Sammendrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2006 som følgje av reguleringa.

Det blir gjort greie for for drøftingane mellom staten og tidlegare Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 2 193 frå 1. mai 2006.

Det blir uttala at staten i drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for trygdeoppgjeret som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003).

Organisasjonane fremja et krav om oppregulering av grunnbeløpet med kr 2 418 fra 1. mai 2006 til kr 63 117 som innebar ei lønnsvekst for pensjonistane på ca. 3,75 prosent. Statens tilbod på ein auke på kr 2 193 til kr 62 892 fra 1. mai 2006 innabar ei årslønsvekst for pensjonistar på 3,5 prosent.

Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet i folketrygda med kr 2 193 til kr 62 892 frå 1. mai 2006. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,5 prosent frå 2005 til 2006.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med kr 3 936 pr. år til kr 112 788 pr. år. For ektepar og sambuande der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med kr 7 200 pr. år til kr 206 712 pr. år.

Meirutgiftene ved framlegget vert på om lag 3 890 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane, jf. St.prp. nr. 69 (2005-2006).

Tabellen nedanfor viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.1990 - 30.04.2007. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre født før 1941

Einslege

Ektepar

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 290

1)

5 441

1)

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 688

2)

6 307

2)

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 775

3)

7 148

3)

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 648

4)

7 304

4)

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 088

5)

8 424

5)

87 648

4)

7 304

4)

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 484

4)

7 457

4)

1.01.95-30.04.95

6)

61 512

5 126

103 992

8 666

89 484

4)

7 457

4)

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.98

7)

69 360

5 780

117 456

9 788

105 612

8 801

1.05.98-30.04.99

9)

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 200

10)

15 100

141 300

11 775

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 248

11)

15 854

146 064

12 172

1.05.05-30.04.06

108 852

9 071

199 512

12)

16 626

150 840

12 570

1.05.06-30.04.07

112 788

9 399

206 712

17 226

156 288

13 024

1 Frå 1.01.1991.

2 Frå 1.01.1992.

3 Frå 1.01.1993 (pga. heva aldersgrense).

4 Født før 1943 (1.01.26-31.12.42).

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.94. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

7 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.97. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

8 Auking av garantert poengtal frå 3 til 3,3.

9 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.98. Ordinær sats er 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunn­beløpet.

10 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003.

11 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004.

12 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Kilde: Rikstrygdeverket.

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2005. Grunnen er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane auka med 3,3 prosent frå 2004 til 2005. For ektepar og sambuande med minstepensjon var auken 4,9 prosent frå 2004 til 2005. Lønsveksten for lønstakarar i alt var 3 prosent frå 2004 til 2005.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2006 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvenser for krigspensjoneringa, og for 2006 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 14 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 20 mill. kroner for 2006.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 19 mill. kroner, og at løyvingane til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 28 mill. kroner.

Komiteen har mottatt brev fra departementet vedrørende rettelser i proposisjonen. Rettelsene gjelder endringer i vedtaksdelen under kap. 2652 post 70. Brevet ligger vedlagt innstillingen.