4. Komiteen si tilråding

      Komiteen syner til proposisjonen og det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere slike

vedtak:

I.

       Stortinget samtykkjer i at forvaltningsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole blir ført over frå Landbruksdepartementet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997.

II.

       Stortinget samtykkjer i at Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skogforsking, Norsk institutt for planteforsking og Statens veterinære laboratorier vert organiserte i samsvar med Innst.S.nr.269 (1995-1996), jf. St.prp. nr. 63 (1995-1996), og gjevne unnatak frå løyvingsreglementet § 4 og § 10 med verknad frå 1. januar 1996.

III.

       Stortinget ber Regjeringa i samband med evaluering av landbruksforskinga å vurdere dei fagpolitiske, forskings- og utdanningspolitiske spørsmåla med sikte på ei god samordning av høgre utdanning og forsking.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 13. juni 1996.

Jon Lilletun, Jørgen Holte, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.