I samband med utvidinga av EØS-området 1. mai 2004 innførte Noreg overgangsordningar for arbeidstakarar frå åtte av dei 10 nye medlemslanda (gjeld ikkje Kypros og Malta). Noreg må innan 1. mai 2006 avgjere om overgangsordningane skal vidareførast. Dette må det meldast frå om til EFTAs overvakingsorgan (ESA) før 1. mai 2006.
EØS-utvidingsavtala gjev EØS-landa frå før utvidinga 1. mai 2004 høve til å avgrense den frie rørsla som elles gjeld i EØS-området. Det er ikkje høve til å innføre tiltak som er meir restriktive overfor arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda enn dei som gjaldt då EØS-utvidingsavtala vart underteikna. Utvidingsavtala gjev ikkje høve til å ha overgangsordningar for mellom anna tenesteytarar, sjølvstendig næringsdrivande og bedriftsetableringar.
Overgangsordningar kan nyttast i opptil sju år. Perioden er delt inn i først to år, så tre år og så to nye år att, og tek sikte på gradvis å opne arbeidsmarknaden og retten til fri rørsle for personar. Vidareføring i den neste treårsperioden kan skje utan nærare vilkår, og det er opp til kvart enkelt medlemsland å avgjere om ein vil vidareføre ordningane. EU-landa må melde frå til Kommisjonen kva dei vel å gjere innan 1. mai 2006, medan EFTA/EØS-landa må melde frå til ESA innan den tid. ESA kan ikkje overprøve ei avgjerd om eventuell vidareføring. Dei nasjonale overgangsordningane kan opphevast når som helst i den komande treårsperioden.
Noreg innførte to typar overgangsordningar frå 1. mai 2004:
-
– krav om opphaldsløyve for individuelle arbeidstakarar før dei begynner å arbeide, i tillegg til krav om norske lønns- og arbeidsvilkår og som hovudregel heiltidsstilling.
-
– det vart gjeve ein særskild heimel i utlendingslova for ein såkalla vernemekanisme. Den kan nyttast i heile overgangsperioden på 7 år.
Meldinga gjer også greie for utviklinga i Noreg og i andre europeiske land. Når det gjeld Noreg, er det gjort greie for tilgangen til arbeidskraft, tenesteleveransar, arbeidsløyse og velferdsordningar. For dei andre europeiske landa er mellom anna rapportar frå prosjekt finansiert av Nordisk Ministerråd og rapport frå Europakommisjonen sentrale. Ein går også inn på situasjonen i dei ulike landa når det gjeld vurdering av ei eventuell vidareføring av overgangsordningane.
I meldinga er kontakten og drøftingane som har vore mellom styresmaktene og organisasjonane i arbeidslivet nærmare omtala. Regjeringa uttalar her at den legg svært stor vekt på å samarbeide med partane i spørsmåla som blir handsama i denne meldinga, særleg fordi dei har så nær samanheng med forholda for norske verksemder og med lønns- og arbeidsvilkåra også for norske arbeidstakarar. Spesielt blir det her presisert at Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet må få tilstrekkelege ressursar til å oppfylle ansvaret for tilsyn med reglane på ein effektiv måte, i tillegg til at alle meinte at tilsynsorgana måtte få utvida kompetansen sin til også å kunne gje pålegg og ileggje tvangsmulkt. Regjeringa legg i meldinga til grunn at eit fleirtal av organisasjonane som var til stades, vil støtte ei vidareføring av overgangsordningane slik at styresmaktene får tid til å få på plass effektive tiltak mot sosial dumping.
Eit sentralt moment i avgjerda om overgangsordningane
skal vidareførast eller ikkje, er problemstillingane omkring
sosial dumping, og det er i meldinga gjort greie for dei tiltaka
for å hindre sosial dumping som anten er sette i verk,
som er under arbeid, eller som ein vurderer å gå vidare
med. Det blir her gjort greie for nokon av problemstillingane og
tiltaka.
