1.2 Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa
er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering
av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje
har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer
ikkje på rettskrav, lov eller forskrift og blir gjerne omtala som
gåvepensjon.
Proposisjonen gjeld
lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak
sjølv borgarar i landet der dei arbeider.
Lokalt tilsette ved
norske utanriksstasjonar skal sikrast gjennom lokale trygde- og
forsikringsordningar, jf. Utanriksinstruksen.
Dei aller fleste
lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale ordningar. I nokre tilfelle
kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller
at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå
statskassa.
Eventuell yting frå
lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.
Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna
som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden
for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen
blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar
kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon
blir utsett.