6. Dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla

6.1 Samandrag

       Departementet viser til at den distriktspolitiske innsatsen er regulert gjennom det distriktspolitiske verkeområdet. Det verkeområdet vi har i dag tok til å gjelde frå 1. januar 1994. Verkeområdet byggjer på grundige analysar, med bakgrunn i prinsipp som var diskutert i Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 33 (1992-1993). Verkeområdet er godkjent av EFTA sitt overvakingorgan, ESA. Regjeringa tek sikte på ein ny revisjon med verknad frå 1. januar 1998. Etter Regjeringa sitt syn, bør denne revisjonen i hovudsak gjennomførast etter dei same prinsippa som siste revisjon, med ei sterk prioritering av dei svakaste områda. Departementet peiker på at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel. ESA har stilt spørsmål ved ordninga sett i høve til regelverket for statsstøtte som gjeld i EØS-området. Når ESA har avklart sitt syn på dagens ordning nærare, vil Regjeringa vurdere korleis norske interesser best kan takast i vare. På Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett er det fleire ulike ordningar som vert nytta til å skape utvikling i distrikta. I tida som kjem vil det vere nødvendig å prioritere innsatsen i dei deler av distrikta som er mest trua av folketalsnedgang. Regjeringa legg til grunn som overordna prinsipp at dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla skal reserverast prosjekt som av samfunnet blir vurdert som ønskjelege, men som ikkje ville la seg gjennomføre utan offentleg stønad. Innanfor dei generelle rammene for økologisk berekraft, vil høgaste prioritet bli gitt til prosjekt med stort potensial for verdiskaping og sysselsetting, og med stort innslag av nyskaping og omstilling. For å stimulere til nyskaping og omstilling vil det i større grad bli gitt « betinga » lån. I utkantområde skal ein vise meir velvilje for meir lokalmarknadsbaserte tiltak som er viktige for busetting og sysselsetting på staden.

       Mål- og resultatstyringsystemet som nyttast i dag, er ikkje tilpassa styringsmodellen med regionale utviklingsprogram. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil vurdere om det er nødvendig å gå gjennom mål- og resultatstyringssystemet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med sikte på å oppnå ein best mogleg bruk av dei statlege ressursane til slike formål. Innsatsen for etablering av nye bedrifter er eit prioritert satsingsområde når det gjeld bruk av distriktsutviklingstilskotet. Den nye ordninga med såkornkapital vil og bli viktig i denne samanhengen. Etableringsstipendet er ei ordning for småbedriftetablerarar i alle delar av landet. Ordninga gjeld alle typar næringar, med unntak av offentleg verksemd og landbruksnæringa. Etableringsstipendet er spesielt retta mot dei minste etableringsprosjekta. Ut frå dei store problema det er i utkantane, samstundes som det er sterk ekspansjon i sentrale strok, vil Kommunal- og arbeidsdepartementet gi høgare prioritet til distrikta i denne ordninga. Fram til i dag har det vore fylkeskommunane som har forvalta etableringsstipendet. I tråd med arbeidsdelinga som ligg til grunn for dei avtalane som vert inngått mellom SND og fylkeskommunane, har fleire fylke valt å legge forvaltninga av stipendet til SND-kontoret. Det er opp til kvart fylke å avgjere om forvaltninga framleis bør vere i fylkeskommunen, eller om ordninga bør overførast til SND-kontoret.

       I dag er dei små og mellomstore bedriftene den heilt dominerande bedriftsgruppa i distrikta. Denne gruppa har lite røynsle og kapasitet til systematisk fornying av kompetansen og utnytting av eksterne kompetansemiljø. Samstundes er det utvikla ein omfattande institutt- og høgskulesektor i Noreg, med utprega geografisk spreiing gjennom nasjonale og regionale institusjonar som i varierande grad er retta inn mot situasjonen for småbedriftene.

