1. Samandrag

   Meldinga gjev ei brei oversikt over Europarådet si verksemd og Noreg si deltaking i rådet sitt arbeid på regjeringsplan i 1995.

       Vedlegg 1 til meldinga inneheld ei oversikt over nye konvensjonar og avtalar, Europarådet sitt budsjett og Noreg sin del av budsjettet for 1995 og eit oversyn over rekommandasjonar og resolusjonar til medlemslanda vedtekne av Komiteen av faste representantar i 1995. Vedlegg 2 inneheld ei oversikt over medlemslanda i Europarådet i 1995.

       Når det gjeld det politiske samarbeidet vert det i meldinga opplyst at Ministerkomiteen sine to møte i 1995 fann stad 12. mai (96. sesjon) og 8. - 9. november (97. sesjon). Den 96. sesjonen sine hovudtema var Europarådets framtidige rolle, utvidingsprosessen og tilhøvet til andre organisasjonar, spesielt EU og OSSE. Frå norsk side la ein særleg vekt på gjennomføringa av overvakingsmekanismen og på menneskerettssituasjonen i Tyrkia. Hovudsaker på den 97. sesjonen var opptaket av Ukraina og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Russlands medlemskap, observatørstatus for USA og gjennomføringa av overvakingsmekanismen. Frå norsk side la ein mellom anna vekt på at Europarådet i samarbeid med EU og OSSE burde bidra aktivt til å byggja opp att demokratiske institusjonar i Bosnia-Hercegovina.

       Det vert vidare opplyst at Europarådet i 1995 vart utvida frå 33 til 38 medlemer. Som det siste baltiske landet vart Latvia teke opp som medlem 10. februar 1995. Albania og Moldova vart medlemer 13. juli 1995. Moldova vart såleis det første av SUS-landa som slutta seg til Europarådet. 9. november 1995 vart Ukraina og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (FYROM) medlem av Europarådet.

       Etter at Parlamentarikerforsamlinga i september 1995 vedtok å ta opp att handsaminga av Russland sin medlemskapssøknad frå mai 1992, tok Komiteen av faste representantar den formelle avgjerda om russisk medlemskap den 8. februar 1996.

       Det vert vidare opplyst at medlemskapssøknader frå Belarus, Bosnia-Hercegovina og Kroatia er oversende frå Komiteen av faste representantar til Parlamentarikarforsamlinga til utsegn. USA, Canada og Japan har sagt seg interesserte i å oppnå observatørstatus i Rådet. Dette vil truleg bli avgjort i 1996.

       Om oppfølginga av det norsk-nederlandske initiativet på Europarådet sitt toppmøte i Wien i oktober 1993 om å etablere eit system for overvaking av medlemslanda sine plikter, vert det opplyst at Komiteen av faste representantar vedtok prosedyren for gjennomføring av dei aktuelle fråsegnene frå Ministerkomiteen 20. april 1995. Prosedyren går mellom anna ut på at Generalsekretæren annankvart år skal leggje fram ein rapport om gjennomføringa av dei pliktene medlemslanda har teke på seg. I november 1995 vart det etablert ei arbeidsgruppe med norsk formannskap for å fremje forslag om retningsliner for Generalsekretæren sin første rapport, som skulle leggjast fram i februar 1996.

       Om samarbeidet med EU vert det opplyst at det i 1995 vart halde to firepartsmøte i Paris 7. april og i Madrid 6. november. På møte av denne karakteren deltar frå Europarådet si side formannen for Ministerkomiteen og Generalsekretæren og frå EU-sida ein representant frå presidentskapet og ein frå Kommisjonen. Dei to organisasjonane hadde eit nært samarbeid om støtte til reformprosessen og utbygging av rettsvesenet i dei sentral- og austeuropeiske landa.

       Komiteen av faste representantar vedtok i oktober 1995 Europarådet sitt bidrag til Refleksjonsgruppa for EU sin regjeringskonferanse i 1996. I bidraget understreka ein at det er fleire felt som begge organisasjonane dekkjer, og at eit nærare samarbeid mellom dei er viktig.