Ei viktig problemstilling i samband med EØS-utvidinga
i 2004 var kva verknad utvidinga ville få for lønns-
og arbeidsvilkåra for personar frå dei nye EØS-landa
som kom til Noreg for å arbeide. Særleg på grunn av
dei store skilnadene i nivået på lønningar
og kostnader mellom Noreg og dei nye medlemslanda var det uro for
at sosial dumping kunne bli eit problem. Denne uroa var noko av
bakgrunnen for at det vart innført overgangsordningar for
individuelle arbeidstakarar.
Det ser ut til at overgangsordningane har verka
etter formålet. Så langt ein kjenner til, får
dei individuelle arbeidstakarane som kjem for å arbeide,
i hovudsak dei lønns- og arbeidsvilkåra dei har
krav på etter reglane i utlendingslova, jf. også rapportane
frå Arbeidstilsynet. Det er i større grad ved
utsending av arbeidstakarar i samband med tenesteyting at problema
har vist seg. Overgangsordningane gjeld ikkje for desse arbeidstakarane.
Det er særleg i byggje- og anleggsbransjen ein har sett
dei fleste og grovaste døma på dårlege
forhold og brot på det norske regelverket. Brota gjeld
ikkje berre lønn. Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet avdekkjer
også grove brot på arbeidstidsreglane og reglane
for helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassane.
Det blir i meldinga gjort kort greie for reguleringa
av lønns- og arbeidsvilkår for utanlandske arbeidstakarar som
arbeider i Noreg.
Ein veit ein del om omfanget av individuelle
arbeidstakarar, men mindre om kva for lønns- og arbeidsvilkår dei
har når dei arbeider her i landet.
Erfaringa er ifølgje Arbeidstilsynet
at mange arbeidsinnvandrarar ikkje har dei arbeids- og lønnsvilkåra
som lovverket krev. I nokre av døma er brota svært grove
og må karakteriserast som lite verdige for arbeidstakarane.
Arbeidstilsynet peikar på at svart arbeid, kompliserte
organisatoriske konstruksjonar og falsk dokumentasjon for å dekkje
over alvorlege kriminelle forhold også høyrer
med i biletet. Kommunikasjonsproblem på grunn av språket,
med arbeidsinnvandrarane og dei utanlandske arbeidsgjevarane er
ei av hovudutfordringane for Arbeidstilsynet.
På same måten som Arbeidstilsynet
fører Petroleumstilsynet også tilsyn med vilkåra
for opphaldsløyve etter utlendingslova, innanfor sitt ansvarsområde,
sju landbaserte petroleumsanlegg. Dei rapporterer om at det i samband
med byggje- og anleggsverksemd på landanlegga
ofte blir brukt utanlandske entreprenørar, særleg
frå EØS-land. Petroleumstilsynet peikar på at det
på arbeidsplassar med personar med ulikt språk
og ulik kulturell bakgrunn er særskilde utfordringar knytte til
arbeidsmiljø og tryggleik noko dei vil sjå nærare
på. På landanlegga har Petroleumstilsynet god
erfaring med at operatøren eller tiltakshavaren tek med
i kontraktane med underentreprenørane at deira arbeidstakarar
skal ha lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med
allmenngjeringsforskrifta. I offshoredelen av petroleums-verksemda
er det førebels registrert arbeidsinnvandring berre i avgrensa
omfang.
Det har heile tida vore klart at overgangsordningane ikkje
ville løyse eventuelle problem med sosial dumping for utsende
arbeidstakarar. Samtidig med at overgangsordningane vart vedtekne,
vart det difor også sett i verk enkelte tiltak for å hindre
sosial dumping.
Arbeidet for å hindre sosial dumping
krev samarbeid mellom mange institusjonar og organisasjonar. Det arbeidast
for å styrkje samarbeidet mellom dei offentlege institusjonane
som er involverte, nettverk og arbeidsgrupper er oppretta. Departementet
får jamnleg rapportar frå Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet,
og dei er i kontakt med partane i arbeidslivet om arbeidet med å hindre
sosial dumping. Temaet har også vore oppe i Arbeidslivspolitisk
råd.
Nedanfor følgjer ein gjennomgang av
nokre av dei tiltaka mot sosial dumping som departementa arbeider med.