       Departementet meiner derfor det er ei hovudoppgåve å lette tilkomsten til desse kunnskapsmiljøa for dei mindre bedriftene. Ulike tiltak vert nytta for å få dette til. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i neste periode vidareføre arbeidet med å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft til mindre distriktsbedrifter. Dette vil i fremste rekke skje gjennom programmet SMB-Kompetanse (SMB=Små og mellomstore bedrifter). Vidare vil programma for strategi- og leiarskapsutvikling i SMB (FRAM-programmet), teknologiformidling frå nasjonale FoU-miljø gjennom attachear til fylka (TEFT-programmet) og utvikling av forskingsresultat til kommersialiserbare produkt (FORNY-programmet) bli vidareført. Gjennom REGINN (Regional innovasjon) som startar opp i 1997, er målet at regionale høgskular og forskingsinstitusjonar skal samarbeide med verksemder om å ta i bruk nye forskingsresultat og få løyst særskilde problem i einskilde verksemder. I REGINN vil det bli lagt stor vekt på god forankring til fylkesnivået. Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer det slik at satsing på kompetanse og kunnskapsspreiing bør bli ein av hovudpilarane i arbeidet som fylka gjer med regionale utviklingsprogram framover. Ein vil leggje vekt på at dei nasjonale satsingane som blir gjennomførte er forankra i kvart fylke, alt etter kva behov næringslivet der står overfor, med fylkeskommunen og SND sitt fylkeskontor i viktige roller. Lokale og regionale senter spelar ulike roller og har ulike funksjonar i senterstrukturen. Det er derfor viktig å få til ei meir aktiv tilrettelegging for å utvikle dei delane av servicefunksjonane som er kontaktintensive. Som ein del av dette er det viktig å styrke tilkomsten til regionale og lokale senter. Det vil medverke til å stabilisere og auke dei funksjonelle omlanda og stabilisere busetjingsmønsteret.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet ønskjer å styrke dette arbeidet, mellom anna ved å la fylka og kommunane få større handlefridom til å ta i bruk verkemiddel til både « hard » og « mjuk » infrastruktur. Døme på « hard » infrastruktur er tilrettelegging av næringsområde, utbygging av industri- og trafikkaier, vassverk og opprusting av kommunesenter. Regjeringa vil auka løyvingane til utbygginga av hamner i distrikta. « Mjuk » infrastruktur er lokal mobilisering, nettverkssamarbeid, bransjeanalysar osv. Med innføringa av regionale utviklingsprogram er siktemålet at fylkeskommunane skal prioritere bruken av dei samla regionalpolitiske verkemidla under eitt for området sitt. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i åra som kjem satse sterkare på kommunale næringsfond, som har gitt svært gode resultat. Det skal i det vidare arbeidet leggjast vekt på at fordelinga av kommunale næringsfond må sjåast i samanheng med dei fylkeskommunale strategiane og bruk av andre verkemiddel, og at fondet er forankra i regionale utviklingsprogram der det lokale næringslivet er involvert. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil halde fram med den særskilde kvinnesatsinga. Kvinner vil framleis vere prioritert målgruppe innanfor fleire av verkemidla. Samstundes vil ein opne for at etableringsstipendet kan finansiere nettverkskreditteringar. Kommunal- og arbeidsdepartementet ventar at satsing på kvinneretta arbeid kjem til uttrykk gjennom fylkeskommunane sine regionale utviklingsprogram. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil sette i gang ei evaluering av kvinnesatsinga. Då vil ein og sjå på årsakene til at kvinneandelen på etableringsstipendet har gått ned.

       Regjeringa meiner at meir av den distriktspolitiske innsatsen må konsentrerast til dei delane av landet som er særleg utsette for nedgang og marginalisering av folkesetnaden, område som ligg utanfor rimeleg pendlingsomland til dei lokale og regionale sentra. Dette er delar av landet som har eit ekstra svakt nærings- og servicegrunnlag. Arbeidet for å sikre sysselsettinga i desse områda skal styrkjast, samstundes som det må utviklast ein politikk som medverkar til å halde oppe servicenivået på eit høgt nivå. Regjeringa vil på bakgrunn av dette ta initiativ til at det innanfor rammene av distrikts- og regionalpolitikken blir utvikla ein eigen politikk for slike utkantområde. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Planleggings- og samordningsdepartementet vil ta initiativ til eit eige program der fylkeskommunar, kommunar og statlege etatar blir inviterte til å finne fram til gode metodar for det vidare arbeidet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil også satse ekstra midlar for å ta i bruk moderne informasjonsteknologi i utkantstrøk.