       Same månad vedtok Komiteen av faste representantar å etablere ei arbeidsgruppe for å drøfte korleis sambandet mellom EU og Europarådet kan styrkast og i denne samanhengen vurdere revisjon av samarbeidsavtala av 1987.

       Om samarbeidet med OSSE vert det opplyst at OSSE og Europarådet i 1995 heldt to høgnivåmøte med deltaking av dei to organisasjonane sine formenn og generalsekretærar. Sentrale spørsmål var koordinering av dei to organisasjonane sitt arbeid for å fremje pluralistisk demokrati, respekt for menneskerettane og rettstatsprinsippet.

       I Komiteen av faste representantar si arbeidsgruppe for sambandet mellom OSSE og Europarådet, føreslo Noreg i november 1995 at ein i 1996 skal halde eit ekspertmøte mellom OSSE og Europarådet for å drøfte dei to organisasjonane sine mekanismar for å overvake medlemslanda sine plikter. Forslaget fekk brei støtte og vil bli drøfta vidare i 1996 med sikte på å halde ekspertmøtet hausten 1996.

       Om Tyrkia vert det m.a. vist til at Parlamentarikarforsamlinga i april 1995 rådde Ministerkomiteen til å vurdere å suspendere Tyrkia sin rett til deltaking i Europarådet om ikkje Ministerkomiteen på Forsamlinga sin sesjon i juni kunne rapportere om vesentleg framgong i tilbaketrekkinga av styrkane frå Nord-Irak og i gjennomføringa av pliktene landet har teke på seg som medlem av Europarådet. På møtet i Komiteen av faste representantar i juni 1995 blei det vedteke eit svar på Parlamentarikarforsamlinga si tilråding der det m.a. blei vist til at dei tyrkiske styrkane var heilt trekte ut frå Irak og til at Ministerkomiteen hadde innleia ein dialog med Tyrkia om gjennomføring av dei andre spørsmåla som vart omtala i Forsamlinga si tilråding. Det vert opplyst at komiteen nøye ville følgje gjennomføringa av reformprosessen i Tyrkia, som ein meinte måtte ha som siktemål å konsolidere demokratiet og å styrke vernet av menneskerettane i landet så snart som mogleg.

       Om Europarådet sitt engasjement i det tidlegare Jugoslavia går det m.a. fram av meldinga at Europarådet i samband med gjennomføringa av Rammeavtala om fred i Bosnia-Hercegovina av 21. november 1995 (Dayton-avtala), skal yte eit viktig bidrag til rettsoppgjeret etter krigen og utviklinga av rettsvesenet i dei krigsherja områda i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

       Det vert vidare opplyst at Komiteen av faste representantar i 1995 vedtok å sende ein ekspertdelegasjon til Kroatia for å vurdere verknaden av grunnlova av 1991 for menneskerettar og rettane til nasjonale samfunn og minoritetar. Oppdraget er gjennomført i byrjinga av 1996. Som følgje av utviklinga er det grunn til å tru at Europarådet sitt samarbeid med Kroatia vil bli styrkt i 1996.

       Når det gjeld menneskerettar og demokratibygging vert det opplyst i meldinga at Den europeiske Menneskerettskommisjonen i 1995 mottok 10.102 klager om brot på Menneskerettskonvensjonen, og registrerte for vidare handsaming 3.481 klager. Dei fleste klagene kom frå Frankrike, Italia, Storbritannia, Polen og Tyskland. Det var i 1995 193 klager frå tyrkiske statsborgarar, mot 130 i 1994. Kommisjonen tok imot 34 klager frå norske borgarar. 21 av desse klagene vart registrert for vidare handsaming. Til samanlikning mottok kommisjonen 334 klager frå svenske borgarar og registrerte 165 for vidare handsaming. Frå danske borgarar mottok kommisjonen 119 klager og registrerte 39 for vidare handsaming.

