Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, fra Senterpartiet, lederen Ola Borten Moe, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til Dokument nr. 8:96 (2007–2008) fra stortingsrepresentantene Torbjørn Hansen, Elisabeth Røbekk Nørve, Gunnar Gundersen og Bent Høie om å fjerna marknadsreguleringa på svin. Forslagsstillarane viser til at WTO-avtalen er under reforhandling, og at det er grunn til å tru at det vil koma endringar som inneber at den norske landbrukspolitikken må leggast om ytterlegare. På denne bakgrunn meiner forslagsstillarane at det vil vera fornuftig å sette i verk tiltak no, og spesielt for produksjon av svin, som er ein produksjon der det etter forslagsstillarane sitt syn ligg godt til rette for deregulering, rett nok med overgangsordningar for ikkje å setja konkurransen i fare.

Komiteen viser til St.prp. nr. 69 (2007–2008) Om jordbruksoppgjøret 2008, der det går fram at partane i årets jordbruksoppgjer vart samde om å setja ned ei breitt samansett arbeidsgruppe som skal sjå nærare på moglege endringar i marknadsordningane for kjøtt og egg. I proposisjonen heiter det at:

"Utredningen skal ha en mer fleksibel prisdannelse og redusert AMS som siktemål, samtidig som det skal gjøres en nøye avveining i forhold til behov og muligheter for tiltak som kan bidra til stabilitet i prisdannelsen i gitte situasjoner. Det skal også vurderes hvordan ulike løsningsmodeller vil påvirke forutsetningene for og gjennomføringen av jordbruksavtalen og -forhandlingene, samt bidra til å gjennomføre landbrukspolitikken i tråd med vedtatte mål og retningslinjer. Endringer i markedsordningene må kunne gjennomføres fra 01.07.09, slik at Norges forpliktelser iht. WTO-avtalen overholdes."

Komiteen tek dette til etterretning, og meiner at eventuelle reformer i marknadsordningane for kjøtt og egg først må skje etter at arbeidsgruppa har gjort sitt arbeid. Komiteen føreslår på denne bakgrunn at saka vert lagt ved møteboka.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre viser til at forslagsstillarane er samde i at marknadsreguleringsordningane lenge har vore sentrale i den norske landbrukspolitikken, og at dei framleis vil vera det i lang tid framover. Desse medlemene viser til at forslagsstillarane peikar på at erfaringane med avviklinga av marknadsreguleringa for fjørfekjøtt har vore gode, og at dei meiner at dette kan vera eit døme på at avvikling av marknadsreguleringar kan ha positive konsekvensar. Desse medlemene strekar under at norsk svineproduksjon ikkje fullt ut kan samanliknast med fjørfeproduksjonen, mellom anna fordi svineproduksjonen ikkje har tilsvarande produksjonsregulering gjennom kontraktstyring som norsk kyllingproduksjon. Desse medlemene viser dessuten til at svineprodusentane stort sett har si inntekt knytt til prisuttak i marknaden. Det er difor avgjerande at det er mogleg å stabilisera prisane til produsentane for å kunna oppfylla Stortinget sine mål for landbrukspolitikken.

Desse medlemene er samd med forslagsstillarane i at ein ny WTO-avtale vil kunne endra grunnlaget for norsk landbrukspolitikk på sentrale områder. Desse medlemene strekar samstundes under at norsk landbrukspolitikk også etter at ein ny WTO-avtale har kome på plass, framleis skal vera ambisiøs og tilpassa norske høve og målsetnadar, og at det er mest fornuftig at Noreg utformar sin landbrukspolitikk når me veit kva rammer ein ny WTO-avtale vil innebera.

Desse medlemene viser til brevet frå landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen, datert 15. mai 2008, vedlagt, der det vert vist til at Noreg også i gjeldande WTO-avtale må gjera tilpassingar i landbrukspolitikken. Den norske kostnadsutviklinga gjer at det no er naudsamt med visse endringar i pris- og marknadsordningane for å leggja til rette for prisaukingar, samstundes som Noreg sine forpliktingar i WTO-avtalen vert etterfølgte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at det skjer en betydelig omstilling i norsk jordbruk og at det er behov for en modernisering av jordbrukspolitikken for å møte fremtidens behov. Disse medlemmer viser til at Høyres forslag om en stortingsmelding om en fremtidsrettet jordbrukspolitikk, Dokument nr. 8:79 (2006–2007), ble avvist av regjeringspartiene. En slik stortingsmelding ville gitt en gjennomgang av markedsordningene som nå er besluttet av avtalepartene, i tillegg til en bredere gjennomgang av næringen.

Disse medlemmer er glad for at avtalepartene nå erkjenner behovet for reformer på området, og er positive til at det nå åpnes for endringer i markedsordningene. Disse medlemmer ser at det kan være naturlig å se en deregulering av markedsordningene for kjøtt og egg i en bredere sammenheng slik partene går inn for, og støtter på denne bakgrunn at forslaget om å fjerne markedsreguleringen for svin vedlegges protokollen.