       Nord-Noreg har i heile etterkrigstida vore den høgast prioriterte landsdelen i distrikts- og regionalpolitisk samanheng. Regjeringa vil halde fast ved den prioriteten landsdelen har hatt på dette området. Det kjem mellom anna til syne gjennom Styringsgruppa for kontakt med Nord-Noreg. Statsministeren er leiar for gruppa, og det er etablert eit samarbeidsforum mellom Regjeringa og dei regionale styresmaktene i landsdelen. Styringsgruppa har fått utarbeidd eit strategidokument for verdiskaping og næringsutvikling i Nord-Noreg. Regjeringa vil generelt streke under kor viktig denne typen samarbeid er, der nasjonale og regionale styresmakter samarbeider og har tett kontakt med næringslivet og partane i arbeidslivet, og der deltakarane forplikta seg til å følgje opp dei tilrådingane det er semje om. Statens spesielle innsats i høve til Nord-Noreg er i så måte eit døme på ein meir ambisiøs bruk av regionale utviklingsprogram, der også sektorområde under den store regionalpolitikken er med. Ein står i Nord-Noreg framfor heilt spesielle utfordringar knytte til å vidareutvikle lokaliseringsfordelane ved landsdelen under dei nye føresetnadene knytte til teknologi og marknad. På grunnlag av drøfting i Styringsgruppa for kontakt med Nord-Noreg vil det derfor bli sett i gang ei eiga utgreiing om korleis innarbeidd kompetanse og næringsverksemd kan tilpasse seg nye føresetnader når rammevilkåra for ressursbaserte næringar blir endra. Regjeringa vil framleis bruke tunge verkemiddel gjennom tiltaktssona for Nord-Troms og Finnmark. Kommunal- og arbeidsdepartementet sette i 1996 i gang ei evaluering av tiltakssona. Evalueringa skal leggje grunnlaget for ei vurdering av behovet for eventuelle endringar i tiltakssona. Regjeringa vil vidareføre sona, men på kort sikt kan det vere aktuelt å justere nokre av dei verkemidla som eksisterer i sona, slik at ho samla sett skal fungere betre. Omstillingsarbeidet i indre Finnmark blir ei stor utfordring også dei komande åra. Programmet vart starta i 1993 og opprinneleg var det ein føresetnad at programmet skulle gå til utgangen av 1997. Programmet set som mål å etablere alternativ næringsverksemd i dei tradisjonelle reindriftsområda. Arbeidet med utvikling av alternativ næringsverksemd vil halde fram også etter 1997. Mellom anna vil ein vurdere ei forlenging av omstillingsprogrammet i sin noverande form ut 1998.

       Dei eigne omstillingsmidlane er ein regionalpolitisk ekstrainnsats, på same måte som ekstrainnsatsen i distrikta. Innsatsen blir sett inn for å gi området nye bein å stå på. Området kan liggje utanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Det er området, kommunen eller regionen som skal omstillast, ikkje berre den kriseramma bedrifta eller bransjen. Det er derfor nødvendig at omstillingsarbeidet skjer gjennom ein brei innsats på fleire felt, og at arbeidet er godt forankra i omstillingsområdet. I den vidare utviklinga av omstillingsarbeidet er det naturleg å sjå nærare på forholdet mellom regionale utviklingsprogram og omstillingsarbeidet. Noreg er med i INTERREG II-programmet, som tek sikte på å fremme den regionale utviklinga i grenseregionane internt i EU og langs yttergrensene av EU. Gjennom INTERREG IIc-programmet satsar ein særleg på transnasjonalt samarbeid om fysisk planlegging og regional utvikling. Programmet omfattar samanhengande område frå minst tre land, og det er òg opna for støtte til regionar på tvers av sjøgrenser. Gjennom dei såkalla pilotprosjekta er det utvikla eit eige samarbeid mellom Skottland og dei nordlege delane av Noreg, Sverige og Finland. Målet for dette samarbeidet er å finne fram til gode modellar for å styrke både offentleg og privat service i mindre lokalsamfunn.

