Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap
og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving
og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane
går det òg fram overført løyving frå 2011 til 2012 og overført løyving
frå 2012 til 2013. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld
og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard,
statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn
over aksjar som staten eig.
Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet
og rekneskapsførte tal (i tabellane i statsrekneskapen kan det vera
avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor
summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen). Det er lagt vekt
på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 er
det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken.
Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten
i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg
og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg
omtala. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for
seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala,
og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for
2012 er 1 290,7 mrd. kroner, medan utgiftene er 996,1 mrd. kroner,
jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Nettoinntektene
frå petroleumsverksemda er 395,5 mrd. kroner, med 421,1 mrd. kroner
i inntekter og 25,6 mrd. kroner i utgifter. Netto kontantstraum
frå petroleumsverksemda vart overført til Statens pensjonsfond utland.
Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar
er på 869,6 mrd. kroner, medan utgiftene er på 970,5 mrd. kroner.
Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 100,9
mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2012
vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 104,6 mrd.
kroner. Dette vart dekt med overføring frå Statens pensjonsfond
utland. Statsrekneskapen for 2012 vert dermed gjord opp med eit
overskot på 3,7 mrd. kroner.
Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet
for 2012 er no rekna til 105,1 mrd. kroner. Dette er om lag 4 mrd.
kroner mindre enn ved nysalderinga av statsbudsjettet 2012, der
det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2012 vart rekna til
109,2 mrd. kroner.
Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond vart
115,3 mrd. kroner. Desse inntektene inngår i samla oppstilling over
statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk
for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.2. Overskotet
i Statens pensjonsfond vart 406,2 mrd. kroner, og til saman vert
statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot
på 409,9 mrd. kroner i 2012.
Ved utgangen av 2012 var den bokførte verdien av
Statens pensjonsfond utland (SPU) 3 824,5 mrd. kroner. Det er 516,6
mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2011. Overskotet i Statens
pensjonsfond utland auka kapitalen med 400,6 mrd. kroner, jf. tabell 1.2,
medan andre tilhøve auka kapitalen med 116,0 mrd. kroner. Valutakursreguleringar,
som følgje av styrkt kronekurs, minka kapitalen i fondet med 219,6 mrd.
kroner, medan netto realiserte og urealiserte vinstar og tap auka
kapitalen i fondet med 335,6 mrd. kroner.
I 2012 auka kapitalen i Statens pensjonsfond
Noreg med 15,6 mrd. kroner, frå 129,5 mrd. kroner til 145,1 mrd.
kroner. Årsaka er renteinntekter og utbyte på knapt 5,7 mrd. kroner
og 10,0 mrd. kroner i samla netto realiserte og urealiserte vinstar
på aksje- og renteplasseringane.
Ein viser til nærare omtale i meldinga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen,
lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole
Teigen, fra Fremskrittspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen,
Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar
Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti,
Geir-Ketil Hansen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa,
fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild
Tenden, tar redegjørelsen til orientering, og viser for
øvrig til Dokument 1 fra Riksrevisjonen, som blir behandlet i kontroll-
og konstitusjonskomiteen.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 3 (2012–2013) – om statsrekneskapen 2012
– vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 6. juni 2013
Torgeir Micaelsen |
leder og ordfører |