1.1 Samandrag

Kapittel 2 handlar om finansnæringa og utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. I kapitlet er det mellom anna greidd ut om det makroøkonomiske biletet, tilhøva på finansmarknadene, risikoutviklinga for finansinstitusjonane og soliditeten og resultata i institusjonane. Det er òg teke med ei analyse av konkurransesituasjonen i den norske bankmarknaden.

Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre sentrale initiativ til regelverksendringar på finansmarknadsområdet.

Kapittel 4 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2013.

Kapittel 5 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2013 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd. Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2013. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet i 2013, medan kapittel 8 inneheld ei omtale av verksemda til Statens finansfond i 2013.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, frå Venstre, Terje Breivik, og frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, tek omtalen til orientering. Komiteen viser til at det var open høyring om denne saka torsdag 15. mai 2014 der sentralbanksjef Øystein Olsen var særskilt invitert. Referat frå denne høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.