       Mange norske fylkeskommunar og regionale statsetatar har engasjert seg i samarbeid med regionar i andre land, og dette er i ferd med å bli ein del av det næringspolitiske arbeidet i norske fylkeskommunar. Hovudeffekten av arbeidet er som oftast indirekte gjennom utvikling av nettverk, samarbeidskompetanse og kulturforståing. Regjeringa ser positivt på dette arbeidet. Fylkeskommunane sine internasjonale engasjement må forankrast i nasjonale interesser og det må etablerast ei klar arbeidsdeling med det nasjonale virkemiddelapparatet både heime og ute. Gjennom regionale utviklingsprogram får fylka betre høve til å satse på internasjonalisering i det regionale næringslivet. Statleg finansiering av denne verksemda blir også dei neste åra konsentrert om INTERREG og pilotprosjekt. Dei store byane har føresetnader for å spele ei større rolle innanfor kunnskapsspreiing, nyskaping og nyetablering. Departementet meiner det derfor er viktig å styrke det eksisterande arbeidet i forskningsparkane.

       For eksempel kan det nevnes at regionene Kongsvinger Arvika har et eget samarbeidsutvalg kalt ARKO som arbeider for å forbedre infrastrukturen og næringsutviklingen i regionen.

6.2 Komiteen sine merknader

6.2.1 Distriktspolitiske virkemiddelområder

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er gjennom meldinga gjort kjent med at det skal foretas en ny revisjon av det distriktspolitiske virkeområdet med virkning fra 1. januar 1998.

       Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, mener denne revisjonen i hovedsak bør gjennomføres etter de samme prinsippene som revisjonen i 1994, med en sterk prioritering av de aller svakeste områdene. Det er nødvendig å prioritere den distriktspolitiske innsatsen i de deler av distriktene som er mest truet av befolkningsnedgang.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil vise til erfaringene fra forrige omlegging av det distriktspolitiske virkeområdet. Det kom sterke reaksjoner fra flere kommuner som hadde fått sin støttestatus redusert, og som mente vedtak var fattet på feil grunnlag. Det ble også reagert på at beslutningsgrunnlaget ikke var gjort tilgjengelig for kommunene. I ettertid har flere kommuner, blant disse Selbu, Midtre Gauldal og Marnadal, rapportert om en dramatisk svikt i bedrifters investeringer i disse kommunene som en følge av den reduserte SND-status. Disse medlemmer konstaterer at tap av SND-status oppfattes som dramatisk for en kommune og næringslivet der. En ny gjennomgang må derfor innbefatte en høringsrunde der det er fullt innsyn for alle parter.

       Disse medlemmer vil påpeke at større landkommuner hvor det er bygdelag som strekker seg langt ut i distriktet, samtidig som andre deler av kommunen, f.eks. tettstedet, ligger nærmere et regionsenter, utgjør et særlig problem i denne sammenheng. Det er etter disse medlemmers oppfatning viktig å finne en avgrensning av virkemiddelordningen som ikke medfører uheldig konkurransevridning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil fremme følgende forslag:

       « Endringer vedrørende det distriktspolitiske virkeområdet avgjøres av Stortinget. »

6.2.2 Gradert arbeidsgiveravgift

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er kjent med at ESA 14. mai 1997 vedtok et forslag til formålstjenlige tiltak for å akseptere nedsatt arbeidsgiveravgift som et distriktspolitisk virkemiddel i tråd med statstøtteregulativet i EØS avtalen. ESA har akseptert arbeidsgiveravgiften som en kompensasjon for de ekstra transportkostnader bedrifter i tynt befolkede områder har, og en har sikret at denne ordningen kan videreføres i sine hovedtrekk. ESAs forslag ville medføre at et mindre antall kommuner i sone to nærmest de store byene måtte tas ut av virksomhetsområdet for nedsatt arbeidsgiveravgift. I tillegg foreslår ESA at alle bedrifter innefor skipsbygging, produksjon og distribusjon av elektrisk kraft, oljevirksomhet, samt visse deler av konkurranseutsatt tjenesteyting og gruvevirksomhet måtte betales høyeste sats for arbeidsgiveravgift uavhengig av lokalisering.