Regjeringa vil føre ein aktiv politikk mot sosial dumping
og vil kome tilbake til Stortinget med desse problemstillingane
på eigna måte.
Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet fekk med verknad
frå 1. oktober 2004 ansvar for å føre
tilsyn med at verksemdene følgjer vilkåra for
arbeids- og opphaldsløyve etter utlendingsregelverket,
og at dei held seg til lønns- og arbeidsvilkår
i allmenngjorde tariffavtaler. I tillegg omfattar det vanlege tilsynet
etter reglane i arbeidsmiljølova om helse, miljø og
tryggleik også dei utanlandske arbeidstakarane. Tilsynsetatane har
i 2005 og 2006 fått auka løyvingar og har intensivert
innsatsen sin kraftig overfor utanlandske arbeidstakarar.
ILO-konvensjon nr. 94 om lønns- og
arbeidsvilkår i offentlege arbeidskontraktar vart gjennomført
i Noreg i juni 2005. Konvensjonen vart innført gjennom
ein instruks som påla alle statlege styresmakter å etterleve konvensjonsføresegnene
i kontraktar om tenester og byggje- og anleggsarbeid som overstig
EØS-terskelverdiane.
Likningslova § 6-10 pålegg
næringsdrivande og offentlege organ som gjev nokon eit
oppdrag, å rapportere til likningsstyresmaktene om ei rekkje
forhold som gjeld oppdraget og arbeidstakarar knytte til oppdraget. Rapporteringsplikta
var fram til ei lovendring i 2004 avgrensa til berre å gjelde
oppdrag på kontinentalsokkelen eller på plassar
for byggje- og monteringsarbeid i riket. Rapporteringsplikta gjeld
for både oppdrag og underoppdrag.
Finansdepartementet sette 7. februar
2006 ned ei arbeidsgruppe som skal evaluere rapporteringsordninga
etter likningslova § 6-10. Rapporten skal leverast innan
1. mai 2006.
I samband med innføringa av overgangsordningane for
arbeidstakarar frå nye EØS-land våren
2004 vedtok Stortinget ein lovheimel for utvida meldeplikt i utlendingslova § 56a.
Regelen er enno ikkje sett i kraft.
Når det gjeld økonomisk kriminalitet
generelt og svart arbeid spesielt, er det mange usikre spørsmål,
til dømes om omfang, skadeverknader, utvikling, lønnsemd
og korleis straffeforfølginga og førebuande tiltak verkar.
Det finst i dag ingen sikre tal på omfanget av svart arbeid.
Justisdepartementet og Finansdepartementet gjev kvart år
pengar som går direkte til forsking om økonomisk
kriminalitet og svart arbeid. I tillegg samarbeider skattestyresmaktene
med ulike forskingsinstansar som gjennomfører undersøkingar
og forsking for skatteetaten.
Bondevik II-regjeringa gav i 2004 ut ein handlingsplan
mot økonomisk kriminalitet. Den sitjande regjeringa har
bestemt å vidareføre tiltaka i handlingsplanen og å intensivere
arbeidet med oppfølginga av planen.
Handlingsplanen har eit eige kapittel om skatte-
og avgiftskriminalitet, og fleire av tiltaka er retta mot innsatsen
mot svart arbeid. Det nemnes her at Finansdepartementet og Skattedirektoratet
arbeider med å forenkle prosedyrane som gjeld private arbeidsoppdrag
i heimen. Skattedirektoratet vurderer elles om hovudentreprenøren
bør ha ansvar for å betale skattar og avgifter
i heile entreprisen. Endringar i skatteattestordninga er også til
vurdering.
Regjeringa har for 2006 sett av 10 mill. kroner
ekstra til kontroll på skatte- og avgiftsområdet.
I tillegg er ØKOKRIM styrka med 11 årsverk, mellom
anna for å intensivere arbeidet med kvitvaskingsteamet.
Allmenngjering av tariffavtaler er det viktigaste
verkemiddelet i norsk rett mot sosial dumping. Lønns- og arbeidsvilkår
som følgjer av ei allmenngjord tariffavtale, gjeld overfor
alle som utfører arbeid som kjem inn under avtala, også utsende
arbeidstakarar på mellombels oppdrag i Noreg.
