Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til helseministeren:

Astma og bronkitt hjå born aukar, og medfører store plager for dei som blir ramma.

På kva måte meiner helseministeren vi kan førebyggje denne utviklinga?

Statsråd Gudmund Hernes: Under handsaminga av St.meld.nr.37 (1992-1993), Utfordringer i helsefremmende og forebyggende arbeid, vart det vedteke at astma, allergi og inneklimasjukdomar skal vere eitt av hovudsatsingsområda i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i Noreg i åra framover. For å følgje opp denne målsetjinga, sette Sosial- og helsedepartementet våren 1995 ned ei ekspertgruppe for å utarbeide ei oversikt over den kunnskapen som eksisterer på området. Denne rapporten ligg føre no.

Dei fleste meiner at det har skjedd ein auke i førekomsten av astma og allergi i store delar av verda. Ein er likevel blitt meir varsam når det gjeld storleiken på auken. Til dømes konkluderer ein ny britisk rapport med at auken kan ha vore 50 % i løpet av dei siste 30 åra. Også i Noreg kan det sjå ut som om det har vore ein auke i astma og allergisk sjukdom. Når fleire i dag får slike diagnosar, kan det bety at det har skjedd ein reell auke i talet på dei som har slik sjukdom, men det kan òg bety at fleire menneske i dag får rett diagnose og betre behandling. Det er liten tvil om at det har funne stad ei endring i diagnostikk og handsaming av astma og allergiske sjukdommar. Det at ein no er meir merksam på plager som kjem av astma og allergi, kan, saman med endra diagnosesetjing, forklare iallfall ein del av den auken vi ser når det gjeld allergiske sjukdommar. Fordi vi ikkje har fullgode studiar av førekomsten av astma og allergi over tid i Noreg, er det derfor noko uvisst om det har funne stad ein reell auke når det gjeld astma og allergi i den norske befolkninga, sjølv om ein auke er mogleg.

Men anten det er fleire som har astma og annan allergisk sjukdom eller ikkje i Noreg, er desse sjukdommane eit stort helseproblem: Dei er som gruppe ein av dei viktigaste folkesjukdommane våre, og dei råkar i særleg grad barn og ungdom.

Effektive tiltak mot uvikling av astma og allergiske sjukdommar har som føresetnad at vi kjenner årsakene til desse plagene. Trass i mange populære meiningar har vi lite sikker kunnskap om årsakene til at astma og allergi utviklar seg. Forsking om astma og allergiske sjukdommar er derfor viktig. Dette feltet er derfor m.a. teke med i Norges forskningsråd sitt nystarta forskingsprogram « Inneklima og helse » og « Miljøforurensing og helse », som begge får monaleg økonomisk støtte frå departementet.

Med grunnlag i rapporten frå ekspertgruppa tar vi no sikte på konkrete tiltak som skal munne ut i ein tverrdepartemental handlingsplan på området. Årsakene til astma og bronkitt er særs komplekse, noko som inneber at ein må arbeide systematisk over ein brei front samstundes og over lang tid. Dei fleste og dei beste tiltaka er allmenne, dvs. tiltak som treff dei breie lag av folket. Det kan vere lokale tiltak innan inneklima, inkludert tiltak mot passiv røyking, forureining frå biltrafikk, utslepp av kjemiske stoff frå industri, og det kan vere langsiktige tiltak, slik som areal og vegplanlegging, planlegging av skulebygg der helsehensyn vert lagde inne frå første skisse, osb.

I tillegg til dette vil det vere viktig å få ein snøggare og meir effektiv diagnostikk av allergiske sjukdommar og kompetanseheving hos nøkkelpersonell. Mykje av grunnlaget for helse seinare i livet når det gjeld astma og allergi, vert truleg lagt i den aller første levetida, og både forsking og tiltak må derfor særleg ta for seg tilhøve som gjeld dei små barna.

I dette ligg at det førebyggjande arbeidet, herunder arbeidet med astma og bronkitt, må styrkjast i kommunane, m.a. ved at kommunane tar dette med i sitt plansystem. Arbeidet til departementet må ta sikte på å hjelpe og støtte kommunane i deira arbeid. Mellom anna arbeider Statens helsetilsyn med ein metode for systematisk kartlegging og vurdering av dei ulike miljøfaktorane i samanheng - ein risiko-, sårbarheits- og ressursanalyse. På bakgrunn av denne kartlegginga vil kommunane kunne lage tiltaksplanar. Kommunane har etter kommunehelsetenestelova plikt til å arbeide systematisk førebyggjande. Gjennom fagleg støtte og tilsyn vil staten følgje opp dette.

Laila Kaland (A): Eg må få takke statsråden for eit både godt og fyldig svar.

Eg er svært glad for at astma, allergi og inneklimasjukdommar skal vere eit av hovudsatsingsområda i tida framover. Eg kjenner godt til at astma og bronkitt inneber ein alvorleg situasjon for dei familiane som blir ramma.

Eg er også glad for at ein på tverrdepartementalt plan skal kome saman og diskutere problema. Eg trur det er viktig at Samferdselsdepartementet og Helsedepartementet kjem saman og diskuterer ikkje minst dei påstandane som ein har sett i avisene i det seinare, f.eks. om bruk av piggdekk, om veldig dårleg inneklima i barnehagane og om mange slike problem, som nok kan vere populistiske, men det er viktig at vi iallfall får kartlagt slike plager som folk opplever som svært urovekkjande.

Eg er også glad for at det blir peika på at ein i kommunane må få større kompetanse når det gjeld helsetenestene, slik at styresmaktene der i større grad kan gå ut med meir informasjon til dei som blir plaga av desse problema.

Men elles: igjen takk for eit godt svar.