       Komiteen er videre kjent med at Regjeringen ikke vil akseptere ESA sitt forslag. Regjeringen mener differensiert arbeidsgiveravgift er en del av skattesystemet, og derfor ikke skal omfattes av dette regelverket. Regjeringen har stilt seg åpen for videre dialog med ESA om saken.

       Komiteen støtter Regjeringens arbeid i denne saken.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til at den graderte arbeidsgiveravgift er vårt viktigste distriktspolitiske virkemiddel. Disse medlemmer viser til følgende vedtak i Stortinget 19. mai 1994:

       « Stortinget ber Regjeringen legge de varslede endringer i soneinndelingen for den graderte arbeidsgiveravgiften fram for Stortinget som egen sak. »

       Disse medlemmer vil videre vise til at den graderte arbeidsgiveravgiften gir utilsiktede virkninger og gir ekstra administrasjon for bedriftene særlig i områder med mye pendling.

       Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at ordningen med gradert arbeidsgiveravgift skal opprettholdes og at sats for arbeidsgiveravgiften skal knyttes til virksomhetens lokalisering og ikke til arbeidstakerens bosted. »

6.2.3 Lån og tilskudd

       Komiteen mener at prioritet ved tildeling av lån og tilskudd må gis til prosjekt med stort potensiale for verdiskapning og sysselsetting og med stort innslag av nyskapning og omstilling. I utkantområder må det utvises større velvilje for mer tiltak basert på det lokale markedet som er viktige for bosetting og sysselsetting på stedet. Skal vi lykkes i etableringen av flere nye bedrifter må distriktsutviklingstilskudd i større grad være risikovillig kapital. Den nye ordningen med såkornkapital er et viktig tiltak for å få dette til.

       Komiteen viser til at Stortinget i B.innst.S.nr.II (1996-1997) sluttet seg til Regjeringens forslag om å bevilge 200  mill. kroner til et såkornkapitalfond samt 50  mill. kroner til et tapsfond for såkornkapitalordningen. Regjeringen foreslo at kapitalen ble fordelt på fond sentralt og regionalt. Det ble lagt opp til at fondene skulle være uavhengige, men med et samarbeide i nettverk for å utnytte hverandres ekspertise. Det ble lagt opp til samarbeide med private investorer.

       Komiteen mener den regionale forankringen er viktig for at fondene skal kunne fungere som bindeledd mellom forskningsmiljøene, utvalgte nyetablerere og private investorer. Komiteen mener en slik organisering vil sikre at den statlige kapitalen bidrar til å hjelpe grundere i alle landsdeler og må også ha en god distriktsprofil.

       Komiteens medlemme fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti vil vise til disse partiers merknader i B.innst.S.nr.II (1996-1997) der disse partier anbefalte at det ble etablert regionale fond med egne styrer med tilknytning til forskningsparkene i Tromsø/Narvik, Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo/Ås.

       Komiteens medlemmer fra Høyre mener det er viktigere å få såkornkapitalfondet realisert enn å overstyre organiseringen av dette politisk med fare for å tape den private støtten. Disse medlemmer erkjenner at private investorer selvsagt stiller visse krav til fondet og dets virkeområdet,og at det er vesentlig å få til en enighet mellom disse viktige investorer og staten. Disse medlemmer vil minne om at en realisering av fondet vil bety at bedrifter i en tidlig utviklingsfase og med høy risiko gjennom fondet vil øke sine muligheter til suksess. Fondet vil i sitt virke bruke SNDs kontaktnett og vil behandle alle prosjekt likt uansett hvor i landet prosjektene er. Disse medlemmer vil på dette grunnlag ikke motsette seg at selskapet ledes av ett styre som har til formål å finansiere og overføre kompetanse til prosjekter i ulike deler av landet.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet mener det er nødvendig å sette inn betydelig større bevilgninger til distriktspolitiske virkemidler for å kunne snu flyttestrømmen. Hvor mye som trengs vil avhenge av hvor sterke sentraliseringskreftene får lov til å være. Viktigst vil det være å få til en omfattende omlegging av politikken på viktige områder som samferdsel, landbruk, fiskeri/havbruk og kommuneøkonomi. Disse medlemmer er enig i at det nå er behov for særlig stor innsats i kommuner med særlig stor og langvarig fraflytting.

