille ei straffeforfølging som alt er i gang. Fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg om dette går inn for at fristen bør vere tre veker. Departementet sluttar seg til dette. Departementet stør òg framlegget om ein absolutt klagefrist over påtalevedtak som er til gunst for den sikta. Fristreglane samsvarar med tilsvarande reglar i forvaltningslova.

       Det er føresetnaden at reglane om å melde frå til dei som har rett til å klage skal gjevast i påtaleinstruksen. Framlegget vil føre til ei utvida underretningsplikt for påtalemakta.

       Båe framlegga føreset at næraste overordna påtalemakt skal handsame klagesaka. Fleirtalet av dei høyringsinstansane som har uttala seg om dette, ynskjer ikkje at det skal vere høve til å klage over vedtaket til høgare påtalemakt, slik som praksisen er i dag. Departementet er samd med høyringsinstansane og gjer framlegg i samsvar med dette. Framlegget er i samsvar med hovudregelen i forvaltningslova.

       Riksadvokaten peikar i si høyringsfråsegn på at klagen ikkje kan ha oppsetjande verknad. Departementet sluttar seg til dette. Riksadvokaten åtvarar dessutan mot å innføre grunngjevingsplikt og fleirtalet av høyringsinstansane er òg negative til dette. Departementet konkluderer med at det er vanskeleg å innføre ei nærare plikt til å grunngi påtalevedtak, men påtalemakta bør på eige initiativ vurdere utsiktene for å grunngi fleire vedtak enn det som vert gjort i dag.

1.3 Kompetanse til å gi soningsutsetjing

       I medhald av dei reglane i straffeprosesslova § 459 som gjeld i dag skal spørsmål om utsetjing av soning i seks månader eller meir avgjerast av Riksadvokaten. Regelen var ny da straffeprosesslova vart vedteke. Riksadvokaten meiner det ikkje er behov for den nye regelen som gjev eit unødig arbeidspress på riksadvokatembetet. Han gjer framlegg om at ein går attende til den tidlegare regelen om at soningsutsetjing skal avgjerast av den instansen som elles har kompetanse til å avgjere tiltalespørsmålet, likevel slik at Riksadvokaten aldri skal ha primærkompetanse til å gjeva soningsutsetjing. Det fylgjer av framlegget at alle krava om soningsutsetjing vil bli avgjorde av politi eller statsadvokaten, alt etter kva slags lovbrot lova byggjer på.

       Dei høyringsinstansane som har uttala seg stør framlegget. Departementet fremmer framlegg i samsvar med dette.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Det er sannsynleg at ei lovfesting av klageretten vil kunne føre til auke i talet på klager over påtalevedtak. Samstundes vil det òg verte innført ei meir omfattande opplysningsplikt. På den andre sida inneber lovfestinga at det vert gjeve ei viss avgrensing i klageretten samanlikna med gjeldande praksis. Det er difor grunn til å tru at påtalemakta totalt sett vil oppleve ein reduksjon i talet på klagesaker. Framlegget om å endre reglane om soningsutsetjing vil ikkje nemnande endre den totale arbeidsmengda til påtalemakta.