Arbeidet med å evaluere allmenngjeringsordninga starta
opp i 2005, og ein rapport vart send til høyring i september
2005. Mens arbeidstakarorganisasjonane ønskjer å sjå på utforminga
av den allmenngjeringsordninga vi har i dag, meiner NHO at det er
grunn til å vurdere andre verkemiddel, til dømes
minstelønnsordningar. Store delar av arbeidsgjevarsida
er av prinsipielle årsaker skeptiske til allmenngjering
som verkemiddel, medan mange av arbeidsgjevarforeiningane i byggjesektoren
meiner at allmenngjeringslova er eit eigna verkemiddel til å motverke
sosial dumping og sikre ordna forhold i byggjenæringa.
Fleire høyringsinstansar meiner at det må gjennomførast
ei grundigare utgreiing av allmenngjeringslova i relasjon til reglane
i EØS-avtala.
Mange peikar på at Arbeidstilsynet
og Petroleumstilsynet ikkje har same avgjerdsrett til å gje
pålegg og ileggje tvangsmulkt for å oppfylle vedtak
etter allmenngjeringslova, som dei har etter arbeidsmiljølova. Arbeidstakarorganisasjonane
og Arbeidstilsynet meiner at bruk av tvangsmiddel er naturleg etter
at tilsynsetatane hausten 2004 fekk ansvaret for å drive
tilsyn med dette regelverket. Også Justisdepartementet
meiner at det kan vere tenleg å vurdere ein slik avgjerdsrett for
tilsynsetatane. Departementet arbeider med korleis desse ulike problemstillingane
skal handsamast vidare.
I kgl.res. 7. oktober 2005 fastsette
Bondevik II-regjeringa nye reglar i byggherreforskrifta om krav
til identitetskort (id-kort) for byggjebransjen. Reglane om id-kort,
som skulle vore innførte frå 1. januar
2006, var også eit av dei tiltaka mot sosial dumping som
vart vedtekne hausten 2004, jf. Ot.prp. nr. 77 (2003-2004).
Arbeidsmiljølova § 15
a gjev heimel for ved forskrift å påleggje bruk
av id-kort og mannskapslister for arbeidstakarar i bransjar der
det er nødvendig eller formålstenleg av omsyn
til helse, miljø og tryggleik for arbeidstakarane. Byggjebransjen
er ein slik sektor.
Føresegnene vart møtt med
stor motstand frå partane i prosjektet Seriøsitet
i byggenæringen. Etter deira syn ville det vedtekne id-kortet
ikkje vere eit godt verktøy mot sosial dumping. Dei meinte
at vilkåra for å få utferda id-kort minst
må vere at arbeidstakaren er innmeldt eller registrert
i til dømes Arbeidstakarregisteret eller hos Sentralskattekontoret
for utanlandssaker, korta må vere standardiserte, og det
må også stillast krav om autorisasjon eller liknande
for verksemder som skal produsere id-kort.
Den sitjande regjeringa meiner at det ikkje
vil vere formålstenleg å innføre eit
id-kort som ikkje er i tråd med formålet med reglane,
og som byggjebransjen sjølv ikkje ønskjer, og
vedtok difor i statsråd 9. desember 2005 å utsetje
iverksetjinga av dei vedtekne reglane om id-kort. Føresegnene
om mannskapslister vart sette i verk som vedteke. Departementet
har sett i gang arbeid med å greie ut om utvida krav til
id-kort kan gjere kortet til eit betre tiltak mot sosial dumping,
og om det er nødvendig at krav om id-kort også er
heimla i andre lover enn arbeidsmiljølova. Arbeidet vil
bli gjennomført i dialog med partane i arbeidslivet.