6.2.4 Etablererstipend

       Komiteen viser til at ordningen med etablererstipend har vært en suksess. Formålet med etablererstipend har vært å fremme utviklingen i næringssvake strøk, likevel har mer en 60 prosent av midlene hittil gått til sentrale østlandsområder. For framtiden bør det gis høyere prioritet til distriktene. En bør også vurdere hvorvidt det vil være hensiktsmessig å kunne gi etablererstipend flere ganger til samme foretak etterhvert som et foretak utvikler seg og beviser sin soliditet. Her kan en tenke seg et slags trinn to i etablererfasen med flere ansatte osv.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til at det er opp til hvert fylke å bestemme hvorvidt forvaltninga fremdeles bør være i fylkeskommunen eller om ordningen bør overføres til SND-kontoret.

       Komiteen vil framheve viktigheten av å få et bedre samsvar mellom det behovet lokalt næringsliv vil ha på lengre sikt for utdannet arbeidskraft og utdanningstilbud regionalt slik at en ikke i den grad som i dag utdanner ungdommen ut av sine hjemområder. En slik tilpassing bør ikke skje isolert, men som en del av utviklingen av regionale verdiskapning-miljøer, herunder regionale forskningsstiftelser. De ca 220 ressurssentrene ved de videregående skolene rundt i landet kan bidra til et mer næringsrettet miljø, særlig ved de videregående skolene. De har også store muligheter til å spille en viktig rolle ved etterutdanning som da kan skje nær hjemstedet. Dette er særlig viktig for kvinner.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti mener at ungdom må gjøres til prioritert søkergruppe til etablererstipend og at etablererstipendet skal regnes som skattefri inntekt.

       Komiteen vil gi støtte til KADs kampanje « Etablering gir vekst for alle. » For at denne kampanjen skal kunne lykkes påligger det kommunene et ansvar for å utvikle positive holdninger til næringsliv og nyetableringer.

6.2.5 Interreg

       Komiteen viser til at mange norske fylker har engasjert seg i samarbeid med regioner i andre land. Gjennom regionale utviklingsprogram vil fylkene få større muligheter til en samlet koordinert innsats i forhold til internasjonalisering. Komiteen viser til at statlig finansiering av denne virksomheten også de neste årene kommer til å konsentrere seg om INTERREG og pilotprosjekt som Nordic Link.

       I regioner som grenser mot EU må myndighetene være ekstra påpasselig når det gjelder utviklingen av næringslivet i regionen. Komiteen viser til at et samarbeid med EU-regionene her kan utløse muligheter til å se regionen som en helhet til beste for alle de som bor der. I regionenes Europa er det viktig at også norske bedrifter, spesielt i grenseområdene, er konkurransedyktige og får de samme vilkår som sine konkurrenter på den andre siden av grensen. Det er også viktig at de mulighetene som blant annet INTERREG programmene gir blir tilstrekkelig kjent.

       Komiteen viser til at det er et stort behov for samarbeid med nabolandene av hensyn til de som bor i grenseområdene. Særlig innen samferdsel er det nødvendig å samordne planer og gjennomføringen av disse.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til at det pågående arbeidet med Atlantbanen er viktig for å fremme en god infrastruktur på strekningen Trondheim-Østersund. Det er her viktig å utnytte de mulighetene for et interregionalt samarbeid som Sveriges EU-medlemskap gir. De planer som har eksistert over lengre tid når det gjelder jernbaneutbygging for å knytte byene Oslo, Kongsvinger, Stockholm, Østersund og Trondheim sammen bør videreføres.

