Odelstinget - Møte mandag den 28. mai 2001 kl. 13.20

Dato: 28.05.2001

Formalia

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten vil gjere framlegg om at det blir valt ein setjepresident for Odelstingets møte i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten ber om framlegg på setjepresident.

Odd Roger Enoksen (Sp): Jeg foreslår Magnhild Meltveit Kleppa.

Presidenten: Magnhild Meltveit Kleppa er føreslegen som setjepresident. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og Magnhild Meltveit Kleppa er samrøystes vald som setjepresident for Odelstingets møte i dag.