Inn- og utleige av arbeidskraft er rekna som
ei tenesteyting etter EØS-regelverket. Arbeidstakarar frå dei
nye EØS-landa som blir innleigde til norske verksemder, kjem
difor ikkje inn under overgangsordningane, men under reglane som
gjeld for utsende arbeidstakarar. Det er uro for at dette med dagens
høve til inn- og utleige av arbeidskraft, sett i samanheng
med auka arbeidsinnvandring, kan føre til framvekst av
ein ny korttidsarbeidsmarknad prega av dårlege lønns-
og arbeidsvilkår.
Regjeringa meiner at det ikkje er grunn til å endre den
norske praktiseringa av overgangsordningane no, særleg
fordi det berre ville bli ei mellombels løysing i den perioden
som overgangsordningane gjeld for.
Etter 1. juli 2000 vart forbodet mot
utleige av arbeidskraft oppheva, og det vart allment høve
til å leige ut arbeidskraft. Føresegner fastsette
at verksemdene måtte registrere seg i eit eige register
i Brønnøysund og rapportere årleg om
omfanget av verksemda. Dei måtte også vere registrerte
som AS eller ASA, eller få stilt bankgaranti tilsvarande
krava til eigenkapital som gjeld for aksjeselskap.
Arbeidsmiljølova opnar for at det i
tillegg til verneomboda som blir valde i verksemdene, kan fastsetjast at
det skal etablerast ei ordning med særskilde regionale
verneombod dersom særlege forhold gjer det nødvendig.
På bakgrunn av arbeidsmiljøproblema er det fastsett
ei slik ordning for byggje- og anleggsbransjen. Formålet
med ordninga er at dei regionale verneomboda skal medverke til at
HMS-forholda på byggje- og anleggsplassar er i samsvar
med krava i arbeidsmiljølova. Ordninga med regionale verneombod
i byggjebransjen gjev høve til å få betre
oversikt over og kontroll med at verksemder i byggjenæringa
tek omsyn til det norske regelverket og følgjer dei normene
som gjeld i arbeidslivet. Det er oppretta kontakt mellom Arbeidstilsynet
og dei regionale verneomboda i dei områda som er omfatta
av allmenngjeringsforskrifta for Oslofjordregionen.
Frå 1. januar 2005 tok ei
endring i utlendingsforskrifta § 8 til å gjelde
om at utanlandske sjøfolk på utanlandsregistrerte
skip som fraktar gods eller passasjerar mellom norske hamner, ikkje
kjem inn under kravet om arbeids- eller opphaldsløyve.
Regjeringa utgreier for tida saka i lys av kva som er sagt i Soria Mora-erklæringa.
I dette arbeidet vil ein måtte sjå til dei internasjonale
forpliktingane Noreg er bunde av, slik som EØS-reglane.
Handhevingsaspektet er også viktig. Regjeringa ser i dette
arbeidet også til at sjømannsorganisasjonane har
bede om tiltak for å hindre sosial dumping i norsk innanriks
skipsfart, samt at verkeområdet for lova om allmenngjering
av tariffavtaler blir vurdert på nytt.
Det er nyss vedteke ein ILO-konvensjon om arbeids- og
levevilkåra til sjøfolk som er ei samling av ILOs maritime
konvensjonar. Det norske regelverket er i all hovudsak i samsvar
med den nye konvensjonen, men enkelte endringar må gjerast
ved ein ratifikasjon. Dette må Regjeringa sjå i
samanheng med spørsmåla som er nemnde over.
Det er eit problem at kunnskapen er for liten
om kor mange som kjem til Noreg for å arbeide som ledd
i ei tenestyting, og om korleis forholda er for dei utanlandske
arbeidstakarane som arbeider i Noreg.
Når det gjeld statistikkgrunnlaget,
er det eit kontinuerleg arbeid i gang for å forbetre det.
Det er løyvt pengar mellom anna gjennom Arbeids- og inkluderingsdepartementet
og Noregs forskingsråd til fleire omfattande forskingsprosjekt
for å finne ut meir om forholda for desse arbeidstakarane
og om effekten på lønnsfastsetjing og tilsetjingsforholda.
Spesielt nemnast det at Fafo har sett i verk eit strategisk instituttprogram
om arbeids- og bedriftsvandringar etter EU-utvidinga, og at Institutt
for samfunnsforsking i eit prosjekt skal studere effekten av arbeidsinnvandringa
på lønnsnivået til norske arbeidstakarar
og moglegheitene deira til å få arbeid.