       Den europeiske Menneskerettsdomstolen fekk i 1995 113 saker til handsaming, og avsa 87 dommar. Tre norske saker vart godtekne for handsaming av Menneskerettsdomstolen i 1995, medan det vart halde munnleg høyring i Domstolen i ei sak mot Noreg i 1995 (saka Botten mot Noreg). Dom i saka vil først falle i 1996.

       Komiteen av faste representantar vedtok resolusjonar i 451 menneskerettssaker i 1995, mot 86 i 1994. 356 av sakene var individuelle klagesaker mot Italia, 24 mot Frankrike, 15 mot Portugal, 13 mot Austerrike, 7 mot Nederland, 6 mot Spania, 5 mot Sveits, 4 mot Belgia og Storbritannia, 2 mot Sverige, Hellas og Tyrkia og 1 mot Noreg, Island, Finland, Danmark og Malta.

       Det blir vidare opplyst at protokoll nr. 11 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen som fastset ei samanslåing av Domstolen og Kommisjonen for å forenkle og effektivisere arbeidet med menneskerettane, ved utgongen av 1995 var ratifisert av 17 land, mellom dei Noreg. Protokollen trer i kraft eitt år etter at 31 land har ratifisert.

       Om Europarådet si satsing på demokratibygging i Sentral- og Aust-Europa vert det opplyst at den i stor grad er kanalisert gjennom samarbeidsprogramma Demosthenes, Demosthens-bis, Tehmis og Lode. Dei to sistnemnde blir gjennomførte i samarbeid med EU.

       Europarådet gjennomførte i 1995 ei rekkje større og mindre prosjekt i mottakarlanda, i form av kurs, seminar, studiereiser, eksperthjelp og liknande. Europarådet brukte om lag FF 51 millionar i 1995 på prosjektsamarbeidet. I tillegg kom store tilskot frå EU og ulike bilaterale tilskot. Noreg ytte i 1995 eit særskilt frivillig bilateralt tilskot på NOK 750.000 til samarbeidsprogram i Albania.

       For å få til ei vesentleg styrking av samarbeidet med nokre av landa i Sentral- og Aust-Europa, lanserte Generalsekretæren i 1995 eit nytt initiativ. Resultatet av initiativet i 1995 var Europarådet og EU sine felles samarbeidsprogram med Ukraina og Russland. Samarbeidsprogrammet med Ukraina vart underteikna i november 1995, og fokuserte på reform av rettsapparatet, lokalt sjølvstyre og handheving av lover. Formell godkjenning frå EU av samarbeidsprogrammet med Russland var venta i byrjinga av 1996. Programmet er fokusert på styrking av den føderale strukturen, mekanismar for vern av menneskerettar og reform av rettsapparatet.

       Det vert opplyst i meldinga at Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) i 1995 gav assistanse i arbeidet med reform av grunnlova og andre sentrale lover i Albania, Moldova, Georgia, Ukraina, Ungarn, Armenia og Belarus.

       Det vert vidare i meldinga gjort greie for det mellomstatlege samarbeidet på hovudområde som menneskerettar og likestilling, juridisk samarbeid, sosiale spørsmål, arbeidsspørsmål, utdanning, kultur, media og idrett, ungdom, miljøsaker, regionalt og kommunalt samarbeid og dyrevern.

       Det vert opplyst at Europarådet sitt ordinære budsjett i 1995 var på FRF 800 millionar. Det norske tilskotet til dette var FRF 9.308.154. Medrekna finansiering av pensjonar og ulike delavtalar som Noreg er med i, var det norske tilskotet i 1995 på til saman FRF 11.721.420. I tillegg kom det norske tilskotet til Ungdomsfondet og til Fondet for kinomatografisk og audiovisuell produksjon i Europa. Det ordinære budsjettet for 1996 som vart vedteke i desember 1995 av Komiteen av faste representantar, var på FRF 843 millionar, ein nominell auke frå 1995 på 5,4 %.