6.2.6 Kommunale næringsfond

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, anser at kommunene er viktige for næringsutvikling i distriktene og at kommunenes rolle blir mer sentral desto mindre kommunen er i folketall. Dette gjelder både konkret tilrettelegging for næringslivet og å sørge for at nødvendige offentlige tjenester er tilgjengelig.

       Flertallet mener det er viktig å satse mer på kommunale næringsfond. Kommunale næringsfond er rettet inn mot å støtte mindre infrastrukturtiltak og heilt små bedrifter.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at slike fond har gitt svært gode resultater. Det er viktig at fordelingen av kommunale næringsfond i framtida må sees i sammenheng med fylkeskommunale strategier. Bruken av kommunale næringsfond må være forankret i regionale utviklingsprogram der det lokale næringsliv er innblandet. Disse medlemmer mener økningen i de kommunale næringsfondene bør gis en markert utkantprofil.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil vise til at bevilgningene til kommunale næringsfond er blitt halvert de siste 3 år. Samtidig er dekningsområdet utvidet både geografisk og i forhold til de som kan søke støtte. Til tross for de meget gode resultater som er oppnådd både i direkte sysselsetting og andre positive bidrag til lokal næringsutvikling, har også de mest utsatte kommuner fått sterkt reduserte bevilgninger.

       Det er etter disse medlemmers mening positivt med de signaler som gis om å satse mer på kommunale næringsfond. Det er samtidig grunn til å etterlyse mer konkrete signaler. Samtidig vil disse medlemmer gå imot den omlegging i retning av økt fjernstyring av tildelingspraksisen som det legges opp til ved at kommunene skal bindes til prioriteringene i en fylkeskommunal plan. En særlig styrke ved de kommunale næringsfond er at man lokalt vet best hvem det bør satses på. Det har ikke kommet signaler til Stortinget hverken fra departementet eller annet hold om at pengene ikke brukes målrettet nok. Derimot er man i kommunene frustrert over at det allerede er for mange bindinger om bruken av midlene.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at Regjeringen ikke legger opp til økt fjernstyring i tildelingspraksisen av kommunale næringsfond ved at den kobles til regionale utviklingsprogrammer. Tidligere skjedde endelig tildeling fra departementet. Fra 1995 skjer dette i det enkelte fylke.

       Disse medlemmer viser til at fylkeskommunene kan favorisere kommuner med store utflyttingsproblemer gjennom en aktiv målrettet tildeling av næringsfond. Når midlene er fordelt, har kommunene samme frihet som før til å gjøre egne prioriteringer. Det er således ingen binding til fylkeskommunenes prioriteringer når det gjelder anvendelsen av midlene.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti mener det er tilstrekkelig å kreve at den enkelte kommune legger sin egen strategiske næringsplan til grunn for sine tildelinger. Alle endringer når det gjelder de kommunale næringsfond må etter disse medlemmers mening gå i retning av å utvikle en enda mindre stivbeint ordning. Den enkelte kommunes medvirkning til å utvikle regionale utviklingsprogram vil være betydningsfull av andre årsaker.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil likeså gå imot en omlegging av fordelingen av midlene mellom kommunene slik at noen skal få mindre enn i dag for at særskilt utpekte utkantkommuner skal få mer støtte. Disse medlemmer mener det trengs en forsterket innsats til alle kommuner som i dag er støtteberettiget for å forebygge at antallet kommuner med store fraflyttingsproblemer øker. Den sistnevnte gruppe av kommuner må det kunne tas et krafttak for uten at dette skal finansieres av bevilgninger som i dag er fullt utnyttet med gode resultater.

       Disse medlemmer vil peke på det uheldige i å sette negative stempel på kommuner som sliter med problemer som er påført dem av storsamfunnet. En ordning for å styrke kommuner med sterk fraflytting bør derfor rettes mot for eks. « utviklingskommuner ».