Utvidinga av EØS-området fall
saman med ein konjunkturoppgang i Noreg med redusert arbeidsløyse
og auka sysselsetjing. Tilgangen på arbeidskraft frå desse landa
har difor hjelpt til med å dekkje delar av det auka behovet
for arbeidskraft. Generelt har det vore få negative konsekvensar
for arbeidsmarknaden når ein ser landet under eitt.
Somme arbeidsgjevarar, særleg i byggjenæringa,
har utnytta arbeidstakarane frå dei nye EØS-landa
ved å gje dei vesentleg lågare lønn og
lågare arbeidsmiljøstandard enn det norsk arbeidslivsregulering
føreskriv. Nokre av desse problema er reduserte ved at
allmenngjeringsinstituttet har vorte teke i bruk og ved auka kontroll
frå Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.
Overgangsordningane kan ha hjelpt til med å redusere
det uregistrerte arbeidet ettersom motivasjonen for å omgå reguleringane
for å få arbeidsløyve er mindre enn før.
Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at ein del
personar frå dei nye EØS-landa arbeider utan arbeidsløyve,
noe kontrollane som Arbeidstilsynet har gjennomført også har
vist.
Det er venta at arbeidsmarknaden vil bli endå betre
i 2006. Det kan tilseie at overgangsordningane bør kunne
opphevast utan vesentlege negative effektar for arbeidsmarknaden.
Det er venta at fleire land vil oppheve overgangsordningane. Det
kan auke konkurransen om arbeidskrafta frå dei nye EØS-landa.
Høgare økonomisk vekst i dei nye EØS-landa
enn i dei gamle EØS-landa gjer også at situasjonen
på arbeidsmarknaden i heimlandet er vorten betre. Prognosar
frå OECD tyder på framleis sterk vekst i dei nye
EØS-landa dei næraste to åra. Dei nemnde
forholda dreg i retning av at overgangsordningane kan opphevast.
Regjeringa finn likevel at å oppheve
overgangsordningane no er for tidleg. Det er fare for at det ville kunne
fremje utviklinga av meir uryddige forhold på arbeidsmarknaden
så lenge ein ikkje har på plass tiltak som kan
motverke dette. Regjeringa meiner difor det er nødvendig å arbeide
vidare med regelverket for arbeidsmarknaden når det gjeld
lønns- og arbeidsvilkår og kontrollen av dette,
før ein kan oppheve overgangsordningane.
Når Regjeringa har gjennomført
dei varsla utgreiingane, vil dei kome tilbake til Stortinget med
eventuelle forslag til endringar i lovverket og andre nødvendige
forslag. Når Regjeringa meiner at ein har gode nok tiltak
på plass og gode nok tilsyns- og kontrollmekanismar, kan
det gjerast ein ny gjennomgang av situasjonen på den norske
arbeidsmarknaden og ei ny vurdering av om overgangsordningane kan
opphevast. Det er ikkje noko til hinder for at ein kan velje å oppheve
overgangsordningane før det har gått tre år. Dei
omtala forskingsprosjekta og ei kontinuerlig forbetring av tal-
og statistikkmaterialet vil også gje meir kunnskap. I tillegg
legg Regjeringa vekt på at denne løysinga også er
i samsvar med synet til partane i arbeidslivet.
Noreg har formannskapen i Nordisk Ministerråd
i 2006 og vil her ha eit særleg fokus på moglegheitene for
samarbeid i Norden for overgangen til fri rørsle for arbeidstakarar,
også frå dei nye EØS-landa. Regjeringa vil
vere i dialog med dei EU-landa det gjeld, når ei endeleg
avgjerd er teken.
Regjeringa konkluderer med at den etter ei samla vurdering
meiner at overgangsordningane skal vidareførast i si noverande
form, med verknad frå 1. mai 2006. Ordningane
fungerer slik tanken var, dei medverkar til å sikre ryddige
forhold for dei individuelle arbeidstakarane og dei hindrar ikkje
tilgangen av nødvendig arbeidskraft frå dei nye
medlemslanda.
Regjeringa vil vidareføre arbeidet
med å sikre effektive tiltak mot sosial dumping og svart
arbeid. Innsatsen mot dei useriøse aktørane skal
forsterkast, og kontrollen med etterleving av regelverket må betrast
før ein opphevar overgangsordningane. Når desse
tiltaka er på plass, kan det vurderast på nytt å oppheve
overgangsordningane.
Arbeidsmarknaden er i betring og ein ventar
auka etterspørsel etter arbeidskraft i tida framover. I utgangspunktet
blir overgangsordningane vidareførte for ein treårsperiode.
Det foretas ei ny vurdering i løpet av treårsperioden
mellom anna på bakgrunn av utsiktene til ein strammare
arbeidsmarknad og eventuelle endringar i overgangsordningar i andre
nordiske land. Regjeringa vil gjere ei samla vurdering i den komande treårsperioden.
Arbeidet med å sikre ordna lønns- og arbeidsvilkår
styrkjast gjennom andre tiltak. Dersom overgangsordningane i lys
av dette ikkje er ønskjelege eller nødvendige,
vil dei kunne fasast ut.
Jamvel før utvidinga var det mange
arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda som hadde etablert
seg på den norske arbeidsmarknaden. Dei fleste arbeidsløyva
gjeld for relativt kort tid (inntil 6 månader). Mange blir
her likevel lenger enn den tida det enkelte løyvet gjeld
for. Om lag halvparten av dei løyva som vart gjevne i 2005,
var fornyingar, mot 12 prosent i 2004. Auken i talet på fornyingar
av arbeidsløyve indikerer at ein del av arbeidstakarane ønskjer å bli verande
ei tid i Noreg.
Innføringa av overgangsordningane har
ikkje hatt større økonomiske eller administrative
konsekvensar. Politiet og UDI har i 2005 brukt ressursar på å handsame
om lag 37 000 arbeidsløyve til arbeidstakarar. Ein
tredel av løyva gjeld for ein periode på over
tre månader. Denne ressursbruken må vegast opp
mot gevinstane av ein meir ryddig arbeidsmarknad og betre arbeidsvilkår
for arbeidstakarane.
Ved vidareføring er det venta ein auke
i talet på søknader om arbeidsløyve og
vil medføre enkelte økonomiske og administrative
konsekvensar for politiet og UDI. Ressursar til dette arbeidet vil
måtte overførast frå andre oppgåver
hos politiet.
Når det gjeld bruk av velferdsordningar,
vil vilkåra bli oppfylte for fleire etter som tida dei
har hatt opphald i Noreg aukar. Utviklinga til no tyder på at
det er ei overvekt av unge menn, og bruken av velferdsordningane
er jamt over liten.
Sidan meldinga ikkje omhandlar konsekvensane
av EØS-utvidinga, er skildringa av bruken av norske velferdsordningar
avgrensa. Med den kjennskapen ein no har er det ikkje grunnlag for å hevde
at det er ein utstrakt bruk av norske velferdsordningar. Regjeringa tek
sikte på at overgangsordningane blir vidareførte
for inntil ein treårsperiode. Eventuelle konsekvensar for velferdsordningane
av at ein har overgangsordningane, vil difor også gjelde
for ein kort periode. Men Regjeringa legg til grunn at overgangsordningane
i nokon mon medverkar til å lette presset på velferdsordningane.
Eventuelle tiltak som blir sette i verk for å motverke sosial
dumping og svart arbeid, vil kunne føre til auka kostnader.
Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med arbeidet med
dei enkelte tiltaka.
Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet har fått
nye oppgåver knytte til tilsyn med lønns- og arbeidsvilkår etter
utlendingslova og allmenngjeringslova. Tilsynsetatane
har fått auka ressursar for å kunne ta hand om dette
utvida ansvaret. Om det vil bli behov for å auke ressursane
ytterligare på grunn av auka ansvarsområdar, så vil
dette eventuelt bli handsama i dei ordinære budsjettprosessane.